Norborg – Stordal 3-0

Norborg – Stordal 3-0 (2-0)
24 sjansar 3
4 hjørnespark 2
0
0
0 0

Arena: Norborg gras, 17.06.04

Tilskodarar: ca. 60

1-0 Tarjei Gjerset Urkedal (26)
2-0 Kim Idar Krogsethagen (37)
3-0 Øyvind Kvammen (61)

Dommar: Oddbjørn Aam (Åmdal) -6
Assistentdommarar: Oddmund Kaldhussæter (Blindheim) og Ernst Myhre (Spjelkavik)

Norborgs beste:

Tarjei Urkedal -8
Øyvind Kvammen -8

Laget:
Kurt Erik Grytten

Christian Søvik
– (Stig Wold, 69)
– (Jan Even Drønnesund, 86)

Roger Grytten
Geir Ove Grønli
Steffen Grytten


Eirik York
(Stein Erik Mårstøl, 69)
Kristian Søviknes
(Knut Ivar Bjørlykhaug, 83)
Tarjei Urkedal

Alexander Gamlem
Kim Idar Krogsethagen
– (Edward Laverton, 69)
Øyvind Kvammen

Norborg vart som venta for sterk for Stordal og tok ein fortent 3-0 siger. Etter ei jamn opning tok Norborg meir og meir over og berre ein dyktig Jon Joranger i Stordal-målet hindra større siffer.

Utgangspunktet var forskjelleg når Norborg og Stordal møttest til seriekamp for første gong på 18 år. Norborg måtte vinne for å få kontakt med topplaga, medan Stordal trengte tre poeng for å tette luka opp til ståplass.

Stordal centimeter frå leiing

Kampen opna jamt og begge lag skapte gode sjansar dei første 25 minutta. Nærast av alle var Stordal sin toppscorar Odd Brede Langdal. I kamp med to forsvarar skyt han i stolpen frå vel 16 meter. Også Håvard Remme var nær scoring på ei heading frå kloss hald, men ballen gjekk ein meter utafor. For heimelaget var det Kim Idar Krogsethagen som kom nærast, men på sine to sjansar frå gode posisjonar avslutta han begge gongane svakt på keeper Jon Joranger.

Norborg tek leiinga
Etter 26 minutt får Norborg til eit godt angrep. Øyvind Kvammen brukar farta si, kjem seg ned til kortlinja og får til eit perfekt innlegg som Tarjei Urkedal headar i mål frå kort. Etter målet tek Norborg gradvis meir og meir over, og Stordal verkar på langt nær så friske som i starten av kampen.

Knappe ti minutt før pause slår Steffen Grytten ein tilsynelatande ufarleg ball opp på Stordal sin banehalvdel. Ein stordalforsvarar ser ut til å ha god kontroll når han skal klarere, men treff ikkje skikkeleg og sender ballen vidare inn i sin eigen 16 meter. Kim Idar Krogsethagen er vaken, forfølgjer ballen og i kamp med keeper får han slengt fram foten å putta ballen i mål til 2-0.

Store sjansar
Etter dette blir det eit vedvarande trykk mot Stordal og sjanse på sjanse blir skapt, men både Øyvind Kvammen, Tarjei Urkedal og Alexander Gamlem misbrukar sine gylne mogelegheiter. Like før slutt kjem Stordal seg endeleg i angrep igjen etter å ha fått frispark inne på Norborg sin banehalvdel. Frisparket blir slått inn i 16 meteren og ein stordalspelar får avslutta, men Geir Ove Grønli får avverja på streken. Dermed står stillinga seg til pause.

Norborg best i motvind
I 2. omgang har Stordal vinden i ryggen og satsa på å stå høgt og legge press på Norborg, men dette førte berre til at heimelaget gong på gong fekk spele stikkarar i bakrom til raske angriparar. Ni minutt ut i omgangen vart Kim Idar Krogsethagen spelt igjennom, men aleine med keeper skyt han i stolpen. Minuttet etter får Tarjei Urkedal ballen i nota, men annullert for offside. Etter knappe kvarteret auka så oransjetrøyene til 3-0. Håvard Remme er uheldig å stussar ballen til lynraske Øyvind Kvammen som aleine med keeper Joranger scorar sikkert.

Sjansebrenning i særklasse
Dei siste 20 minutta av kampen er vi vitne til tidenes sjansesløsing i Søvikdalen. Heile 7 gongar var Norborg aleine med keeper utan å score. Svake avslutningar kombinert med ein svært god Jon Joranger hindra Stordal i å gå på ein skikkeleg smell. Øyvind Kvammen var tre gongar aleine med keeper. Han avslutta sjølv to gongar medan den tredje gongen valde han å sentre til ein betre plassert Tarjei Urkedal. Han sette ballen i mål, men for andre gong opplevde han å få målet annullert for offside. Edward Laverton kom inn for Kim Idar Krogsethagen dryge tjue minutt før slutt. På desse minutta fekk han to sjansar aleine med keeper, men begge gongane vann Jon Joranger duellen. I tillegg var både Alexander Gamlem og Tarjei Urkedal aleine med keeper, mens Kristian Søviknes fekk ei avslutning redda på streken.

Stordal på si side skapte svært lite i 2. omgang. Dette til tross for at laget stod svært høgt på bana. Pasningane vart for upresise og vinden tok som regel oppspela over kortlinja. Det næraste vi kjem ein sjanse til gultrøyene var då Odd Brede Langdal fekk avslutte frå skrått hald, men Kurt Erik Grytten hadde full kontroll på skotet.

Best på Norborg synst vi Tarjei Urkedal og Øyvind Kvammen var, men honnør til alle som spelte.

Dommar Oddbjørn Aam hadde ein enkel jobb i ein fair-spelt kamp.

Med 3-0 til Norborg nærma oransjetrøyene seg topplaget Vigra som tapte, medan Stordal stadig har 4 poeng opp til Ellingsøy over streken. Begge laga har i neste runde tøff motstand. Norborg tek turen til Mauseidvåg for å møte MSIL/LIL2, medan Stordal tek imot Sunnylven på Kirkebø.