|
Ørskog
- Norborg 5-2 (3-1) 0-1 Elling Mikal Kalvø
(2) Ørskog valgte å kvile Nils Petter Dyrkorn i denne kampen, medan Norborg hadde med seg ein 18-mannstropp der alle vart lovd minst ein omgang. Det var duka for siste test før seriestart. Tidleg leiing Norborg er mest på hogget i starten og spelar seg tidleg fram til ein corner. Den blir hardt slått inn i feltet av Skjalg Volstad. Ørskog sin keeper greier ikkje å halde ballen og glepp den ned på hovudet til Elling Mikal Kalvø som styrer den i nota. Kontra i senk Oransjetrøyene fortsette å angripe i starten av kampen, men i det tiande minutt blir ein litt for offensiv og Ørskog kontrar raskt på si venstreside ved Sigve Rørstad. Han fossar fram og legg inn til Olav G. Ekornes som styrer ballen i mål frå kloss hald. Både Ørskog og Norborg har hatt ein stor sjanse før blåtrøyene får corner ved halvspelt omgang. Ørskog er mest aggressive og Frank Abelset headar inn 2-1. Ørskog fortsette å vinne dei fleste duellane, men det er Norborg som skapar sjansane det neste kvarteret. Skjalg Volstad er nær mål på eit skot frå 15 meter, same Volstad kjem åleine med keeper etter ein forsvarsmiss, men avsluttar rett på keeper. Adrian Håbet plukkar opp retur, men skyt over mål. Så er det Tarjei Urkedal sin tur, men han kjem litt for skrått og trefte ikkje mål. Ørskog treng ikkje mange sjansane for å lage mål, og minuttet før pause lobbar Emil Svendsen inn 3-1 etter ein ballmiss av Norborg på midtbanen. Utsøkt lobb av den tidlegare AaFK-junioren. Ørskog vann alt i lufta og stressa Norborg med sin aggressive spelestil. Likevel var det temmeleg jamnt i sjansestatistikken, men grunna god effektivitet gjekk Ørskog til pausen med 3-1. Første tjue minutta av 2. omgang var eit langt gjesp der ingen av laga greidde å etablere noko spel. Det såg mest ut som det var konkurranse i å slå flest feilpasningar. Ørskog punkterer kampen Ved halvspelt omgang kjem så Ørskog seg til ein corner, og nok ein gong er blåtrøyene mest på hogget og Jon Egil Sollied får putta ballen i mål. Norborg etablerer eit visst trykk etter dette, og kjem seg fram til mange hjørnespark. Adrian Håbet får den største sjansen, men dette var dagen då ting ikkje lykkast og skotet gjekk til side for mål. Istaden er det Ørskog som utnyttar at Norborg-backen sklir og Sigve Rørstad snappar ballen, stormar i angrep, finn Jan Egil Sollied framfor mål og dermed 5-1. Nokre minutt før slutt får Norborg straffe. Steffen Grytten sette den sikkert i mål. Grytten er også nær eit nytt mål på overtid, men brassesparket hans blir redda på strek. Dermed enda kampen med 5-2 til Ørskog. Ørskog var overlegne i duellspelet både i lufta og langs bakken. Norborg opptrådde nølande utan ball og stressa med ball. Likevel, alt var ikkje gale. Ein skapte åtte store sjansar mot eit godt 4. divisjonslag og fekk testa mange spelarar. Vi vel og tru at det går mot ein positiv sesong for både dei oransje og dei blå. Neste kamp for Norborg er serieopninga mot ÅVK torsdag 17. april. Ørskog spelar same dag borte mot Bergsøy. |
|
| tilbake | skriv innlegg |