Brattvåg eller Volda?

Laurdag er det endeleg duka for sluttspelet i Rica Parkett Cup for menn. Ni lag skal i aksjon i Voldahallen der Brattvåg og Volda er våre favorittar til å nå finalen, med Hareid som fremste outsider.

Pulje A:

Volda
Ørsta

Norborg
Blindheim
ÅVK

Sjølv om Volda eigentleg rauk ut av inne-KM blir dei pulja sin favoritt. Vi trur Volda stille med eit sterkare lag enn dei gjorde i Olivinhallen for nokre veke sidan, og med heimepublikum i ryggen blir fjorårets sølvvinnar vanskelege å stoppe.

Vi trur Ørsta blir det andre laget frå denne gruppa som går til semifinale. Ørsta gjorde ein heller svak innsats i fjorårets sluttspel, og laget slapp også inn mange mål mot svakare motstand i det innleiande spelet i Olivinhallen tidlegare i haust. Likevel, laget skal vere vande med å spele på eit høgare nivå enn dei tre 4. divisjonslaga.

Norborg har vore nær semifinale dei siste åra, men har ikkje hatt marginane på si side. Oransjetrøyene var gode i det innleiande spelet og hadde si forse i to jamngode firarar. Laget var svært solid bakover på bana og scora også brukbart med mål, men Ståle Hurlen, Lennart Holmem og Steffen Grytten vil mangle denne helga. Desse scora fem mål kvar og stod dermed for over halvparten av Norborg sine mål i det innleiande spelet. Likevel, Norborg har mange gode innespelarar, og spelarar som Roger Grytten, André Larsen og Knut Ivar Bjørlykhaug er i stand til å fylle tomrommet. Roger var opprinneleg uttatt i troppen til det innleiande spelet, men likar desserten best, og deltek først no. André imponerte på Hildre og vart speleklar for Norborg denne veka, medan Knut Ivar var særs god på Norborg2 og får no sjansen til å delta med dei "store gutta".

Blindheim hadde store problem med å ta seg vidare frå det innleiande spelet, og imponerte ingen i Strandahallen. Laget mangla då Terje Ottersen. Er han på plass blir det garantert nivåheving, men vi tvilar på at laget går til semifinale.

ÅVK veit vi lite om inne. Ole Per Kragset er nok i stand til å dunke inn ein del mål, men bak han tvilar vi på kvaliteten.

Pulje B

Brattvåg
Hareid

Godøy
GuLars

Brattvåg har ein enorm giv for tida og sjølv om Arnel Colic har fri, så skal gultrøyene vinne denne gruppa. Hadde svak motstand i det innleiande spelet og vil naturleg nok få det tøffare no, men laget har såpass rutine frå innefotball at sjølv om ein har kome i den tøffaste gruppa så bør det bli 1. plass.

Hareid nådde semifinalen i fjor, men var få sekund frå å bli utslått av Norborg. Laget låg då under 2-5 få minutt før slutt. Laget tok seg greitt vidare frå det innleiande spelet i Olivinhallen og banka blant anna Volda 10-1. Langt kvassare motstand no, og kan få det tøffare enn dei sjølv ventar.

Godøy er eit godt innelag og slo blant anna ut Stranda på vegen til sluttspelet. Har hamna i "dødens pulje", og må ha marginane på si side om det skal bli avansement. Vi held ein liten knapp på Hareid i kampen om 2. plassen, og plasserar Godøy på 3.

GuLars slo ut Hødd på vegen til sluttspelet, men kva lag Hødd stilte med veit vi lite om. Er sluttspelet sitt svakaste utelag, men det behøver ikkje å seie så mykje. Har ein del spelarar som har prøvd lykka lenger opp i divisjonane, men vi trur nivået blir for tøft.

Semifinalane

Volda - Hareid
Brattvåg - Ørsta

Volda vil nok gjere sitt yttarste for å få hevn for 10-1 tapet mot Hareid i det innleiande spelet. Noko vi trur dei får.

Brattvåg har meir kvalitet enn Ørsta og tek seg vidare til finalen.

Bronsjefinale

Hareid - Ørsta

Hareid får trøyste seg med bronsa.

Finale

Volda - Brattvåg

Reprise frå fjorårets finale. Jamnt, men vi har på følelsen av at laget som først vart utstlått i det innleiande spelet, for så å kome med igjen, vinn heile KM.

tilbake | skriv innlegg