|
God innsats på
inne-KM
- Norborg1 vidare med glans!
Begge Norborg sine lag leverte ein solid innsats under det innleiande
spelet av Rica Parkett Cup for menn, som vart Sunnylven IL var dyktige
arrangørar av. Norborg1 tok seg lett vidare til sluttspelet i Voldahallen
om to veker, medan det unge Norborg2 skapte mykje frustrasjon for langt
meir rutinerte lag.
Norborg1 med full pott!
Tropp: Geir Roar Gamlem, Kim Idar Krogsethagen, Kristian Søviknes,
Adrian Håbet, Lennart Holmem, Stein Erik Reitan, Steffen Grytten,
Ståle Hurlen og Tarjei Urkedal.

Tabell henta frå sunnylven.no
Hildre - Norborg1 0-10
0-1 Tarjei Urkedal (5 min), 0-2 Adrian Håbet (6), 0-3 Lennart Holmem
(7), 0-4 Adrian Håbet (8), 0-5 Ståle Hurlen (17), 0-6 Kim
Idar Krogsethagen (22), 0-7 Ståle Hurlen (23), 0-8 Kim Idar Krogsethagen
(24), 0-9 Ståle Hurlen (25), 0-10 Stein Erik Reitan (28)
Det tok litt tid før Norborg greidde å finne vegen til nettmaskene
mot eit defensivt og hardtarbeidande Hildre-lag, men når ein først
sprengte nullen, så kom det fire raske. Likevel, Norborg sleit i
periodar med å omsette sjansar i mål, og det var ikkje før
i dei siste minutta at det igjen raste på med mål. Hildre
hadde også sine sjansar, blant anna to gongar aleine med keeper
Geir Roar Gamlem, men sistnemnde stod glimrande.
Norborg1 - Ravn 7-3
1-0 Lennart Holmem (5), 2-0 Ståle Hurlen (9), 3-0 Steffen Grytten
(11), 3-1 Heggelund (13), 3-2 Dalhaug (14), 4-2 Steffen Grytten (17),
5-2 Steffen Grytten (22), 6-2 Lennart Holmem (26), 7-2 Lennart Holmem
(27), 7-3 Gjøsund (28)
Norborg gjekk opp i ei komfortabel 3-0 leiing mot nabo Ravn, men to raske
frisparkmål ga kamp igjen for ei lita stund. Men Norborg har større
breidde i sin tropp, og etterkvart som kamp gjekk kom styrkeforhaldet
meir og meir til syne. Steffen Grytten og Lennart Holmem putta to mål
kvar dei siste ti minutta før Arnfinn Gjøsund fastsette
sluttresultatet til 7-3 nokre sekund før slutt. Tidvis bra kamp
av Norborg der ein gjorde det viktigaste og fekk med seg tre poeng.
Norborg1 - Skarbøvik 5-3
1-0 Ståle Hurlen (3), 2-0 Kim Idar Krogsethagen (5), 2-1 ? (9),
2-2 ? (11), 2-3 ? (13), 3-3 Lennart Holmem (16), 4-3 Steffen Grytten (21),
5-3 Tarjei Urkedal (27)
Norborg1 rekna sjølvsagt SIF som sin argaste konkurrent i denne
gruppa, og med tre poeng her skulle mykje gå gale om det ikkje vart
avansement. Norborg1 styrte frå start av og gjekk opp i 2-0 leiing
før fem minutt var spelt etter mål av Ståle Hurlen
og Kim Idar Krogsethagen. Men så sette SIF inne ei stygg takling
