|
Norborg2
- Lepsøy 1-1 (0-0) 1-0 Martin Grytten (72) Heimelaget stilte med sin breiaste tropp hittil i år, men spelet var langt frå årsbeste mot eit redusert Lepsøy-lag. Norborg2 hadde eit lite spelemessig initiativ den første halvtimen, der spesielt Skjalg Volstad var aktiv på høgrekanten, men dårleg aggressivitet framfor mål gav ikkje dei store sjansane. Nærast mål var Geir Ove Grønli med ei heading utafor etter innlegg av venstrekant Ole Johan Urke. Lepsøy kom seg til eit par halvsjansar det siste kvarteret før pausen, men var elles tamme i angrep med mange feilpasningar. Dermed 0-0 ved sidebytte. Norborg2 startar best etter kvila og både Martin Grytten og Geir Ove Grønli har sjansar til å score dei første ti minutta. Sistnemnde burde ha funne vegen til nettmaskene på ei heading etter godt slått frisparkinnlegg av André Larsen, men headinga frå 5-meteren gjekk utafor. Lepsøy kjempar seg så inn i kampen og har nokre gode skot, men keeper Kurt Erik Grytten har god kontroll. I avslutningskvarteret opnar kampen seg meir opp, og 16-åringen Martin Grytten kjem seg til gode sjansar for heimelaget. Dryge ti minutt før slutt lagar han 1-0 då han vart spelt fri av Geir Ove Grønli. Åleine med keeper tok han seg god tid og sette ballen sikkert i nota. Lepsøy er heller ikkje ufarlege, og kjem seg til eit par store sjansar før Svein Ove Farstad tek saka i eigne hender og bankar ballen i nota frå ca. 30 meters hald ute ved langsida. Dermed 1-1, noko som gav eit riktig bilete av kampen. |
|
| tilbake | skriv innlegg |