Heimekamp mot Hovdebygda torsdag kl. 19

Norborg/Brattvåg2 tek torsdag kl. 19 imot Hovdebygda på Uggedal kgb. Heimelaget er allereie klar for opprykk, men ønsker å halde Blindheim bak seg i kampen om krinsmeisterskapet. Det bør dermed vere full tenning mot 5. plasserte Hovdebygda.

Norborg får tilbake Tarjei Urkedal frå sist kamp, medan Thomas Aarsund og Jesper Vos er ute med skader. Gard Rogne er usikker til kamp på grunn av ein liten skade og har ikkje trent den siste veka. Kristoffer Søviknes har ei høggravid kone og kan gå ut av troppen når som helst.

Hovdebygda er kjent for Ivar Aasen, flyplass og Side Brok. Fotballen har det gått opp og ned med, slik det som regel gjer i mindre bygder. Vi må likevel kunne seie at Hovdebygda er vårt andre favorittlag i år. Dei har nemleg slått Langevåg i begge sine kampar, samt vunne den eine dei har spelt mot Blindheim. Dei la i tillegg alt til rette for Norborg med å spele heimekampen sin på ei stor grasbane i staden for ei lita kunstgrasbane. Med det mannskapet Norborg stilte i den kampen, så passa det utmerket og ein kunne reise heim med 3-0 siger.

Før vårkampen forventa vi at Hovdebygda var eit dunk og drus lag, men det var dei absolutt ikkje. Her var det mykje kjæling med ball. Kva taktikk dei vel denne gong er ikkje godt å seie, men Norborg/BIL2 har eit godt nok lag til å takle begge typar fotball. Daniel Malakzadeh er lagets toppscorar med 13 mål.

Dommar: Kristoffer Nevstad (Aksla)
Assistentar: Thomas Johan Olsvik (Rollon) og Joachim Killingmo (Spjelkavik)

Norborg har hatt eit godt tak på Hovdebygda og har sidan hausten 2003 vunne 6 av 6 med 28-5 i målskilnad. Er Norborg fokusert, så skal denne rekka utvidast.

Tidlegare kampar Norborg-Hovdebygda:

2018: x-x / 3-0
2011: 4-1 / 8-0
2006: 2-0 / 4-1
2003: 3-4 / 7-3
1982: 1-0 / ?-?
1976: 2-2 / 1-4
1974: 0-2 / 1-2