Brandal 7'ar - Norborg 7'ar 10-7 (3-3)
Brandal skule, 14.10.06

0-1 Biarte Hånes (14)
0-2 Julio Cesar (15)
1-2 ? (16)
1-3 Steffen Grytten (17)
2-3 ? (26)
3-3 ? (27)
4-3 ? (46)
5-3 ? (54)
6-3 ? (56)
6-4 Julio Cesar (58)
7-4 ? (62)
8-4 ? (69)
8-5 Julio Cesar (70)
8-6 Kristian Søviknes (82)
8-7 Steffen Grytten (84)
9-7 ? (85)
10-7 ? (90)

Dommar: Dag-Harald Moldskred (Hareid)

Laget: Geir Roar Gamlem, Ronnie Gamlem, Jan Even Drønnesund, Julio Cesar Romero, Steffen Grytten, Kristian Furnes, Biarte Hånes, Stein Erik Reitan, Martin Holmeset, Noralf Gamlem, Kristian Søviknes og Alexander Holmeset.

Norborg måtte sjå seg slått 10-7 for Brandal i første kamp om krinsmeisterskapet for herrar 7'ar. Norborg starta bra og leia både 2-0 og 3-1, men for første gong i år ga ein frå seg leiinga og tapte.

Norborg reiste godt forberedt til Brandal denne flotte oktoberdagen, og vart dermed ikkje overraska over dei latterlege banetilhøva. Det ein derimot ikkje var forberedt på var at ein ikkje slapp inn i garderobene før knappe 20 minutt før kampstart, og sidan dommaren ikkje ville flytte kampstart med meir enn eit par minutt fordi han skulle rekke 2. omgangen av tippekampen, vart det svært kort tid til oppvarming.

Likevel, etter jamne opmningsminutt med mest kriging og lite spel grunna ei svært kort og smal bane, tok Norborg tak i kampen og scora to kjappe mål ved Biarte Hånes og Julio Cesar. Gleda varte ikkje lenge fo minuttet etter reduserte Brandal. Men Norborg var på hogget og kort tid etter ordna Steffen Grytten 3-1 leiing etter bra forarbeid av Biarte.

Etter dette slutta Norborg å spele fotball, mens Brandal starta. To raske mål like etter halvspelt omgang gjorde at det stod 3-3. Noko som hald seg til pause.

I 2. omgang stod Norborg med lua i hånda og eit aggressivt heimelag leika seg med rådlause norborgarar. Heile fem gongar putta heimelaget på dei første 25 minutta av 2. omgang, medan Norborg fekk berre godkjent eitt ved Julio Cesar. Norborg burde imidlertid hatt eit mål til då Steffen Grytten fyrte av og traff undersida av tverrliggar og ned. Merket i grusen viste tydeleg at ballen var inne, men dommaren ville ikkje dømme mål fordi der ikkje var nokon strek!!

Norborg låg under 8-4, men ga likevel ikkje opp, og mål av Julio Cesar, Kristian Søviknes og Steffen Grytten ga håp om eit sterkt resultat, men istaden for utlikning er det Brandal som aukar leiinga to gongar på slutten av kampen. Dermed 10-7 til heimelaget, og Norborg må ha firemålssiger, eller vinne med tre mål og samtidig score fleire enn 8 mål, når ein møter AaFK på torsdag i siste kamp om KM-tittelen.

Brandal vann fordi dei meistra forholda betre enn Norborg. Dei var flinke til å hindre rom og flinkare til å finne dei små romma som fannst. Dermed fullt fortent siger til Brandal. - Det var svært vanskeleg å få til noko utpå der. Til det var bana altfor lita, samtidig kjenne vi til Brandal sin spelestil og veit at dei går inn i duellane med livet som innsats. Vi vart dermed litt for stressa med ball i beina, sa Norborg sin kaptein Steffen Grytten etter kampen. - Vi er vande med å spele på langt større 7'ar baner, og fekk ikkje til noko kantspel, sa ein frustrert Kristian Furnes.

Torsdag kl. 1930 spelast den siste KM-kampen når AaFK vitjar Uggedal grus. Norborg får vonleg både toppscorar Geir Ove Grønli og Vebjørn Grytten skadefri til den kampen.

tilbake | skriv innlegg