|
Vakna for seint
Norborg deltok laurdag i sluttspelet av Rica Parkett Cup for menn. Etter
to svake kampar vakna laget og viste fram festfotball. Diverre var ikkje
dette nok til å gå vidare til semifinalen.
Pulje A

(Resultat henta frå www.vti-fotball.no)
Tabell
|
1.
|
Volda
|
4 3-0-1
|
28-20 9
|
|
2.
|
Ørsta
|
4 2-1-1
|
25-15 7
|
|
3.
|
Blindheim
|
4 2-0-2
|
19-21 6
|
|
4.
|
Norborg
|
4 1-1-2
|
26-25 4
|
|
5.
|
ÅVK
|
4 1-0-3
|
17-34 3
|
Volda - Norborg
9-5
1-0 Viddal (2)
1-1 Tarjei Urkedal (4)
2-1 Driveklepp (5)
3-1 Åkre (8)
3-2 Kim Idar Krogsethagen (10)
3-3 Kim Idar Krogsethagen (11)
4-3 Ryste (12)
4-4 Kristian Søviknes (13)
5-4 Grimstad (13)
6-4 Bjørge (14)
7-4 Viddal (17)
8-4 Nerbø (19)
8-5 Kim Idar Krogsethagen (23)
9-5 Bjørge (25)
Norborg brukar å vere blant dei som slepp inn minst mål i
innandørsfotball, men i denne kampen var det lite som stemte. Oransjetrøyene
såg ikkje ut til å ha trua på poeng sjølv om
stillinga var 4-4 etter 13 minutt spel. Innsatsen og rørsla var
på eit lågnivå, og Volda kunne innkassere tre lette
poeng. Forsvarssjef og innpiskar Steffen Grytten var tydeleg sakna i denne
kampen. Det same var spissane Lennart Holmem og Ståle Hurlen.
Norborg - Blindheim 4-8
0-1 Hellevik (3)
1-1 Kim Idar Krogsethagen (4)
1-2 Ottersen (8)
1-3 Lauvås (11)
1-4 Morterud (13)
1-5 Blindheim (14)
1-6 Blindheim (15)
2-6 Adrian Håbet (21)
2-7 Hagerup (25)
3-7 Tarjei Urkedal (26)
3-8 Ottersen (27)
4-8 Kristian Søviknes (28)
Norborg måtte vinne denne kampen og styrte kampen dei første
minutta. Det var likevel Blindheim som tok leiinga på sin første
sjanse i det tredje minutt. Kim Idar Krogsethagen utlikna kort tid etter
og Norborg skapte yttarlegare to gedigne sjansar dei neste minutt, men
utruleg nok greidde ein ikkje å score. Då Terje Ottersen ga
Blindheim leiinga mot spelets gong, gjekk lufta fullstendig ut av oransjetrøyene,
og Blindheim tok ein komfortabel siger.
Norborg - ÅVK 12-3
1-0 Kristian Søviknes (1)
2-0 Adrian Håbet (2)
3-0 Kristian Søviknes (3)
4-0 Adrian Håbet (5)
5-0 Kim Idar Krogsethagen (6)
6-0 Kristian Søviknes (8)
6-1 Flister (10)
7-1 Adrian Håbet (12)
7-2 Åland (14)
8-2 André Larsen (15)
9-2 Knut Ivar Bjørlykhaug (16)
10-2 André Larsen (17)
11-2 Tarjei Urkedal (19)
12-2 André Larsen (24)
12-3 Støylen (27)
Endeleg tok Norborg ut det vi veit dei kan, og vips vart ÅVK feid
av bana med utklassingssiffera 12-3. Eit resultat som fort kunne ha blitt
langt større. - Vi burde ha scora minst 5 mål til. Vi bomma
for opent mål ved fleire høve, sa Kristian Søviknes
etter kampen. Norborg trengte storsiger for å fortsatt ha håp
om plass i semifinalen. Ein gjekk knallhardt ut og pressa svært
høgt. Denne taktikken ga resultat med ein gong, og Norborg leia
3-0 før 3 minutt var spelt. Endeleg begynte også dei nye
på laget å vise seg fram, og André Larsen fekk notert
seg for tre mål, saman med Kristian Søviknes og Adrian Håbet.
Ørsta - Norborg 5-5
1-0 Rebbestad (3)
2-0 Kleppe (7)
2-1 Tarjei Urkedal (9)
3-1 Kleppe (10)
3-2 Kim Idar Krogsethagen (10)
3-3 Tarjei Urkedal (18)
4-3 Winjevoll (20)
4-4 Adrian Håbet (22)
5-4 Rebbestad (25)
5-5 Kim Idar Krogsethagen (25)
Norborg måtte vinne med fem mål for å gå til semifinalen.
Det viste seg etterkvart å bli ei umogeleg oppgåve for slitne
norborgarar. Innsatsen mot ÅVK i kampen før hadde kosta for
mykje og Ørsta var i føringa det meste av kampen, men Norborg
kom alltid tilbake og fekk seg eit velfortent poeng.
Tropp og mål:
|
Kim Idar Krogsethagen
|
7
|
|
Kristian Søviknes
|
5
|
|
Tarjei Urkedal
|
5
|
|
Adrian Håbet
|
5
|
|
André
Larsen
|
3
|
|
Knut Ivar Bjørlykhaug
|
1
|
|
Stein Erik Reitan
|
|
|
Roger Grytten
|
|
|
Geir Roar Gamlem
|
|
Pulje B

Tabell henta frå
www.vti-fotball.no
I pulje B vart det "a walk in the park" for Brattvåg.
Hareid utnemnte seg sjølve som favorittar til å vinne heile
KM, men vart sendt heim som slakt av Brattvåg. Godøy vann
den viktige kampen mot Hareid med 5-2, og vann relativt greitt over GuLars
etter å ha slitt med utteljinga i starten av kampen.
Semifinalar:
Volda - Godøy 8-4
Brattvåg - Ørsta 7-3
Bronsefinale:
Godøy - Ørsta 9-6
Ørsta tok tidleg leiinga, men Godøy kom sterkt tilbake og
tok si andre bronse på rad. Vi gratulerer!
Finale:
Brattvåg - Volda 4-3 s.d.
Reprise på fjorårets finale. Brattvåg leia 3-0 ved halvspelt
etter mål av Kristian Grønmyr og Martin Sundnes (2). Volda
ga likevel ikkje opp og brukte berre dryge fem minutt på å
hente opp leiinga. 3-3 stod seg til ordinær tid var ute. I sudden
death var Brattvåg best og Martin Sundnes avgjorde kampen med si
tredje scoring. Vi gratulerer!
Kvar var publikum? Volda argumenterte for at det ville bli folketomt i
Voldahallen dersom dei ikkje fekk delta i sluttspelet. Ifølgje
Brattvåg-leiren kunne ein telje antal publikummarar i finalen på
fire hender...

Knut Ivar, Adrian og André koser seg på Naustet i pausa.

Roger fekk store gnagsårproblem etter to kampar.
|