ÅVK – Norborg 2-0

Åram/Van.kam – Norborg 2-0 (2-0)
Eidsåvoll stadion, 05.08.06

7 sjansar 5
4 cornarar 7

1-0 Ole Andre Kragset (13)
2-0 Ole Per Kragset (32)

Dommar: Jan Lund (Blindheim)
Ass. dommarar: Kjell Erik Slinning (Herd) og Oddmund Kaldhussæter (Blindheim)

Laget: Trond Elstad – Christian Søvik (Ole Johan Urke, 72), Øyvind Farstad, Jan Even Drønnesund (Steffen Grytten, 37), Stein Erik Reitan – Kristian Søviknes (Adrian Håbet, 8), Eirik York (Jan Even Drønnesund, 89), Tarjei Urkedal, Asgeir Kalvø (Roger Grytten, 46) – Lennart Holmem (Ståle Hurlen, 84), Ståle Hurlen (Edward Laverton, 58)

Norborg ventar framleis på sin første bortesiger etter at det i dag vart 2-0 tap for ÅVK. Vertane opna klart best og scora sine mål før kvila. Etter ÅVK sin gode start fekk vi sjå ein jamspelt, men lite velspelt kamp på Eidsåvoll stadion.

– Det knyte seg i kvar bortekamp. Vi kjem som vanleg under i 1. omgang, og må jage etter pause utan at vi får utteljing på sjansane, kommenterte Lennart Holmem etter kampen.

Kraftig trykk frå vertane
For det var ÅVK som kom klart best i gong og hadde allereie spelt seg fram til tre gode sjansar før Ole Andre Kragset gjorde 1-0 på eit hodestøt etter corner 13 minutt ut i kampen. Norborg kom seg gradvis til hektene etter ÅVK si sterke opning, men eit dyktig heimeforsvar stoppa oransjetrøyene sine forsøk. Etter ein halvtime glapp likevel markeringane og Tarjei Urkedal fekk ein stor sjanse til å utlikne, men eit ÅVK-bein fekk i siste liten avverja avslutninga frå kloss hald.

Norborg var før kampen svært obs på den rutinerte spissen Ole Per Kragset, men etter dryge halvtimen får han stå svært så aleine på 16 meteren og styre inn eit langt oppspel til 2-0. Tre Norborg-spelarar stod her å såg på at toppscorar Kragset fekk gjere det han kan best, score mål.

Heva seg litt
Etter kvila fekk vi sjå eit litt meir aggressivt bortelag, og berre tre minutt ut i omgangen fekk Øyvind Farstad ein stor sjanse på hovudet etter ein godt slått corner av Eirik York, men avslutninga gjekk over mål. Like etter er ÅVK frampå med ein susar på oversida av tverrliggjar av Sigve Støylen.

Etter denne underhaldande opninga om 2. omgang, fell kampen ned på eit svakt nivå. Norborg har ballen mest, men har problem med å få til noko kreativt framføre vertane sitt mål. Kvarteret før slutt er likevel Steffen Grytten svært nær redusering då han får stå heilt fritt på 5-meteren på eit innlegg, men headinga gjekk utafor. Norborg var no verkeleg på hogget, og både Lennart Holmem og Roger Grytten måtte sjå skot gå like utafor stolpen. Begge lag hadde kvar sin store sjanse på tillagt tid utan resultat. Dermed enda kampen 2-0.

Norborg heva seg etter pause, men totalt sett var ÅVK langt betre. Mest på grunn av ein enorm duellvilje. Noko Norborg mangla i starten av kampen då heimelaget tok fullstendig luven av oransjetrøyene. Kampen var såleis ikkje ulik sist kamp mot Brattvåg.

Best hos oransjetrøyene var midtstoppar Øyvind Farstad og slitaren på midtbana Eirik York. Trond Elstad gjorde også ein god seriedebut med sikre inngriparar på innlegg.

– Heilt greitt at ÅVK vann i dag. Dei var meir effektive og aggressive enn oss, og fekk med eit tidleg mål kampen inn i sitt spor. Vi presterar i periodar langt under pari og må heve oss til neste kamp, sa spelande assistenttrenar Roger Grytten.

Neste kamp for Norborg er på torsdag kl. 19 heime mot Sunnylven.