Rollon - Norborg 3-3 (2-2)
Rollon gras, 28.06.07

14 sjansar 9
5 cornere 2

1-0 Johan Strand (3)
1-1 Tarjei Urkedal (10)
1-2 Asgeir Kalvø (21)
2-2 Fredrik Ytterlid (27)
2-3 Tarjei Urkedal (70)
3-3 Kristian Tafjord (90)

Dommar: Oddbjørn Aam (Åmdal)
Assistentdommarar: Palmar Blindheim (Blindheim) og Arild Steinsbu (AaFK)

Tre beste:
Tarjei Urkedal
Asgeir Kalvø
Edward Laverton

Laget: Geir Roar Gamlem - Asgeir Kalvø, Knut Ivar Bjørlykhaug, Steffen Grytten, Stein Erik Reitan - Kristian Søviknes, Bee, Kim Idar Krogsethagen (Ole Johan Urke, 56) - Edward Laverton (Eivind Fjørtoft, 87), Tarjei Urkedal, Kristoffer Søviknes (Skjalg Volstad, 87)

Norborg var nær ved å røve med seg alle poenga mot Rollon, men like før slutt greidde ikkje oransjetrøyene å stå i mot presset, og heimelaget fekk si utlikning.

- Mot Godøy føltest det som vi vann poeng med utlikning i sluttminutta, i dag føltes det meir som eit tap rett etter kampslutt. Totalt så skal oss vere fornøgd med poeng borte mot Rollon. Vi jobbar vanvittig bra for kvarandre i 2. omgang, og så skulle eg berre ha chippa den siste store sjansen vår på overtid over keeperen, sa ein litt bitter spelande assistenttrenar Kristan Søviknes.

Bra spelever, fin bane og godt med folk i Larsgården denne kvelden. Alt låg dermed til rette for ein fin fotballkveld.

Rollon best i gong
Eit heimelag i spelehumør la press på Norborg frå første spark og knappe tre minutt ut i kampen sprang Johan Strand frå Norborg-forsvaret og laga 1-0. Rollon fortsette å styre spelet, men så sovner Kenneth Ove Sunde med ballen. Det er farleg med Norborg sin arbeidssame spiss Tarjei Urkedal like ved. Han snappar ballen, driblar eit par spelarar og får to sjansar av keeper Kristian Muriaas. Den andre sette han i mål til 1-1.

Norborg med god periode
Rollon kom seg til nokre sjansar etter utlikninga, men så tok Norborg over. Først fekk Steffen Grytten ein gedigen sjanse, men frå 5-meters hald sette han ballen over det opne målet. Like etter er det Tarjei Urkedal og Edward Laverton som kombinerte fint ute på venstresida, men Muriaas får redda forsøket til Urkedal til corner. Norborg er farlege på dødballar, og på den påfølgjande corneren til Bee stussa Asgeir Kalvø inn 2-1.

Norborg får behalde leiinga i 6 minutt, for då klinkar Fredrik Ytterlid inn 2-2 på eit utsøkt skot ifrå 17 meter. På tampen av omgangen kom begge lag seg til kvar sin sjanse, men utan resultat.

Bonden fornektar seg ikkje
Rollon startar 2. omgang forrykande og kom seg til to sjansar dei første minutta. Den største ved Kim Haagensen som heada ein corner like utafor. Norborg kom seg til hektene og vi får ein tjueminutts periode der ingen av laga greier å kome seg til dei store sjansane. Ved halvspelt omgang tok høgreback Stein Erik Reitan turen i angrep, han spelte flott igjennom Tarjei Urkedal som sette ballen sikkert i nota til 3-2.

Tafjord redda heimepoeng
Rollon pressar stadig meir på utover omgangen, men sleit med effektiviteten framfor mål. Norborg fekk rom framover på bana og er slettes ikkje ufarlege på kontringar. Likevel, det er fortent då Kristian Tafjord sette inn 3-3 i det uret passerte 90 minutt. Særs bittert for Norborg-spelarane som hadde fleire sjansar til å klarere før ballen hamna hos Tafjord på ti meter.

På overtid får først Johan Strand ein stor sjanse til å score, men åleine igjennom klinka han ballen til skogs. I kampens siste sekund er det Norborg sin Kristian Søviknes som blir spelt fri, men keeper Muriaas får fingertuppane på ballen. Dermed endar kampen 3-3. Noko som naturleg begge lag var litt skuffa over rett etter kampslutt. Rollon fordi dei skapte dei fleste sjansane, Norborg fordi dei leia 3-2 til sluttminutta.

God jobbing
Norborg jobba i dag som eit lag og med ein slik innsats framover er det mange fleire enn Rollon som får problem. Litt problemer defensivt mot lure og gode heimespelarar, men ein jobba seg etterkvart inn i kampen. Best på Norborg syntes vi Tarjei Urkedal var. I tillegg til 2 mål jobba han knallhardt gjennom 90 minutt. Asgeir Kalvø gjorde også ein stødig kamp på venstrebacken, medan Edward Laverton jobba særs godt ute på venstrekanten. Berre målet som mangla, men det nærma seg.

Neste kamp for Norborg er borte mot Bergsøy torsdag 5. juli kl. 1930.
tilbake | skriv innlegg