på Lennart Holmem, og i dei minutta han låg skada på
sidelinja putta SIF tre gongar. Så entra ein småforbanna og
innbitt Lennart bana igjen, og i eit slikt humør er han som dei
fleste veit ustoppeleg. Knappe 20 sekund gjekk før han smelte inn
utlikninga. Norborg1 styrte no kampen, og då SIF fekk keeperen utvist
kunne det berre gå ein veg. Steffen Grytten dunka inn 4-3 på
slutten av overtalsperioden, medan Tarjei Urkedal punkterte kampen like
før slutt. 5-3, og fortent siger.
Norborg1 - HaNo 4-3
1-0 Kristian Søviknes (1), 1-1 ? (3), 2-1 Kim Idar Krogsethagen
(4), 2-2 ? (6), 3-2 Steffen Grytten (23), 4-2 Adrian Håbet (24),
4-3 ? (26)
Norborg tok leiinga allereie etter ca. 45 sekund av denne kampen ved Kristian
Søviknes, og det utan at HaNo hadde fått vore nær ballen.
Gleda varte likevel ikkje lenge, og HaNo kvitterte to minutt seinare på
frispark. Kim Idar Krogsethagen var svært uenig i frisparket som
førte til mål, og tok dermed saka i eigne hender og ordna
2-1 på eit såkalla aggresjonsmål. Men HaNo kom nok ein
gong raskt tilbake. Fire mål og flott spel på dei første
6 minutta vart etterfølgt av eit kvarter med svært lite underhaldning.
Norborg trilla ball, medan HaNo låg kompakt på eigen halvdel.
Fem minutt før slutt fann så Norborg endeleg opninga i HaNo-forsvaret,
og Steffen Grytten og Adrian Håbet putta to mål på eitt
minutt. Eit par minutt før slutt ga HaNo litt spenning i kampen
igjen, men Norborg hadde kontroll og vann fortent. Dermed gjekk ein vidare
med full pott, og ifølgje turneringsleiar Steinar Hjelle, det einaste
laget utan kort.
Feiande flott turnering av Norborg1 der ein hadde få problem med
å ta seg vidare til sluttspelet. Det som skil Norborg frå
dei andre laga er to jamnsterke firarar og ingen svake punkt. Målet
bør no vere semifinaleplass. Eit skår i gleda er at Lennart
Holmem vart skada i ankelen, medan Steffen Grytten blir borte finalehelga.
Desse scora for Norborg1
|
Lennart Holmem
|
5 (måtte
stå over siste kamp grunna skade)
|
|
Ståle
Hurlen
|
5
|
|
Steffen Grytten
|
5
|
|
Kim Idar Krogsethagen
|
4
|
|
Adrian Håbet
|
3
|
|
Tarjei Urkedal
|
2
|
|
Stein Erik Reitan
|
1
|
|
Kristian Søviknes
|
1
|
Stor vilje av Norborg2
Norborg2 stilte med ein redusert tropp og dermed med berre 6 utespelarar
og 1 keeper. Dei som tok turen til Stranda viste imidlertid stor innsats
og var nær ved å ta fleire skrellar.
Tropp: Trond Elstad, Knut Ivar Bjørlykhaug, Kjell Terje
Brusdal, Edward Laverton, Elling Mikal Kalvø, Kristian Furnes og
Ole Johan Urke.

