Fair Play: Volda på topp!

Volda toppar fair play-tabellen når vårsesongen er gjennomført i 4. divisjon. På dei 11 kampane har dei berre fått 9 gule kort. Det er to mindre enn Norborg/Brattvåg2, som innehar 2. plassen sjølv om ein har fått eitt raudt kort. Sist på denne tabellen finn vi Larsnes/Gursken, som har fått heile 25 gule og 1 raudt kort. Flest raude kort har Bergsøy og Hareid fått med tre kvar.

Abelseth og Seth har spelt mest

Tor Abelseth og Magnus Austbø Seth har flest minutt på bana for Norborg/Brattvåg2 i vårsesongen. Totalt har 32 spelarar kome på bana i dei 11 kampane. For dei som er interessert i å vete kor stor andel Brattvåg A-spelarar har blitt nytta så er dette talet 1,65 spelarar i snitt pr. kamp. Patrik Hjelmseth er den som har spelt mest av desse med 398 minutt fordelt på 5 kampar. Neydson Da Silva har 360 minutt på 4 kampar.

Dei 16 mest nytta spelarane:

Best etter pause

Norborg/Brattvåg2 er saman med Bergsøy 4. divisjon sitt beste lag etter pause. Begge lag har vunne sju andre omgangar, spelt ein uavgjort og tapt tre, men Norborg/Brattvåg2 har betre målskilnad. I andre enden finn vi Blindheim. Dei har ein uavgjort og ti tap når vi ser på 2. omgang separat.

Les meir

4. divisjon: Yngst i 10 av 11 kampar

Norborg/Brattvåg2 har hatt det yngste laget i 10 av 11 kampar. Berre i siste vårkamp mot Hødd2 møtte ein eit yngre lag. Då hadde Hødd2 ein snittalder på 19,94 år, medan Norborg/BIL2 stilte sitt eldste lag for sesongen med 22,86 år i snitt. Den eldste motstanderen til Norborg/BIL2 var Bergsøy med 26,5 i snitt, medan Valder hadde 25,38. Snittalderen for divisjonen er 23,8 år i kampene mot Norborg/BIL2. (Fjorårets 5. divisjon var 24,6). Snittalderen for Norborg/Brattvåg2 er 22,2 i år mot 23,68 år i fjor.

LagSnittalder
Hødd219,94
Norborg/BIL222,20
Hareid22,91
SIF/Hessa23,38
Ørsta23,69
Volda23,75
Rollon24,03
Blindheim24,15
Emblem24,75
Larsnes/Gursken24,93
Valder25,38
Bergsøy26,50

 

Hardt straffa etter sjansesløsing


Norborg/Brattvåg2 – Hødd2 0-1 (0-0)
4. divisjon, Uggedal KGB, 01.07.2019

Sjansar: 7-4
Cornere: 5-6
Avslutningar på mål: 5-4
Avslutningar utanfor: 9-4
Blokkerte avslutningar: 3-6

0-1 Håkon Brautaset (str. 51)

Norborg/Brattvåg2 måtte tåle sitt første heimetap sidan samarbeidet starta framfor fjorårssesongen. Avgjersla fall på eit straffespark like etter sidebytte. Straffa var Hødd2 sin første skikkelege målsjanse. Norborg/BIL2 på si side hadde svidd tre store før pause. Etter målet fekk vi ein opnare kamp med sjansar begge veger, men to gode målvakter hindra fleire mål.
Les meir..

Oransjetrøyene i målform!


Norborg/Brattvåg2 – Hareid 4-0 (2-0)
4. divisjon, Uggedal stadion, 25.06.2019

Sjansar: 8-3
Cornere: 7-3

1-0 Jesper Vos (19)
2-0 Alexander Jonassen (42)
3-0 Patrik Hjelmseth (50)
4-0 Siver Davik (79)

Norborg/Brattvåg2 tok tre viktige poeng mot Hareid i kveld. Heimelaget leverte ein solid kamp mot eit bortelag som knapt hadde ei avslutning innafor ramma. – Vi har god kontroll på Hareid, sa kaptein Kjell Terje Brusdal. 17-åringen Siver Davik (biletet) scora sitt første seriemål.
Les meir..

Heimekamp mot Hareid tysdag kl. 1830

Norborg/Brattvåg2 tek tysdag imot Hareid i ein framskutt 11. runde kamp. Dei to laga får dermed ikkje suge lenge på den velsmakande karamellen frå sist runde då Norborg banka topplaget Volda, medan Hareid tok seg av botnlaget Blindheim.

Begge lag var inne i ei lita blindgate før sist kamp. Norborg stod med 2 poeng på dei 3 siste og sleit med det offensive spelet. Hareid hadde to strake tap og måtte ha siger for å halde følge med laga framfor på tabellen. Norborg er på 3. plass, Hareid på 11. plass, men sjølv om det skil mange plassar på tabellen er Hareid berre 6 poeng bak.

Norborg hadde ein del forfall sist, men reknar med at Kjell Terje Brusdal, Ådne Hellandsvik og Siver Davik er tilgjengelege no. Trenar Søviknes har dermed ein stor stall å velge frå.

Hareid er eit godt defensivt organisert lag som slepp inn langt færre mål enn dei andre laga på nedre halvdel, men offensivt går det ikkje på skinner. 11 scora mål på 9 kampar skremmer ingen. Det er det same antall mål som vår toppscorar Magnus Austbø Seth. På Hareid er det den tidlegare Hødd-spelaren Ruben Kenneth Brandal som er den største trusselen med 5 mål.

Det er ti år sidan Norborg og Hareid møttes i serien for første gong. Norborg vann 3-0 borte i april og følgte opp med 8-0 på Uggedal stadion 2. juli. Totalt har også Norborg eit godt tak på Hareid. På 14 kampar har Norborg vunne 9, Hareid 4, medan 1 har enda uavgjort. Målskilnad 31-22.

Vi ser på Norborg/Brattvåg2 som favorittar i denne kampen, men enkelt blir det ikkje. Vi trur ikkje Hareid er på Grytastranda for å underhalde så her vil vi nok igjen sjå ein motstandar som ligg på eigen halvdel for å vente på at heimelaget skal gjere feil. Så då er det opp til Norborg å finne nøkkelen for å opne opp.

Dommar: Jan Erik Bratteberg (Ørsta)
Assistentar: Øyvind Kringstad (Valder) og Anders Husøy (Valestrand Hjellvik)