|
Endeleg siger mot Ell.kam
Norborg - Ell.kam 4-0 (1-0)
Uggedal stadion
1-0 Jan Egil Alstadsæter
2-0 Kenneth Gamlem
3-0 Christian Søvik
4-0 Christian Søvik
Dommar: Bjørnar Dahle, Guard
Norborg har dei to tidlegare møta med Ell.kam. denne sesongen ikkje
makta å ta alle tre pienga. Sprøsmålet framfor det
siste møtet på heimebane førre torsdag var difor om
dei endeleg skulle lukkast.
Og det kunne sjå ut som dei hadde bestemt seg for, og tok føringa
med ein gong. Lønn fekk dei alt etter 6. minutt då Jan Egil
Alstadsæter gjorde det meste åleine på kanten, og avslutta
med ein susar i motsett vinkel. Ein flott prestasjon. Norborg fortsette
å ha føringa og skapte nokre sjansar, men utan teljande resultat.
Midt opp i dette, kom brått Asbjørn Hofseth hjå gjestane
åleine med Espen Woldi heimemålet, og han gjorde ei meisterleg
utrusting og fekk avverga.
Utover i omgangen var det meir og meir dårleg spel, frå begge
laga. Pasningane trefte ikkje, og det var så som så med innsats
og initiativ. Det såg mest ut som pausa kom lagleg for dei fleste.
Men trenar Ivar Roald hadde tydelegvis nytta pausa godt, for det var eit
"nytt" Norborg-lag som kom på bana i 2. omgang. Alt etter
2 min. kunne Kenneth Gamlem legge på til 2-0 etter lang pasning
frå Christian Søvik på hovudet. Keeper feilrekna og
det vart enkelt for Kenneth. Knappe 5 min. etter var same Kenneth klart
felt på 17-18 m. hald og Christian fekk denne gongen sjansen, noko
han utnytta godt. Skotet gjennom muren kunne ikkje keeper stoppe, og 3-0
var eit faktum. Ell.kam. fekk mest ikkje låne ballen i denne perioden
og heile 2. omgang styrte Norborg kampen som dei ville.
Vi venta berre på fleire mål, og etter omlag 20 min. fekk
Christian ei utsøkt pasning frå Alf Røren, og på
andre forsøk fastsette han sluttresultatet til 4-0 til Norborg.
Ein siger som var fullt fortent og som kanskje kunne vore eit par mål
større, men det viktigaste var likevel dei 3 poenga.
Norborg er såleis i rute mot opprykk, men får nok vanskelegare
motstandarar enn Ell. kam. på vegen. På heimelaget spela igjen
midtstopparane Karl Andre Birkhol og Terje Tellefsen ein god kamp. Pluss
gir vi og til Alf Røren for fine pasningar i midtbana, det er lett
å sjå at han har erfaring frå høgare divisjonar,
noko som kjem godt med på eit ungt Norborg-lag.
Dommar Bjørnar Dahle, Guard, gjorde ein grei jobb i ein lettdømt
kamp.
Helge Uggedal for Haramsnytt
|