Rollon – Norborg 4-2

Rollon – Norborg 4-2 (2-1)
Rollon KGB, 18.04.13

Sjansar: 12-9
Hjørnespark: 7-5

0-1 Cato Longva (23)
1-1 Jonas Nordal (33)
2-1 Erik Øiehaug (43)
3-1 Erik Øiehaug (75)
3-2 Kristoffer Søviknes (83)
4-2 Johan Strand (87)

Norborg greidde heller ikkje denne gong å vinne i Larsgården og måtte sjå seg slått 4-2. – Kamp under pari og marginar imot då blir det sjeldan poeng. Vi får hevne oss på Emblem neste veke heime i Uggedalen, sa visekaptein Kristian Søviknes etter kampen.

Norborg kom likevel best i gong og var hakket kvassare enn heimelaget fram til Cato Longva vidareformidla eit innlegg frå Kristian Søviknes i mål. Like etter har Kristoffer Søviknes ein stor sjanse til å doble leiinga, men avslutninga gjekk utanfor. I løpet av det siste kvarteret tok Rollon over spelet og pressa Norborg. Jonas Nordal prikka inn utlikninga tolv minutt før pause med eit skot like utanfor 16 meteren, medan Erik Øiehaug heada heimelaget i føringa like før pause. Totalt sett ein jamn og relativt sjansefattig omgang.

 

I 2. omgang opnar kampen seg meir opp og vi får sjå ein sjanserik og underhaldande omgang. Norborg er nær utlikning ved eit par høve dei første minutta, men kom ikkje nærmare enn eit stolpetreff av Elling Mikal Kalvø. Rollon rista etter kvart av seg pausekvilen og har ballen mest etter pause. Norborg er heller ikkje ufarlege, men gjer uvanleg mange enkle tekniske feil. Dryge kvarteret før slutt skal det likevel stå 2-2 då Kristoffer Søviknes blir spelt fri og er åleine med keeper, men i staden for å sette ballen i mål sentrer han til Knut Øyvind Grytten som blir kontant takla. I staden for 2-2 kontrar Erik Øiehaug inn sitt andre og Rollon sitt tredje på eit 60 meters løp før han sette ballen i nota åleine med keeper Joakim Kjærstad. I dei siste ti minutta er Rollon best, men Kristoffer Søviknes skaper ny spenning då han headar inn redusering. Nærmare kom ikkje Norborg, og Johan Strand fastsette sluttresultatet då han frå liggande posisjon skyver ballen i mål med hendene etter eit frispark. Alt i alt ein temmeleg jamn kamp der Norborg hadde sine sjansar til å få med seg poeng, men totalt så var Rollon hakket best denne gong og vann fortent.

Neste kamp for Norborg er heime mot Emblem torsdag 25. april.

Laget: Joakim Kjærstad – Kristian Søviknes, Elling Mikal Kalvø, Hans Edvard Nordang (Daniel Aakre, 79), Tarjei Urkedal – Ole Johan Urke (Knut Øyvind Grytten, 37), Even Vestavik, Frank Dalhaug (Alexander Eide, 77), Adrian Håbet (Erlend Coates, 79) – Cato Longva (Preben Lorgen, 79), Kristoffer Søviknes.

Dommar: Jan Lund (Blindheim)

På blokka:

3 min: Farleg frispark av Norborg. Nordang til Håbet som headar inn til Longva som stussar til Søviknes som avsluttar utanfor.
16 min: Jonas Nordal skyt frispark i tverrliggjaren frå 23 meter.
23 min: 0-1. Longva vidareformidlar eit innlegg frå Snes i mål.
30 min: Håbet legg inn til Søviknes som avsluttar utanfor frå kloss hald.
31 min: Johan Strand med gigantisk sjanse frå kloss hald, men imponerande reaksjonsredning av Kjærstad.
33 min: 1-1. Nordal scorer med eit velplassert skot frå 17 meter.
43 min: 2-1. Erik Øiehaug header Rollon i føringa.

49 min: Vestavik header eit frispark like utanfor.
50 min: Kalvø stussar frispark i stolpen og ut.
54 min: Rollon-spelar får stå heilt åleine på kanten av 5 meteren, men sleiver ballen utanfor.
59 min: Longva header rett i klypene til keeper frå kloss hald.
60 min: Johan Strand med stor sjanse, men feier ballen utanfor.
62 min: Torkil Rørvik skyt like utanfor frå 16 meteren.
68 min: Svakt skot frå god posisjon av Rollon.
71 min: Nordang hader frå 3 meter, men keeper reddar.
72 min: Søviknes åleine igjennom, men sentrer til Grytten som blir kontant takla.
75 min: 3-1. Øiehaug kontrar inn sitt andre mål for dagen.
81 min: Stor Rollon-sjanse, men Kjærstad reddar godt.
83 min: 3-2. Søviknes headar inn reduseringa etter legg frå Urkedal.
87 min: 4-2. Johan Strand fastsette sluttresultatet då han skyver ballen i mål etter frispark.