Aafk Jr. - Norborg Jr. 19-0 (7-0)
Sunnmørshallen, 16.02.03

Ingen kort

Dommar: Tor Bjermeland, Sportsklubben Herd

Norborg sitt juniorlag tapte som forventa når dei møtte Aafk i vinterseriekamp i Sunnmørshallen seint søndag kveld.

Norborg holdt greitt følgje med Aafk dei første ti minutta, men for så å slippe inn seks mål på eit kvarter. Etter dette var kampen for lengst avgjort, og det heile vart til slutt eit spørsmål om kor mange mål dei skulle skåre.

Typisk for kampen var det at når det først kom mål, så kom det mange i slengen. Det første kvarteret av andre kom det fem nye, og det same skjedde i kampens siste ti minutt.

Aafk imponerte med raske og teknisk gode spelarar som garantert vil bite godt frå seg på Aafk2 i 3. divisjon.

Mest positvt for Norborg var Espen Solheim sin innsats på høgrekanten. Han var aktiv, god i press og jobba til krampa tok han. Elles ein kamp på det jevne av dei fleste. Neste kamp for juniorlaget er laurdag kl. 14.00 mot FK Sykkylven i Sunnmørshallen, medan halvparten av dei som var i aksjon mot Aafk skal spele gutekamp på torsdag mot Ellingsøy kl. 20.00 i Uggedalen.

Laget: Bjørnar Engeset - Torstein Volstad, Adrian Volstad, Asgeir Kalvø, Daniel Brusdal - Espen Solheim, Ole Johnny Gamlem, Knut Ivar Bjørlykhaug, Amund Terøy - Christopher Urkedal, Edward Laverton

Innbyttera: Ole Johann Urke, Eyvind York, Aleksander Holmeset (alle benytta)

Av: KHS
tilbake | skriv innlegg