Norborg – Stordal 6-1

Norborg – Stordal 6-1 (2-1)
Uggedal stadion, 23.05.13

Sjansar: 12-4
Cornere: 7-3

1-0 Cato Longva (9)
1-1 Andreas Kirkebøe (11)
2-1 Cato Longva (45+2)
3-1 Cato Longva (46)
4-1 Christian Sæther (48)
5-1 Ole-Kristian Aarseth (87)
6-1 Even Vestavik (90)

Norborg sendte Stordal heim som slakt etter ein god 2. omgang. Før pause viste Stordal langt større vilje enn heimelaget og var fullt på høgde, men Norborg var framfor i målprotokollen etter to mål av Cato Longva. Trenar Oddmund Otterlei stilte følgande spørsmål til spelarane sine i pausa: – Vi leiar 2-1, men er oss nøgde med omgangen? Svaret var eit rungande nei. Pausepraten hjalp tydeleg, for Norborg viste seg frå ei heilt anna side i 2. omgang. Aggressiviteten var tilbake og med to mål på tre minutt var i grunn kampen avgjort. Stordal sine spelarar var sletne og Norborg kunne innkassere årets første storsiger på eige gras.

– Ein veldig kjekke 2. omgang. Vi vise oss då frå ei god side og presterer årsbeste med å skape mange sjansar. Vi får opp innsatsen og rytma i angrepet. Flott at alle i troppen fekk vise seg fram frå ei god side i denne omgangen, sa trenar Otterlei etter kampen.

Om Norborg var gode etter pause var det lite som tyda på utklassingssiffer når laga gjekk til pause. Stordal var då fullt på høgde med heimelaget, og tidvis betre den første halvtimen. Begge lag scora på sin første sjanse. Norborg tok leiinga ni minutt ut i kampen då keeper Olav Rune Bratland gav retur på eit innlegg av Kristian Søviknes. Ballen gjekk til måltjuven Cato Longva som sette den i nota frå kloss hald. Gleda vart ikkje lenge for heimelaget. Minuttet seinare får Stordal frispark like utanfor 16 meteren. Andreas Kirkebøe sette ballen sikkert i nota.

Stordal viste ein langt større innsats og løpsvilje enn heimelaget etter måla, men det vart mykje nesten for gjestane med avslutningar frå ugunstige posisjonar og nokre farlege dødballar. Norborg og Tarjei Urkedal hadde eit par klare målsjansar, men den tidlegare storscorar Urkedal var ikkje kald nok i avslutningsaugenblinka. På slutten av omgangen ana vi at Stordal sine spelarar starta å gå tomme for krefter, og to minutt på overtid headar Cato Longva Norborg i føringa etter innlegg frå Ole Johan Urke. Heimelaget gjekk dermed til pause med 2-1 leiing i ein svak omgang.

I 2. omgang viste Norborg seg frå ei heilt anna side og kjørte tidvis over gjestane. Cato Longva fullfører sitt hat-trick 50 sekund ut i omgangen då han headar inn ein corner frå Ole Johan Urke. Eit par minutt seinare aukar Christian Sæther til 4-1 då han vann ballen framfor Stordal sitt straffefelt og scora åleine med keeper. Med Urke og Longva i hovudrollene så var Norborg nær ved å auke leiinga dei neste minutta før ein roa seg og Stordal fekk vere litt meir med på leiken og var nær ved å redusere ved eit par høve.

Norborg nytta heile troppen og innbytarane viste at dei held bra nivå. Tre minutt før ordinær tid var over viste 16-åringen Ole-Kristian Aarseth klasse då han fekk ballen av Alexander Eide, dribla av ein spelar og sette ballen iskaldt tverrliggjar inn frå 16 meteren til 5-1. Alpintalentet sitt første A-lagsmål. Norborg fortsette å trykke på i sluttminutta og auka til 6-1 ved banens bestemann Even Vestavik. Han mottok ballen like utanfor 16 meter frå Eirik Tomren og avslutta med eit skot som glapp under keeper og i mål.

Ein god og underhaldande omgang der Norborg fekk mykje rom mot trøytte gjestar.

Neste kamp for Norborg er borte mot ÅVK. Kampen er oppsett på torsdag sidan Norborg hadde tenkt å ta båt til Eidså, men båten er ute av drift så Norborg vil flytte kampen til laurdag 1. juni.

Laget: Joakim Kjærstad (Ronald Søvik Olsen, 83) – Kristian Søviknes (Eirik Tomren, 83), Elling Mikal Kalvø, Hans Edvard Nordang (Preben Lorgen, 83), Daniel Aakre – Ole Johan Urke (Knut Øyvind Grytten, 60), Christian Sæther (Frank Dalhaug, 60), Even Vestavik, Tarjei Urkedal (Ole-Kristian Aarseth, 70) – Cato Longva (Alexander Eide, 72), Kristoffer Søviknes.

Dommar: Zenun Murati (Giske)
Assistentar: Øyvind Kringstad (Valder) og Birger Breivik (Volda)

God jobb av dommertrioen.


Ole-Kristian Aarseth, Cato Longva, Even Vestavik og Christian Sæther.