Fotballåret 2002 frå A til Å

Alkohol - det mest diskuterte ordet på innleggssida etter at enkelte spelarar gjekk på fest kvelden før 8-delsfinalen mot Skarbøvik i inne-KM.

Brannskade - Morten Kalvø vart utsatt for brannskadar etter ein dugnad rett før seriestart, og mista dei to første serierundane.

Campingvogn - Gryta Bang Gang (GBG) kjøpte campingvogn, pussa ho opp, måla den oransje og vakte mykje oppsikt på turen til øyacup på Harøya.

Damelaget - Norborg stilte med damelag for første gang, og dei vann til slutt tre kamper

Elendig - Norborg si sesonginnleiing var elendig med to tap etter tre serierundar.

Fazza - skapte store overskrifter når han meldte overgang til Brattvåg midt i sesongen.

Geir Roar Gamlem - haldt buret reint for MSIL, og påførte Norborg haustens einaste tap. Etter sesongen meldte han overgang tilbake til Norborg.

Helge Uggedal - tiltrådde som assistenttrenar på hausten.

Internett - Norborg si heimeside www.norborg.com opplevde ein enorm oppsving gjennom sesongen. Frå 150 treff i veka i januar, enda man med over 900 i veka i desember.

Juniorlaget - debuterte i serien, og vart best i Haram.

Kake - supporterane med Siv Kjærstad i spissen overraska spelarar og trenarar med kake etter at opprykk og KM-tittelen vart sikra.

Lennart Fylling - einaste ikkje-norborgaren som fekk målet sitt på norborg.com.

Militæret - 7 spelarar var innom militæret i løpet av sesongen 2002.

Naken - herrespelarane hamna på strippeshow og fekk etterkvart sjå ein av sine egne strippe

Opprykk - Det var spådd, det var forventa og det vart ein realitet. Norborg er i 2003 tilbake i 4.divisjon for første gang sidan 1982.

Påska - treningsleiren til Aars i Danmark vart ein stor suksess både sportsleg og sosialt.

Quizen - vart vunne av Eyvind York, Norborg sitt kloke hovud

Ringen - Roger la ut ein ring på norborg.com som litt overraskande skapte mykje harme blant lesarane før Frode kasta den i Mount Doom.

Stein Gisle Alvestad - takka for seg etter å ha hjelpt Norborg frå botn i 6.divisjon til 4.divisjon på tre år.

Toppskårar - Kim Idar Krogsethagen vart suveren toppskårar i 5.divisjon med 27 fulltreffarar.

Uheldig - først brente Geir Ove "Chippen" Tennfjord ei straffe på forunderleg vis på ein juniorkamp, og etterpå hadde han ilag med Gustavo ein kamp for lite til KM-tittelen.

Video - Roger lovde og lovde. Sesongfilmen skulle kome tidleg i haust, men vi ventar stadig…..

Wold, Stig - skåra årets mål heime mot MSIL/LIL2 etter eit raid frå egen halvdel.

X, romartal 10 - så mange kampar spelte Norborg på rad utan å tape.

Ytringsfridom - på innleggssida hos norborg.com får absolutt alle komme med meir eller mindre fornuftige ytringar. Ikkje eit einaste innlegg har blitt sletta i haust.

Zero - ein person under pseudonymet zero skapte mykje debatt og harme på innleggssida på norborg.com før seriestart. Men kven var han?

Ære - Norborg hadde den æra å bli det første laget på Sunnmøre som vann over Bergsøy denne sesongen.

Øyacup - Norborg følgde tradisjonen. Sportsleg fiasko, men suveren vinnar av festen med ei oransje campingvogn i sentrum.

Åndsverklova fekk sitt inntog på norborg.com etter eit lesarinnlegg i Sunnmørsposten 21.desember.

tilbake | skriv innlegg