Blindheim – Norborg 3-2

Blindheim – Norborg 3-2 (2-2)
Treningskamp, Color Line Stadion, 23.03.06

9 sjansar 10
4 hjørnespark 6

0-1 Ståle Hurlen (10)
1-1 Kristoffer Morterud (16)
2-1 Henning Hareide (20)
2-2 Eirik Urkedal York (42)
3-2 Drønnen (49)

Dommar: Alf Furland (Rollon)

Laget: Kurt Erik Grytten – Asgeir Kalvø, Knut Ivar Bjørlykhaug (Kjell-Terje Brusdal, 65), Kim Idar Krogsethagen, Jan Even Drønnesund – Adrian Håbet (Eivind Fjørtoft, 77), Kristian Søviknes (Andre Larsen, 65), Eirik York, Tarjei Urkedal – Lennart Holmem, Ståle Hurlen

Etter seks strake sigrar dene vinteren måtte Norborg sjå seg slått av divisjonskollega Blindheim. Kampen var jamspelt, men Blindheim viste seg som hakket meir effektiv framfor mål denne gong.

På ei perfekt Color Line-matte var det Blindheim som fekk første sjansen i opningsminutta, men det var Norborg som styrte kampen dei første ti minutta. Oransjetrøyene stod høgt og vann ballen ofte på Blindheim sin banehalvdel. Dette resulterte i eit par sjansar og 1-0 leiing ved Ståle Hurlen då han frå kloss hald heada inn eit innlegg frå høgre.

Blindheim snur kampen
Etter leiarmålet fall kvaliteten på Norborg sitt spel og ein lot Blindheim få ta over styringa. Etter eit kvarters spel misser Norborg ballen på midtbana. Blindheim kjører i gong ei rask kontring og utliknar ved Kristoffer Morterud. Nokre minutt seinare har Norborg vore i angrep, men keeper snapar innlegget og sette i gong eit hurtig angrep. Ballen går raskt framover og Blindheim scorar eit flott mål på volley etter innlegg frå høgre.

Etter dette er kampen jamspelt der begge lag har kvar sine sjansar. På slutten av omgangen tek Norborg meir over igjen og får ei fortent utlikning då Eirik York kranglar ballen over streken tre minutt før pause.

Tidleg avgjersle
Like etter at 2. omgang er blåst i gong får Ståle Hurlen ein stor sjanse til å gi Norborg føringa då han blir spelt igjennom, men keeper Helge Vadseth lot seg ikkje lure å redda glimrande. I staden for at Norborg tok leiinga er det kvittrøyene frå Blindheim som scorar etter ein corner.

Resten av omgangen er temmeleg jamn der begge lag har sine sjansar til å score. Hos Norborg har både Lennart Holmem, Adrian Håbet og Kim Idar Krogsethagen store mogelegheiter, men mål blir det ikkje. Dermed endar kampen med 3-2 siger til Blindheim, og Blindheim-trenar Rune Johan Skodje Olsen kan feire bursdagen sin i fryd og gammen.

Blindheim blir av mange rekna som ein av dei fremste opprykksfavorittane, og det med god grunn. Laget var svært dyktige i kontringsfasen. Her kom laget med mange mann som gjorde at Norborg kom i undertal. Samtidig var spelarane disiplinert tilbake i forsvar.

Tatt i betrakning kampen mot Valder for nokre veke sidan var dette eit positivt løft for Norborg sidan ein hadde fleire “gode perioder” enn sist. Likevel er det mykje å jobbe med fram mot seriestart, som t.d. tempo på ball, defensiv organisering og kvalitet på innlegg.

Neste oppgåve er mot Rollon på tysdag. Den kampen går på Ratvika KGB.