Herd – Norborg 7-1

Herd – Norborg 7-1 (3-0)
Herd KGB, 15.05.09

11 sjansar 4
12 avslutningar på mål 6
5 avslutningar utanfor 4
10 cornere 2

1-0 Lasse Olsen (6)
2-0 Pål Erik Ulvestad (str. 13)
3-0 Andreas Ulvestad (45)
4-0 Vegard Bruland (62)
5-0 Andreas Ulvestad (str. 72)
6-0 Eirik Dalhus (83)
6-1 Adrian Håbet (84)
7-1 Jostein Pareliussen (87)

Dommar: Rolf Kåre Almenning (Florø)

Laget: Geir Roar Gamlem – Stein Erik Reitan, Roger Grytten (Kristian Søviknes, 46), Morten Kalvø, Kristian Furnes (Jan Even Drønnesund, 72) – Skjalg Volstad (Bee, 68), André Larsen (Johan Stavik, 66), Steffen Grytten, Adrian Håbet – Elling Mikal Kalvø – Tarjei Urkedal

Herd kosa seg nok ein gong mot Norborg og vann som i treningskampen før seriestart, 7-1. Norborg var likevel meir med på notane denne gong.

Av og til så er det andre laget så overlegne at ein går av bana utan å vere spesielt skuffa sjølv om ein har tapt. Slik følte vel mange av norborgarane det i kampen mot Herd. Norborg med sine eigenproduserte spelarar frå to små skulekrinsar med til saman 1600 innbyggarar mot Herd sitt stjernegalleri ispedd treningsivrige unggutar. Vilkåra er totalt forskjellege, men i fotball kan alt gå an. Difor gjekk Norborg på bana med tru, eller iallfall håp om poeng.

Norborg spelte seg fram til kampen sin første sjanse då Elling Mikal Kalvø vann ballen inne på Herd sin halvdel og fekk lagt inn. Ballen havna til slutt hos André Larsen, men avslutninga gjekk utafor.

Lett for Lasse
Trass denne sjansen vart det tidleg klart at David ikkje kom til å slå Goliat på denne solfylte og flotte ettermiddagen. Då klokka bikka fem minutt vinn Lasse Olsen ballen midt på Norborg sin banehalvdel. Han fossa mot 16 meteren og er litt heldig på vegen før han plasserar ballen ute ved lengste stolpe til 1-0.

Gåvepakke frå fjordane
Kampens dommar kom heilt ifrå Florø og hadde tydeleg fått solstikk på vegen til Moa. Han fekk særs lite med seg, men 12 minutt ut i kampen presterar han å dømme for hands då ein Herd-spelar vippa ballen opp i Morten Kalvø si hand frå 1 meter. Utruleg! Pål Erik Ulvestad gjer ingen feil frå straffemerket og sette ballen heilt oppe ved vinkelen.

Roger skada
Norborg gjer ein bra figur etter desse to mål og kjem seg blant anna til ein sjanse ved Tarjei Urkedal då han får skutt ifrå 16 meter, men keeper får slått til corner. Trass ein del skotforsøk blir det for enkelt, og like før pause kontrar Herd inn 3-0 ved Thomas Pedersen og Andreas Ulvestad. Diverre for Norborg så skada Roger Grytten kneet i duellen med Ulvestad og måtte ut. Det er uvisst kor lenge Roger blir borte frå fotballen.

Auka jamnt
Herd fortsette å vere det beste laget etter pausen, og fortsette å sette sjansane sine. Vegard Bruland ordna 4-0 frå omtrent død vinkel. Andreas Ulvestad sette inn 5-0 på ei riktig idømt straffe. Eirik Dalhus får stå fritt inne i Norborg sitt felt å heade inn 6-0.

60 på rad
Norborg brukar alltid å score mål. Ikkje sidan 31. mai 2007 har ein gått mållause av bana. Ei heller denne gong. Tarjei Urkedal mottek ballen på 16 meteren og greier med nokre 2 tomms 4 tomms finter å halde på ballen til Adrian Håbet kjem å snappar ballen å sette den klin i vinkelen. Dermed 60 kampar på rad med scoring for oransjetrøyene.

Herd hadde ikkje gitt seg for dagen, og ville ha siste målet. Det får dei ved innbyttar Jostein Pareliussen. Dermed 7-1 og null poeng til “David”. Men Snesen & co. fekk iallfall Oscar Sylte brusa si denne gong.. 😉

– Vi tapte for eit betre lag, var trenar Ivar Roald sin kommentar etter kampen. – Hadde vi vist same effektivitet i dei andre kampane som idag, så hadde vi stått med full pott, sa Herd-trenar Rune Ulvestad.

Få spelarar som utmerka seg på Norborg i denne kampen. Morten Kalvø var totalt sett den beste.

Neste kamp er heime mot AaFK2 fredag 22. mai kl. 1830.