Regnet stoppa ikkje glimrande avslutningsfest

Trass eit forferdeleg regnver så var det eit imponerande oppmøte av foreldre og spelarar på årets sesongavslutning på grusbana i Uggedalen.

Dagen starta med fotballskule for dei yngste. Her kosa 60 deltakarar seg under ei dyktig leiing. Ein spesiell takk går til Jan Vatnehol som gjorde ein glimrande innsats på fotballskulen.

Etter fotballskulen vart det spelt mange grendakampar, samt junior mot damer. Ein kamp juniorlaget for øvreg vann 8-1. Kampen gutelaget mot foreldra vart erstatta med gutelaget mot smågute med foreldreinnslag. Her var Frode Urke og Endre Kalvø på bana saman med sonene sine.

Trass dårleg ver så var det eit vellykka arrangement der kampane gjekk heilt etter tidsskjema under Morten Kalvø si kyndige leiing.

Før bygdekampen vart det delt ut ulike slags prisar.
Martinus Grytten fekk pokal for årets toppscorar smågutte
Camilla Johansen for årets toppscorar småjente
Samir Sahman for årets toppscorar gutar
Camilla Krogsethagen for årets toppscorar jenter
Eivind Fjørtoft for årets spelar gutar
Asgeir kalvø for årets juniorspelar, og

Frode Urke fekk pokal for årets supportar!
- I regn, stiv kuling, sol eller storm for den gang skyld, så er denne personen å sjå på Norborgkampar. Likedan møter du han på herrekampar som aldersbestemte kampar, på heimekampar som bortekampar på Ellingsøy, i Ulsteinvik eller ein annan plass på Sunnmøre. Var grunngjevinga for at Frode Urke fekk tittelen.

Etter at Grytastranda hadde vunne over Søvik i bygdekampen gjekk turen til Søvika for fotballfest og dans.

På fotballfesten vart Noregs landskamp mot Luxembourg vist på storskjerm, medan ein etter kampen fekk sjå Torstein Volstad sin gode film frå treningsleiren i Danmark.

Etter det vart det delt ut mange pokalar.

Årets herrespelar: Kim Idar Krogsethagen
Årets toppscorar herrer: Kim Idar Krogsethagen
Årets assistpris: Kristian Søviknes
Årets damespelar: Inger Ann Søvik
Årets toppscorar damer: Camilla Krogsethagen
Årets treningsfantom damer: Camilla Grande
Årets toppscorar juniorlag: Christopher Urkedal
Årets utvikling junior: Bjørnar Engeseth
Årets positive spelar: Fredrik Furnes
Årets dommarinnsats: Amund Terøy

I tillegg vart det delt ut pokalar for antal spelte kampar:
100 kampar: Kurt Erik Grytten, Kristian Søviknes og Stig Wold
150 kampar: Kim Idar Krogsethagen og Roger Grytten
250 kampar: Kenneth Vegsund

Vi gløymte rett og slett å ta bilete under prisutdelinga, men her er nokre bilete frå dansen.

tilbake | skriv innlegg