G19: Hurlen sikra eitt poeng

Henrik Otterlei Hurlen fekk onsdag sin A-lagsdebut mot Blindheim, i dag sørga han med sine to mål eitt poeng i G19 kvalifiseringskampen mot same klubb. Blindheim leia både 1-0 og 3-1, men samarbeidslaget Brattvåg/Norborg/Harøy utlikna til 3-3 like før slutt. Gard Rogne sørga for 1-1 til pause på eit straffespark etter at Magnus Otterlei vart felt, medan 2004-modellen Hurlen sine mål kom på heading.
Tabell

Siger i første treningskamp

Norborg/Brattvåg2 – Blindheim 3-2 (2-1)
Treningskamp, Uggedal KGB, 29.01.2020

1-0 Ådne Hellandsvik (16)
1-1 Bjørnar Johansen (18)
2-1 Nikolai Jensen (44)
3-1 Anders Toven (61)
3-2 Emil Karlsson (73)

Norborg/Brattvåg2 leverte ein grei kamp mot fjorårets divisjonskollega Blindheim. Ein skapte klart flest sjansar før pause og burde ha leia meir enn med det eine målet. Etter pause byta ein sju av ti utespelarar, men fortsette å ha grei kontroll på Blindheim.
Les meir..

G19: Vann første kvalifiseringskamp

Samarbeidslaget Brattvåg/Norborg/Harøy vann sin første kvalifiseringskamp for 1. divisjon med heile 4-0 over Ørsta/Hovdebygda. Magnus Otterlei satte inn 1-0 allereie før to minutt var spelt. Per-Kristian Grytten Søvik dobla leiinga dryge kvarteret etter. Gutane punkterte kampen med to mål på to minutt like før timen var spelt etter mål av Fredrik Hurlen og Martin Koch. Dermed ei flott opning av juniorane.
Tabell

Klart for årets første treningskamp

Onsdag 29. januar kl. 19 spelar Norborg/Brattvåg2 sin første treningskamp for året når ein tek imot Blindheim på Uggedal KGB. Det har hittil i januar blitt gjennomført 12 treningsøkter og ein internkamp. Oppmøtet har vore stabilt på 18-19 spelarar og dei fleste øktene har blitt gjennomført under flotte tilhøve i Brattvåghallen. Trenar Kristian Søviknes meinar at laget står betre rusta no enn på same tid i fjor.

Oversikt treningskampar:
29.01 Norborg/BIL2 – Blindheim
06.02 Emblem – Norborg/BIL2
12.02 Herd – Norborg/BIL2
29.02 Hødd2 – Norborg/BIL2
05.03 Norborg/BIL2 – Tomrefjord
14.03 Eide & Omegn – Norborg/BIL2
18.03 Norborg/BIL2 – Åndalsnes
26.03 Norborg/BIL2 – Vestnes Varfjell
01.04 Norborg/BIL2 – Valder
02.04 Norborg/BIL2 – Langevåg

I tillegg skal ein på treningsleir i Portugal frå 14.02 til 23.02.

Volda rykte opp – Hareid redda plassen

Volda tapte i dag 3-4 for Kristiansund2, men rykker likevel opp etter å ha vunne 2-0 i Kristiansund sist helg og dermed 5-4 samanlagt. Vi gratulerer Volda med opprykket! Vi gratulerer også Hareid med fornya kontrakt i 4. divisjon. Hareid var for øvreg det einaste laget i 4. divisjon Sunnmøre som ikkje tok poeng mot dei forhatte 2. laga i divisjonen. Så endeleg var det eit 2. lag som ikkje øydela for Hareid.

Poeng mot Hødd2 og Norborg/Brattvåg2

Tabell utan 2. lag

Abelseth spelte mest!

Tor Abelseth, til høgre i biletet, spelte 1973 av dei totale 1980 mogelege minutta i årets 4. divisjon, og var den på Norborg/Brattvåg2 som spelte mest. Eit motvilleg byte sju minutt før slutt i heimekampen mot Bergsøy i august gjorde at midtstopparen ikkje fekk æra av å spele samtlege minutt. Gard Sæterøy Rogne spelte nest mest med sine 1841 minutt, medan Kjell Terje Brusdal spelte tredje mest med 1558 minutt. Totalt var det 37 spelarar som fekk speletid. Her er den komplette lista.

Joakim Barstad vart den mest effektive spelaren med 1 mål på 62 minutt. Magnus Austbø Seth brukte 98 minutt per mål. Seth vart også toppscorar for Norborg/Brattvåg2 med 11 mål på 12 kampar. Han fortsette å score mål også i Trøndelag med 4 mål på 7 kampar for NTNUI i 4. divisjon.

Vann over Hareid og sikra plassen

Norborg/Brattvåg2 vann 2-1 borte over Hareid i siste seriekamp og enda dermed på den sikre 8. plassen i 4. divisjon. Norborg/BIL2 leverte ein solid kamp utan å glitre i kveld. Hareid gjekk aggressivt til verks og tok også leiinga 1-0 tidleg i kampen då Kim André Alvestad var frampå etter at keeper Neydson Da Silva glapp den sleipe ballen etter eit hardt frispark inn framfor mål. Da Silva ville ha frispark i situasjonen, men snakka for døve ører. Hareid ville mest og jobba knallhardt det første kvarteret, men gradvis tok gjestane over og halvvegs ut i omgangen heada Akseli Kalermo ein corner frå Simen Hagbø kontant i nota. Etter pause hadde Norborg/BIL2 kontroll defensivt og skapte nokre sjansar ved Alexander Jonassen og Tor Abelseth før Fredrik Hurlen steig til vers å heada inn eit legg frå Emil Solnørdal ti minutt før slutt. Norborg/BIL2 hadde full kontroll i sluttminutta og var nærmare eit tredje mål enn Hareid var utlikning. Vi gratulerer laget med ein solid kamp og ståplass i divisjonen.
Les meir..