Sunnylven – Norborg 2-1

Sunnylven – Norborg 2-1 (2-0)
Hellesylt gras, 04.05.06

7 sjansar 9
3 cornere 4

1-0 Arne Storstein (33)
2-0 Alf Ole Sundgot (41)
2-1 Kim Idar Krogsethagen (53)

Dommar: Oddbjørn Hatlehol (Brattvåg)
Ass. dommarar: Odd-Even Svindseth (Sykkylven) og Frode Lyse (Stranda)

Norborg sine tre beste:
Kjell Terje Brusdal -8
Kim Idar Krogsethagen -7
Stein Erik Reitan -7

Laget: Kurt Erik Grytten – Stein Erik Alvestad, Knut Ivar Bjørlykhaug, Kim Idar Krogsethagen , Stein Erik Reitan – Martinus Grytten (Kjell Terje Brusdal, 46), Kristian Søviknes (Asgeir Kalvø, 77), Eirik York , Adrian Håbet (Tarjei Urkedal, 26) – Lennart Holmem, Ståle Hurlen

Eit aggressivt heimelag med klar fotballfilosofi tok ein noko heldig 2-1 siger over Norborg. Sunnylven vann duellane mot eit passivt Norborg-lag før pause og leia 2-0. Etter ei tidleg redusering etter kvilen var det stort sett spel mot Sunnylvsmålet, men det vart med det eine godkjende målet for Harams-laget.

I ein lite underhaldande, men spennande kamp, var det Norborg som fekk første skikkelege sjansen då Martinus Grytten smelte ballen på innsida av stolpen frå 18 meter. Dryge halve omgangen var då spelt, og kampen hittil hadde vore prega av lange ballar og luftkrig.

Heimelaget i føringa
“Tini” sitt stolpeskot trudde vi var startskotet for eit Norborg-press, men i staden var det Sunnylven som starta å få betalt for taktikken sin. Stadig oftare vann dei 2. ballen langt inne på Norborg sin banehalvdel og skaffa seg dødballar frå 30 meter og inn. Og det var på ein dødball første målet skulle kome. Sunnylven sin lille midtbaneterrier Jan Ove Aslaksen la eit frispark presist på hovudet til Arne Storstein som heada utagbart i mål frå 12 meter. Svakt forsvarsspel av Norborg her der enkelte fulgte med Sunnylven sine spelarar inn i 16 meteren, medan andre stod igjen å venta på offside.

Like etter var Norborg svært nær utlikning på eit brassespark av Lennart Holmem, men Tommy Torsvik redda godt. I staden var det Sunnylven som gjekk opp til 2-0 då Alf Ole Sundgot forfølgje eit framspel, når ballen først, og lobbar den elegant over Kurt Erik i Norborg-målet medan eit ras går nedover fjellsidene.

Årsverste
Norborg presterte årsverste i denne omgangen. Om det var dei for dagen kvite draktene som gjorde at pasningane ikkje traff medspelar, vitast ikkje, men forferdeleg pasningsspel, svake innlegg og liten duellvilje var gjennomgangsmelodien i denne omgangen.

Vellykkede skifter
Trenar Jan Egil Alstadsæter gjorde nokre omrokeringar på laget til 2. omgang. Kjell Terje Brusdal kom inn som midtstoppar, medan Kim Idar Krogsethagen vart flytta opp på midtbana. Norborg fekk då meir fart og balanse i laget. Norborg tok tak i kampen frå start av, og allereie før minuttet var spelt la Tarjei Urkedal godt inn til Eirik York, som heada over.

Tidleg redusering

Reduseringa lot likevel ikkje vente lenge på seg. Åtte minutt ut i omgangen legg Kristian Søviknes ein corner som vertane ikkje får klarert. Ballen havnar så til Kim Idar Krogsethagen som sende den i mål bak Torsvik. Bortsett frå eit par farlege kontringar ved Alf Ole Sundgot eig Norborg omgangen. Men med ein mur av forsvarsspelarar inne i 16 meteren vart det vanskeleg å trenge igjennom. Dei fleste forsøka vart dermed blokkert.

Annullert mål
I fjor redda Sunnylven med seg eit poeng med ei scoring to minutt før slutt. Det trudde Norborg dei hadde gjort også då Lennart Holmem fann vegen til nettmaskene, men dommaren dømde for angrep på keeper og målet vart annullert til protestar frå Norborg sine spelarar. På overtid fekk Norborg ein siste sjanse ved Kim Idar. Dei fleste såg nok skotet frå 20 meter i mål, men ballen strauk utsida av stolpen. Dermed enda kampen 2-1 til heimelaget.

Brusdal stoppa alle
Norborg løfta seg kraftig etter pause og hadde fortent eit poeng med seg heim. Ein vann då langt fleire 2. ballar og fekk kontroll over midtbana. Kjell Terje Brusdal kom inn og gjorde ein strålande kamp for Norborg. Spelaren med sine knappe 1,50 parkerte alle i spurtduellar og knuste 2,5 metringar i lufta. Det endelege gjennombrotet for Brusdal på A-laget? Vi håper det. Kim Idar Krogsethagen tok tak i midtbana etter kvilen og var involvert i dei fleste angrepa til Norborg. Eit mål vart det også. Elles så spelte dei fleste på laet svakt før pause, og godt etter. Diverre var ikkje marginane på Norborg si side denne gong.

Velfungerande taktikk
Sunnylven hadde samme rutinerte laget og samme taktikken som før om åra. Ballen vart eintydig slått langt opp til Alf Ole Sundgot, som møtte og spelte tilbake til midtbana, som så slo i bakrom til Sundgot på løp. Ein velfungerande taktikk, iallfall før pause. Sunnylven hadde også to tidlegare Norborg-spelarar på bana i denne kampen. Karl-Andre Birkhol spelte ein god kamp på backplass, medan Espen Solheim kom inn eit godt stykke ut i 2. omgang og rakk ikkje å markere seg.

Norborg sin neste kamp er heime mot Herd torsdag 11. mai kl. 1830, medan Sunnylven skal til Brattvåg.