|
Veldig
bra innsats av badmintonlaget
Det vart i helga avvikla
serierunde i 1. divisjon avdeling Midt-Norge i NTNUI sitt idrettssenter
på Dragvoll. Norborg spelte tre lagkampar i løpet av laurdagen og det
var nokre sterke motstandarar som stod for tur denne helga.
I
den første kampen var NTNUI sitt førstelag motstandar, dei har denne sesongen
fått forsterka laget sitt med eit par nye spelarar på herresida med medaljer
frå junior NM. "Her innsåg vi raskt at det ville vere svært vanskeleg
å ta poeng, men jammen var det mange jamne kampar som bikka i vår disfavør",
seier Noralf Gamlem og legg til: "Årsaka til at det ikkje gjekk vår veg
i desse kampane er nok heilt klart betre kamptrening hos motstandarane".
Til slutt enda kampen 9-1 til NTNUI, berre Gunn Fiskergaard og Randi Ulla
greidde å vinne i damedouble.
Neste kamp var mot NTNUI sitt andrelag. Det skulle vere ein overkomeleg
motstandar, noko det viste seg og vere også. Etter flott innsats frå samtlege
feide Norborg all tvil til side og vann 10-0, faktisk vart det ikkje tapt
eit einaste sett i denne kampen!
Før siste kamp mot Trondheim BK sitt førstelag vart taktikken gjennomgått,
for no var det viktig å spele korta sine rett om ein skulle greie å ta
poeng. For å ha ein sjanse til poeng
måtte
vi ta sikte på å vinne to av dei tre herresinglane og prøvde difor å setje
saman laget slik at det skulle vere ein realistisk sjanse. Det gjekk bra
i dei første kampane og når Gunn og Randi vann damedouble etter meget
sterk innsats leia vi 4-2 og såg sjansen til faktisk å vinne. Men sjølv
om Per Ivar Furholm og John Venge vann herredouble to, greidde vi til
slutt ikkje meir enn uavgjort. "Sjølv om vi hadde fokusert veldig på å
få i oss mykje drikke gjennom heile dagen så var vi nok vel slitne i dei
siste kampane og tydelegvis hadde vi likevel fått i oss for lite drikke
og næring", seier Noralf Gamlem. Det var nesten kontinuerleg speling frå
klokka 10 om morgonen til klokka nesten var 19 på kvelden.
Alt i alt vart resultata som ein hadde håpa på og om nøyaktig ein månad
er det ny tur til Trondheim for å kjempe om poenga. I mellomtida er det
mellom anna Ålesundsvippen 22. og 23. februar i Blindheimshallen.
Bilete over: Gunn og Randi mot NTNUI2, nederst: Per Ivar
i ein singlekamp mot NTNUI2.
|