|
Norborg
- Vigra 5-0 (5-0)
Uggedal stadion, 14.08.08
11 sjansar 1
4 cornere 2
1-0 Kristoffer Søviknes
(2)
2-0 Kristian Søviknes (5)
3-0 Kristian Søviknes (26)
4-0 Tarjei Urkedal (40)
5-0 Adrian Håbet (43)
Dommar: Jim A. Dyb (Giske)
Ass. Dommarar: Dag Atle Eksund (Emblem) og Per Helge Liset (Stranda)
Laget: Geir Roar Gamlem - Elling Mikal Kalvø, Roger Grytten, Morten
Kalvø, Kristian Furnes (Jan Even Drønnesund, 75) - Ole Johan Urke
(Skjalg Volstad, 62), Kristian Søviknes (Bee, 75), Adrian Håbet, Stein
Erik Reitan - Kristoffer Søviknes (Geir Ove Grønli, 68), Tarjei
Urkedal (Kjell-Terje Brusdal, 75).
Norborg dominerte frå start til slutt, men det var berre før pause
at ein fann vegen til nettemaskene. Det skjedde heile fem gongar. Dermed
ein ny storsiger til dei oransje.
Kampane mellom Norborg og Vigra brukar å vere jamne med høg temperatur,
men slik var det ikkje torsdag kveld på Grytastranda. Vigra var uvanleg
tafatt og Norborg fekk leike seg på den fuktige Uggedalsmatta.
Raskt i føringa
Allereie før to minutt sette Kristoffer Søviknes inn 1-0 på volley etter
innlegg frå Ole Johan Urke. Tre minutt seinare sette bror Kristian Søviknes
inn 2-0 på frispark utafor kanten av 16 meteren. Norborg slakka litt på
tempoet etter den valdsame opninga, men fortsette å styre banespelet.
Jubileumsmål for Snes
Tjue minutt før pause sette Kristian Søviknes inn nok eit frispark. Denne
gong fauk ballen i mål oppe ved krysset. Norborg sitt 3-0 mål er samstundes
seriemål nr. 1600 sidan starten i 1968. I sluttminutta av omgangen sette
Tarjei Urkedal inn 4-0 etter innlegg av Kristoffer Søviknes, medan Adrian
Håbet scorar 5-0 etter veggspel med Kristian Søviknes.
Norborg viste i denne omgangen solid defensiv jobbing og særs høg effektivitet.
Ein fekk store rom på midtbana mot eit Vigra-lag som var svakare i alt.
Sjansesløsing
Dei om lag 50 tilskodarane venta seg nok mange nye mål etter kvila, men
Norborg var ikkje like på hogget i denne omgangen. Det første kvarteret
var direkte keisamt, medan ein i den siste halvtimen hadde fleire gode
forsøk. Tarjei Urkedal ropte også på straffe nokre gongar utan at dommar
var einig. Dermed endar kampen med ein grei 5-0 siger til heimelaget,
som no har spelt ni kampar på rad utan tap.
Mange gode på Norborg, og då spesielt før pause. Etter vart det mange
feilval, samstundes som Vigra sin keeper hadde fleire gode redningar.
Bestemannsprisen gir vi til Kristian Søviknes for to flotte mål og mange
gode pasningar. Roger Grytten hadde full kontroll i forsvar, medan Adrian
Håbet leika seg til tider med motstandaren. Han har også ei god evne til
å skape seg rom. Dette var Adrian sin siste kamp på ei stund då han reiser
i militæret.
Norborg skal i dei neste rundane ut i toppkampar mot Bergsøy, Herd og
Stranda. Neste kamp er torsdag kl. 19 i Fosnavåg.
På notisblokka:
2 min: 1-0. Kristoffer sette ballen i fin boge over keeper etter legg
frå Urke.
5 min: 2-0. Snes sette frispark i mål frå nærmare 30
meter ute på kanten.
24 min: Urke skyt frå nokre å tjue meter, men rett på
keeper.
26 min: 3-0. Snes sette frispark i krysset frå 22 meter.
40 min: 4-0. Tarjei scorer etter lågt innlegg av Kristoffer.
43 min: 5-0. Adrian spelar vegg med Snes. Skjer inn i 16 meteren å
skyt i mål.
45 min: Uventa skot frå 30 meter av Vigra. Geir Roar får redda.
60 min: Adrian fører fram, speler til Tarjei som misser i mottaket
åleine med keeper.
61 min: Furnes med godt legg il Urke som får volleyskotet sitt frå
5 meter redda.
65 min: Fint kombinasjonsspel av Reitan og Kriss, som slår til Tarjei,
men keeper reddar glimrande.
67 min: Skjalg med skot frå 17 meter. Keeper slår til corner.
71 min: Tarjei igjennom, men vel tidleg avslutning utafor.
90 min: Skjalg avsluttar, men keeper reddar til corner.
91 min: Adrian corner til Morten, men avslutninga går over.

Fire forskjellege målscorarar mot Vigra. Frå venstre Kristoffer Søviknes, Tarjei Urkedal, Adrian Håbet og Kristian Søviknes.
|