Norborg – Larsnes/Gursken 0-1

Norborg – Larsnes/Gursken 0-1 (0-0)
4. divisjon, Uggedal KGB, 16.04.2016

Sjansar: 4-6
Cornere: 7-10

0-1 Stian Ristesund (50)

Eit skot heilt oppe ved krysset av Stian Ristesund var det som skilde laga i serieopninga på Uggedal kgb. Kampen var forhaldsvis jamn og sjansefattig.

Jamn kamp mot ei betre utgave av L/G enn vi såg i fjor. Dei får målet sitt i andre litt ut av intet, og når vi blåser våre to gode sjansar over tverrliggeren så vil det ikkje seg heilt. Vi får brette opp ermene å satse med ny frisk mot i neste kamp, sa trenar Kristian Søviknes etter kampen.

Norborg greidde ikkje å utnytte vinden i ryggen dei første 45 minutta og måtte gå til pause med 0-0.  Av dei få sjansane som vart skapt så hadde Larsnes/Gursken den største då Johnny Moltubakk kom seg fri, men keeper Geir Roar Gamlem gjorde ei kanonredning. Elles hadde målvaktene ein særs roleg omgang.

Fem minutt ut i 2. omgang rota Norborg bort ballen på eigen halvdel. Etter nokre trekk så havna ballen hos Stian Ristesund, som fekk god tid til å vende opp og klinke ballen i nota oppe ved krysset til 0-1. Larsnes/Gursken var best dei første tjue minutta av 2. omgang og måtte sjå Nikolai Jensen redde eit forsøk på strek, samt ei god redning av Gamlem.

Norborg prøvde å løfte spelet sitt og flytta Hans Edvard Nordang opp frå stopparplass til spiss for å få meir duellkraft framme. Nordang skulle også få Norborg sine to sjansar i denne omgangen. Først avslutta han eit frisparkinnlegg frå Christian Sæther over mål frå 7-8 meter. Så dunka han ballen knallhardt over mål åleine med keeper åtte minutt før slutt.

I sluttminutta greidde ikkje Norborg å legge press på gjestane og kampen ebba ut med 0-1. Norborg sitt første heimetap i serien sidan oktober 2014.

Totalt sett så vann Larsnes/Gursken fortent. Dei greidde å halde meir på ballen og var fysisk sterkare.

Norborg sin bestemannspris gir vi til Geir Roar Gamlem. Han hadde eit par gode redningar og var sjanselaus på målet.

Laget: Geir Roar Gamlem – Jonas Finstad Austnes, Kristoffer Søviknes, Hans Edvard Nordang, Jan Tore Fjørtoft – Ole Johan Urke (Nikolai Jensen, 43), Christian Sæther (Denis Sjåstad, 90), Marius Finstad Austnes, Fredrik Krogsæter (Pedro Silva, 61) – Ole-Kristian Aarseth, Magnus Seth (Per-Stian Alvestad, 82).

Dommar: Bjarte Steinsbu (Brattvåg)
Assistentar: Dag Harald Moldskred (Hareid) og Oddbjørn Hatlehol (Brattvåg)

God jobb av dommartrioen.