Norborg – Spjelkavik 0-1

Norborg – Spjelkavik 0-1 (0-0)
Uggedal stadion, 25.08.11

Sjansar: 5-7

0-1 Stian Mauren (65)

Dommar: Jan Lund (Blindheim)

Lita tue kan velte stort lass. Stian Mauren senka Norborg då han vann ballen utanfor 16 meteren, dribla tre mann og sette den i nota.

Spjelkavik kom best i gong på Uggedal stadion torsdag kveld og kom seg til tre sjansar det første kvarteret. Etter dette fekk Norborg orden på det defensive, men sleit med pasningskvalitet og rørsla offensivt. Vi fekk dermed sjå ein dønn keisam siste halvtime av 1. omgang.

Etter kvila opna kampen seg opp og vi fekk sjansar begge vegar. Norborg opna omgangen best og allereie i det første minuttet spelte Cato Longva fri Asgeir Kalvø, men avslutninga vart redda av keeper. Litt etter er det Cato sjølv som får sjansen etter ei tabbe av Spjelkavik sin stoppar, men avslutninga gjekk utanfor. Norborg burde ha tatt leiinga i denne gode perioden, men så får Stian Mauren ballen utanfor 16 meteren. Han mister den først til Elling Mikal Kalvø, men vinn den tilbake og runder tre spelarar før han sette den i nota bak keeper Joakim Kjærstad, som ikkje bør vere nøgd med sine forsvarar i dette tilfellet. Norborg burde hatt full kontroll i denne situasjonen.

Norborg hadde sine sjansar ved Asgeir og Cato på slutten av kampen, men greidde ikkje å finne nettmaskene. Dermed vann Spjelkavik 0-1 i ein lite velspelt kamp.

Laget: Joakim Kjærstad – Kristian Søviknes, Kjell-Terje Brusdal (Hans Edvard Nordang, 77), Elling Mikal Kalvø, Preben Lorgen (Skjalg Volstad, 58) – Stian Myklebust (Johan Stavik, 69), Adrian Håbet, Steffen Grytten (Alexander Eide, 77) – Asgeir Kalvø, Cato Longva, Marius Rogne (Kristian Furnes, 83).

Dommar: Jan Lund (Blindheim)