|
Godkjent
innsats av Norborg i Trondheim
I helga var Norborg i
Trondheim og spelte dei siste kampane for sesongen i 1. divisjon avdeling
Midt-Noreg.
For å redusere reisekostnadane vart det denne sesongen bestemt å
avvikle berre enkel serie og dermed vart heile serien avvikla i løpet
av tre runder med seriespel. Det vart difor berre to kampar som vart spelt
i NTNU sitt idrettsbygg på Dragvoll laurdag for Norborg sin del.
Den første kampen var mot Klæbu og den starta tungt ved at
damespelarane tapte sine kampar, noko som i grunn er litt uvanleg sidan
dei vanlegvis er Norborg sine sterkaste kort. Til gjengjeld vann herrane
alle sine singlekampar og dermed stod det 3-2 til Norborg før double
og mixed-double kampane.
I alle desse kampane var det svært jamnt, men Norborg spelarane
makta kun å vinne 2 av dei 5 og dermed enda kampen uavgjort 5-5.
"Litt irriterande, men trass alt var det berre så vidt vi greidde
å stille fullt lag på herresida denne helga på grunn
av skade og sjukdom så vi frykta i grunn at det kunne gå værre",
seier Noralf Gamlem.
I den neste kampen var det Trondheim sitt førstelag som stod for
tur og der tok damene revansje og vann sine kampar. Diverre var ikkje
resultata til herrespelarane i stil med første kamp og med tap
i alle herresinglane stod det brått 3-2 til trøndarane. Når
alle kampane var ferdig stod det 5-5 i denne kampen også.
Dermed vart det verken tap eller siger til Norborg denne helga og laget
enda til slutt på 5. plass. "Vi får ta den dårlege plasseringa
som inspirasjon for å bli betre til neste år", seier Noralf
Gamlem.
|