Brattvåg - Norborg 3-2
Seriekamp junior 08.09.03
Arena: Brattvåg stadion
1-0 Finn Alvestad (25)
2-0 Øivind Kåre Kjærstad (48)
2-1 Knut Ivar Bjørlykhaug (str. 75)
2-2 Christopher Urkedal (86)
3-2 Lennart Holmen (89)
Tilskodera: 50
Dommar: Odd Even Svindseth, FK Sykkylven -9
Laget: Bjørnar Engeset – Torstein Volstad,Adrian Volstad,Knut Ivar Bjørlykhaug, Kjell Terje Brusdal – Daniel Brusdal, Tore Mårstøl, Andre Larsen, Ole Johnny Gamlem – Christopher Urkedal © ,Edward Laverton
Innbytte: Asgeir Kalvø, Kristian Furnes, Lars-Petter Tennfjord, Aleksander Holmeset, Eivind York
Banens beste: Kjell Terje Brusdal, Norborg
Stjerner:
*** Kjell Terje Brusdal **Knut Ivar Bjørlykhaug *Christopher Urkedal
Det var ein underholdande kamp som vart spelt på Brattvåg stadion måndag. Heimelaget tok leiinga 2-0, men gjestane frå Norborg svarte med to mål på slutten av kampen. Diverre vart lysta på det tredje litt for stor, og Lennart Holmen kontra inn 3-2 til heimelaget minuttet før slutt.
Norborg stilte til denne kampen med alle sine spelera disponible, med unntak av Steffen Grytten. Dermed stilte man uten siste års juniorspelera også i denne kampen. I tillegg vart Asgeir Kalvø plassert på benken.
-Asgeir spelar såpass mange kampar både på gute, junior og herrelaget iløpet av sesongen. Det er dermed viktig å sette visse grenser slik han ikkje blir utbrent i ung alder, uttalte Norborg sitt trenarteam til norborg.com på spørsmål om kvifor talentfulle Kalvø var plassert på benken.
Gjestane best i gang
Det var gjestane frå den rette sida av fjellet som kom best i gang med kampen. Norborg kontrollerte begivenhetane, men sleit med å spele seg til dei store sjansane. Kun eit par ufarlige hjørnespark var beholdninga, før Brattvåg gradvis tok over kampen.
Brattvåg spelte god fotball etter denne perioden. Laget kom fort framover, hadde gode kombinasjoner og spelte seg fram til ei rekkje farlige hjørnespark. I tillegg hadde dei ei avslutning i stolpen.
Finn fikser leiing
Etter tjuefem minutt skal heimelaget ta leiinga i kampen. Finn Alvestad drar seg fri på kanten av sekstenmeteren, og skuddet er utagbart for Bjørnar nede ved stolpen. Grei leiing til heimelaget, men Norborg skulle kanskje hatt frispark i situasjonen før. Ei avklaring frå Knut Ivar går i handa på ein heimespelar. Om det var bevist eller ubevist er vanskelig å fastslå, uansett så blir det ei sjønnsmessig vurderig av dommaren.
Dårleg opning
Etter tre minutt i andre omgang skal Brattvåg auke leiinga. Eit hjørnespark blir slått presist på pannebrasken til Øivind Kåre Kjærstad som stod heilt umarkert på bakre stolpe. Dårlege markeringer på dødballer var ein gjenganger for Norborg i denne kampen, og det var kun eit tidsspørsmål før ein måtte bli straffa for det.
Etter dette så er det lite som skjer ute på bana, men så etter syttifem minutt skal det bli spenning i kampen igjen.
Vent på fløyta KIB !
Etter litt fram og tilbake inne i feltet vert Norborg tildelt straffespark. Knut Ivar trer fram, og vi hadde straffedrama frå gutekampen mot Spjelkavik friskt i minne. Den gangen måtte han ta straffa tre gangar, no har han vel lært ?
Straffen sett han utagbart oppunder tverrliggeren, men så var det det at dommaren må blåse då………
Straffa måtte takast på nytt, og denne gangen safer Knut Ivar straffa rolig midt i mål. Bra gjort å holde hodet kaldt i den situasjonen.
Assistent Holmeset
Så fire minutt før slutt skal Norborg kvittere. Innbyttar Aleksander Holmeset sender igjennom ei stikkpasning til Norborg sin gode kaptein Christopher Urkedal. Åleine med keeper gjer han ingen feil, og sett ballen rolig til side for keeperen. Dermed 2-2, og det gjekk mot poengdeling.
Norborg nær 3-2 – i stede avgjør Holmen
Eit minutt før slutt kjem Norborg på ein farlig overgang. André Larsen førar ballen oppover, og både Ole Johnny og Christopher er i posisjon for ein stikkball. Uheldigvis er avleveringa litt upresis, og i og med at Asgeir har køyrt seg heilt opp i angrep, og gløymt sine defansive plikter kan Brattvåg sette i gang ei farlig kontring.
Ballen blir spelt igjennom til Lennart Holmen, og ein av 3.divisjons mest lovande spelarar sett ballen i mål til 3-2 siger til heimelaget.
Forbetring frå i vår
Norborg taper kampen, men viser framsteg frå vårens to møter. Dei endte begge med 6-1 siger til dei gule. Den store forskjellen er at man no har fått tilbake ein del sentrale spelarar. Midtstopparane Knut Ivar og Adrian er tilbake etter brudd og ankelskader. I tillegg har Tore Mårstøl vendt hjem frå studier i USA. På den andre side har man mista eldstemann Geir Ove Tennfjord til Trondheim, og man stiller uten siste års juniorspelarar. Det betyr at man har eit lag for framtiden.
Norborgtrenar Jan Egil Alstadsæter var mellomfornøyd etter kampen.
-Gutane kjemper bra, og det er god innsats, men fortsatt er det for mykje pooling av ball, og litt lite konstruktivt spel langs bakken. Dei bør prøve å roe litt ned, og la ballen gjøre litt meir av jobben. Det er svært tungt å få ballen i retur på alle oppspel. I tllegg er det ikkje det så lett å spele spiss med mange høge baller. Vi må prøve å spele meir likt Aston Villa, uttalte Alstadsæter og assistent Antonsen til norborg.com rett etter kampslutt.
Banens beste spelar kårar vi Norborg sin venstreback, og banens yngste spelar, Kjell Terje Brusdal til. Han er kun første års gutespelar, men spelar allerede svært solid. På Brattvåg var Øivind Kåre Kjærstad den beste aktøren. I tillegg bør dommar Svindseth få pluss for svært god dømming.
Neste kamp for Norborg er heime mot Skodje på måndag kl. 18.30 i Søvikdalen.