Norborg2 – Ravn 3-4

Norborg 2. lag – Ravn 3-4 (1-3)
Uggedal KGB, 18.10.11

Sjansar: 7-9 / cornere: 7-6

1-0 Trym Nyland (4)
1-1 Tore Nedrevold (19)
1-2 Eivind Grøtt Ulla (24)
1-3 Trond Hamre (31)
1-4 Tore Nedrevold (49)
2-4 Johan Stavik (73)
3-4 Johan Stavik (75)

Ravn såg ut til å ha full kontroll på sine naboar då vi gjekk inn i dei tjue siste minutta, men to raske mål av innbyttar Johan Stavik skapte nerve det siste kvarteret. Norborg2 hadde sine sjansar til å utlikne, men Ravn haldt unna og kunne juble for årets første bortesiger.

Norborg2 kom best i gong under gode, men kalde speletilhøve i Uggedalen tysdag kveld. Allereie i det 4. speleminutt bankar Trym Nyland ballen i nota etter at dommar brukte fordelsparagrafen etter at Kristian Søviknes vart felt innafor straffefeltet. Ravn vakna etter målet og Kim Krogseter har to gode sjansar til å utlikne, men keeper Kenneth Hånde er med på notene.

Ravn fortsette å male på og no kom også effektiviteten. Tore Nedrevold skyt i mål frå 19 meter. Eivind Grøtt Ulla sette inn 1-2 etter ein perfekt corner av Tore Nedrevold. Etter dryge halvtimen hamrer Trond Hamre inn 1-3 frå 25 meter. Ravn går dermed fortent til pause med 1-3 leiing mot eit litt nølande heimelag.

Fire minutt ut i 2. omgang sette Tore Nedrevold inn 1-4 åleine med keeper og kampen ser ut til å vere punktert. Like etter har Jørn Heggelund sjansen til å sette spikeren i kista, men skyt utanfor åleine med keeper frå litt skrått hald. Ravn har kontroll, og Norborg2 skaper nær sagt ingenting offensivt. Men så entrar Johan Stavik banen. Med si fart ga han Ravn store problem og gav kampen ny spenning då han scora to mål på like mange minutt. Først spring han frå forsvaret og scorar åleine med keeper etter ein stikkar i bakrom av Kristian Søviknes. så headar han inn ein corner også slått av Søviknes. 3-4, og eit kvarter igjen på uret.

Norborg2 fortsette å skape sjansar. Steffen Grytten er nær utlikning då han drar av ein mann og skyt centimetere utanfor lengste kryss. To minutt før slutt er det berre fingertuppane til keeper Kristian Osvik som hindrar utlikning då Noralf Gamlem er igjennom. Fleire mål vart det likevel ikkje i Uggedalen denne kvelden sjølv om også Knut Egil Lid fekk ein gedigen sjanse like før slutt, men keeper Kenneth Hånde reddar meisterleg headinga frå kloss hald.

Kampen sett under eitt så var det greit med siger til Ravn, sjølv om vi synst litt synd på våre eigne gutar som jobba så knallhardt for utlikning i dramatiske sluttminutt. Trass tap kan vi slå fast at det var ei positiv oppleving for Norborg2 som har slete den siste tida med både mannskap og resultat.

Laget: Kenneth Hånde – Kristian Furnes (Per Kristian Stavik, 16) (Noralf Gamlem, 77), Marius Gamlem, Torgeir Garshol, Ole Henrik Hildrestrand – Trym Nyland /Martinus Grytten, 41) (T. Nyland, 54), Steffen Grytten, Kristian Søviknes, Bee – Alf Røren (Johan Stavik, 62) – Biarte Hånes (K. Furnes, 24).

Ravn: Kristian Osvik – Bent Erik Nedrevold, Øyvind Farstad, André Fjørtoft, Øystein Tennfjord – Kim Krogseter, Eivind G. Ulla, Tore Nedrevold – Trond Hamre, Knut Egil Lid, Jørn Heggelund. Innb.: Anders Berg, Christopher Urkedal og Håvard Lid.


Johan Stavik sette fart i Norborg2 då han kom inn siste halvtimen. To mål var likevel ikkje nok til å gi oransjetrøyene poeng.