Norborg2 - Blindheim 2-8
1-0 Edward Laverton (7), 1-1 ? (8), 1-2 ? (10), 1-3 ? (11), 1-4 ? (16),
2-4 Kristian Furnes (24), 2-5 ? (26), 2-6 ? (26), 2-7 ? (27), 2-8 (28)
Jamne opningsminutt før Edward Laverton ga Norborg leiinga over
det nye 3. divisjonslaget. Blindheim kom likevel raskt tilbake og på
tre minutt hadde dei snudd kampen til 3-1 leiing. Norborg ga likevel ikkje
opp, og var slettes ikkje underlegne Blindheim dei første 25 minutta.
Men på slutten var Norborg sine spelarar svært slitne og Blindheim
tok til slutt ein komfortabel 8-2 siger.
Skodje - Norborg2 4-5
0-1 Knut Ivar Bjørlykhaug (1), 1-1 ? (3), 2-1 ? (7), 2-2 Edward
Laverton (11), 3-2 ? (12), 4-2 ? (15), 4-3 Knut Ivar Bjørlykhaug
(21), 4-4 Ole Johan Urke (24), 4-5 Knut Ivar Bjørlykhaug (26)
Norborg tok leiinga allereie i opningsminuttet ved Knut Ivar Bjørlykhaug,
men Skodje kom seg til hektene og snudde kampen. Halvvegs ut i kampen
leia dei 4-2 mot unghynane frå Norborg. Men då sette Norborg
opp tempoet og viste godt spel dei siste ti minutta. To mål av Knut
Ivar Bjørlykhaug og eitt av Ole Johan Urke gjorde at Norborg2 kunne
juble for tre poeng.
Norborg2 - Spjelkavik 4-5
0-1 ? (5), 0-2 ? (9), 0-3 ? (10), 1-3 Elling Mikal Kalvø (12),
1-4 ? (16), 2-4 Ole Johan Urke (25), 3-4 Kristian Furnes (26), 4-4 Edward
Laverton (27), 4-5 ? (28)
Vi frykta det skulle bli stortap då Spjelkavik gjekk opp til 3-0
leiing ti minutt ut i kampen, men slik skulle det ikkje gå. Elling
Mikal Kalvø reduserte til 1-3 før Spjelkavik på ny
gjekk opp i 3-målsleiing. Nokre minutt før slutt sette Norborg
eit skikkeleg støkk i Spjelkavik då Ole Johan Urke, Kristian
Furnes og Edward Laverton scora tre raske. Men tre sekund før slutt
greidde Spjelkavik å avgere kampen til sin fordel. Likevel, imponerande
innsats av Norborg, og med litt meir rutine hadde ein nok greidd å
dratt i land eitt poeng.
Norborg2 - Sunnylven 3-5
0-1 ? (5), 0-2 ? (9), 1-2 Kjell Terje Brusdal (10), 2-2 Kjell Terje Brusdal
(11), 3-2 Kristian Furnes (13), 3-3 ? (15), 3-4 ? (23), 3-5 ? (27)
Sunnylven trengte siger for å ha sjanse til å gå til
sluttspelet, og tok også ei oppskriftsmessig leiing. Men Norborg
var fullt på høgde med arrangørlaget, og det var fortent
då ein snudde kampen til 3-2 etter to mål av Kjell Terje Brusdal
og eitt av Kristian Furnes. Norborg fortsette å rundspele Sunnylven
og hadde fleire stolpeskot. Men Sunnylven har effektive spelarar og etterkvart
som Norborg-spelarane vart slitnare og slitnare avgjorde ein kampen til
sin fordel. Mykje bra spel av Norborg i denne kampen der ein hadde Sunnylven
på gyngande grunn, men diverre fekk ein ikkje ballen i mål
på opplagte sjansar. Litt meir rutine i slike situasjonar (klart
fleirtal av midtstopparar på dagens Norborg2) så hadde nok
Norborg tatt alle poenga.
Alle på Norborg2 skal vere stolte over lagets og sine eigne prestasjonar
idag. Mykje speleglede og humør gjorde at dette vart ei positiv
turnering.
Desse scora for Norborg2
|
Knut Ivar Bjørlykhaug
|
3
|
|
Kristian Furnes
|
3
|
|
Edward Laverton
|
3
|
|
Ole Johan Urke
|
2
|
|
Kjell Terje
Brusdal
|
2
|
|
Elling Mikal
Kalvø
|
1
|
Hildre - årets
publikumslag
Hildre var turneringa si store overrasking med sigrar over både
HaNo og Ravn. Etter 0-10 for Norborg1 i første kamp spelte ein
seg opp mot Skarbøvik og begrensa tapet til 1-6. Hildre sitt mål
vart scora av Amund Terøy. Men så sette Hildre igang med
festfotball. Mot HaNo førte ein heile kampen og leia ei stund 5-2,
før HaNo kom tilbake og utlikna nokre minutt før slutt.
Men Hildre ga seg ikkje og avgjorde kampen med dryge minuttet igjen å
spele. Amund Terøy (3), Geir Magne Grande (2) og André Larsen
scora måla. I siste kamp møtte ein Ravn i kampen om 3. plassen
i gruppa. Her viste Hildre seg som det beste laget og vann 7-4 etter mål
av Kristian Fjørtoft (3), Amund Terøy (2) og André
Larsen (2).

Amund Terøy (t.v.), Kristian Fjørtoft og André Larsen
kosa seg etter sigeren over HaNo.

Norborgarane slappa av med kortspeling i pausene mellom kampane.

Kjell Terje Brusdal gjennomførte ei flott turnering for Norborg2
Elles takk til Sunnylven IL for ei flott turnering.
|