Brattvåg – Norborg 2-0

Brattvåg – Norborg 2-0 (0-0)
Brattvåg KGB, 21.08.09

5 sjansar 2
5 cornere 2
4 avslutningar på mål 1
7 avslutningar utanfor 6

Tilskodarar: 305

1-0 Martin Sundnes (65)
2-0 Jan Tore Fjørtoft (74)

Dommar: Tove Marie Tandstad (VRF)
Assistentar: Jan Erik Bratteberg (Ørsta) og Per Ola Utgård (Hundeidvik)

Laget: Espen Wold – Elling Mikal Kalvø, Roger Grytten, Kjell-Terje Brusdal, Stein Erik Reitan – Skjalg Volstad, André Larsen (Bee, 70), Steffen Grytten (Kristian Søviknes, 63), Alexander Eide (Ole Johan Urke, 46) – Geir Ove Grønli (Kristoffer Søviknes, 67), Tarjei Urkedal.

I ein keisam og lite velspelt kamp tok heimelaget Brattvåg alle poenga i Haramsduellen.
– Nøgd med tre poeng, men ikkje over spelet, sa Brattvåg-trenar Rikard Vestre etter kampen.

Eit ekstra viktig lokaloppgjer då vinnaren truleg var ute av nedrykkstriden om Hareid skulle gå på tap i Volda. Dette såg ut til å prege både spelarar og tilskodarar det første kvarteret. Men etterkvart som Norborg tok makta på tribuna, var det Brattvåg som fekk eit lite spelemessig overtak på bana. Sjansar var det derimot lite av.

Få sjansar
Første skikkelege målsjansen var det Norborg sin Tarjei Urkedal som fekk etter stuss igjennom av Geir Ove Grønli. Norborg sin toppscorar var ikkje kald nok i avslutninga og sette ballen over Johan Vestre sitt mål. Halve omgangen var då spelt. I løpet av det siste kvarteret kom heimelaget sin Kristoffer Grønmyr seg til to store sjansar. Først lobbar han over både keeper og mål. Så kjem han ikkje skikkeleg over ballen og header ein corner over. Vi noterte då 2-1 i målsjansar til Brattvåg dei første 45 minutta. Skulle vi notert feilpasningar hadde vi gått tom for blekk.

Forsvarsfeil
2. omgang vart ikkje noko særleg meir underhaldande, men halvparten av dei som var på tribuna fekk det dei kom for. Nemleg tre poeng til Brattvåg etter mål av innbyttarane Martin Sundnes og Jan Tore Fjørtoft. 1-0 kom tjue minutt ut i omgangen då Øyvind Sundnes utnyttar ein forsvarsglipp og kjem seg fri inne i 16 meteren, legg ballen på tvers og Martin Sundnes får breiside ballen i mål. 2-0 kjem knappe ti minutt seinare. Då er det Jan Tore Fjørtoft som får stå åleine i feltet å putte Martin Sundnes sitt innlegg i nota. Norborg evna ikkje å slå tilbake det siste kvarteret og heimelaget tok alt i alt tre fortente poeng.

Brattvåg hadde tydeleg gjort heimeleksa si til denne kampen og stoppa effektivt Norborg sitt angrep. Val av bane hadde nok også litt å seie, for denne profiterte det meir “one-touch-spelande” Brattvåg-laget. Samstundes som heimelaget er meir vande med at ballen “luggar” i underlaget. Det mest overraskande var likevel at Brattvåg vann dei aller fleste duellane i lufta. Spesielt i 1. omgang var det i lufta ballen haldt seg. Då valgte nemleg også Brattvåg å slå mykje langt opp mot hovudsterke Hans Nordang.

– Vi gjer nok ein svak kamp mot Brattvåg. Det står ikkje på viljen, men denne gong strakk ikkje evna til, sa Norborg-trenar Ivar Roald etter kampen.

Dei fleste på Norborg gjorde ein kamp under pari, men Kjell-Terje Brusdal stod fram og gjorde ein god jobb i forsvar. Tarjei Urkedal jobba godt på topp og var med på å skape det lille Norborg hadde.

Norborg si neste oppgåve er heime mot Herd torsdag 27. august, medan Brattvåg skal ut i særs viktig bortekamp mot Hareid fredag.

På notisblokk:
-> 15 min: Nervøs opning. Brattvåg har hatt ballen mest og hatt flest situasjonar framfor mål.
23 min: Tarjei med kampens første sjanse. Frisparkoppspel, stuss Grønli, men Tarjei skyt over.
29 min: Kristoffer Grønmyr med gedigen sjanse åleine med Espen. Lobber over.
40 min: Grønmyr får stå åleine i feltet og header ein corner over.
49 min: Farleg corner av Norborg. Fleire avslutningar, men Brattvåg får avverja.
62 min: Tarjei runder høgrebacken og skjer inn mot mål, men upresis i avslutninga og ball til corner.
65 min: 1-0. Martin Sundnes puttar etter forsvarsbrølar.
73 min: Farleg Brattvåg-corner. Heading over.
74 min: 2-0. Jan Tore Fjørtoft er vaken og puttar, medan ein norborgar står å søv på feil side av spelar.
90+ min: Norborg greier endeleg å spele fem trekk før back Kalvø slår ballen inn i feltet. Synd ein trengte så lang tid på å få ned skuldrane