|
Heiderleg
bronse på øyacupen
Norborg sitt herrelag
gjorde ei fullt ut godkjent turnering då ein tok heim 3. plassen
under årets Øyacup på Fjørtofta etter 2-1 siger
over HaNo i bronsefinalen.
Norborg-Brattvåg 0-1 (0-0)
Mål: Martin Sundnes (48)
Laget: Kurt Erik Grytten - Christian Søvik, Knut Ivar Bjørlykhaug,
Steffen Grytten, Tarjei Urkedal - Kristian Søviknes, Eirik York,
Stein Erik Mårstøl, Stein Erik Reitan - Kim Idar Krogsethagen,
Edward Laverton.
Benytta innbyttera: Adrian Håbet, Martinus Grytten og Stig Wold
Norborg fekk den første sjansen i kampen mot erkerival Brattvåg
då Kristian Søviknes legg eit frispark perfekt på hovudet
til Christian Søvik, men diverre for oransjetrøyene reddar
Espen Wold meisterleg. Norborg fortsette å vere hakket betre enn
Brattvåg dei neste minutta, og kjem seg til sin andre sjanse etter
at ein Stein Erik Reitan corner finn Kim Idar Krogsethagen på bakerste.
Kim Idar sitt sikte var derimot ikkje godt nok innstilt, og gultrøyene
kunne puste letta ut.
Etterkvart tek Brattvåg over initiativet, og etter dryge ti minutt
får Martin Sundnes sin første sjanse i kampen, men avslutninga
hans treff ikkje mål. Etter eit kvarter med utprega feriefotball
får Brattvåg ein dobbelsjanse på slutten av 1. omgang,
men Tarjei Urkedal hindrar mål med ei redning på strek. Dermed
0-0 til pause.
Etter pausen er det svært lite å skrive heim om. Kampen har
lågt tempo og spelarane viser liten duellvilje. Heilt på tampen
av kampen får vi så det avgjerande målet då Lennart
Holmem slår ein tunnell på Tarjei og sentrar uselvisk til
Martin Sundnes, som enkelt sette ballen i mål frå få
kloss hald. Norborg sender mange mann opp i sluttsekunda, men greie ikkje
å finne nettmaskene denne gong.
Norborg-Lepsøy 2-0 (0-0)
Mål: Tarjei Urkedal (28) og Eivind Davik Fjørtoft (42)
Laget: Kurt Erik Grytten - Christian Søvik, Knut Ivar Bjørlykhaug,
Steffen Grytten, Stig Wold - Kristian Søviknes, Stein Erik Mårstøl,
Stein Erik Reitan - Tarjei Urkedal - Kim Idar Krogsethagen, Edward Laverton
Benytta innbyttera: Adrian Håbet, Eivind Davik Fjørtoft og
Amund Terøy
Ettersom Brattvåg og Lepsøy spelte 0-0 var Norborg sin draum
om finale knust, medan Lepsøy trengte siger for å nå
sin andre finale på rad.
Norborg sine spelarar gjorde ein slett innsats i 1. omgang og vart til
tider utspelt av 6. divisjonslaget Lepsøy. Heldigvis kunne ein
gå til pause med 0-0. Etter samling i botn i pausa vart det vist
langt andre takter i 2. omgang. Ettersom 4-3-1-2 formasjonen ikkje fungerte
la ein om til den sedvanlege 4-4-2 formasjonen, sette inn Adrian Håbet
på høgrekant og Tarjei Urkedal vart flytta opp som rein spiss.
Dette fungerte umiddelbart, og allereie etter tre minutt låg ballen
i nota bak Thomas Gjerde. Tarjei fekk æra av å putte ballen
i mål etter glimrande forarbeid av Adrian.
Norborg fortsette å dominere etter scoringa, og spesielt Adrian
leika seg med stakkars Lepsøy-spelarar som såg finalehåpet
bli knust. Etter halvtimen burde Kim Idar Krogsethagen ha auka til 2-0
etter å ha blitt servert ballen på sølvfat av nettopp,
Adrian. Men målet let vente på seg. Åtte minutt før
slutt presenterar imidlertid ein anna gutespelar seg, Eivind Davik Fjørtoft,
då han punkterar kampen med si scoring frå kloss hald. Målet
kjem etter forarbeid av Adrian og Kim Idar. Norborg fortsette å
føre kampen, men greier ikkje å score fleire mål.
Norborg-HaNo 2-1 (0-0)
1-0 Tarjei Urkedal (31)
2-0 Edward Laverton (33)
2-1 Tore Fjørtoft (42)
Laget: Kurt Erik Grytten - Stein Erik Alvestad, Christian Søvik,
Kim Idar Krogsethagen, Stig Wold - Kristian Søviknes, Eirik York,
Eivind Fjørtoft, Adrian Håbet - Tarjei Urkedal, Edward Laverton
Benytta innbyttera: Bjørnar Engeset, Stein Erik Reitan, Amund Terøy,
Ole Johan Urke og Bee.
Gleda i Norborg-leiren var stor då ein fekk vete at det var HaNo
ein skulle møte i bronsefinalen. Dermed vart det litt prestisje
i kampen, samt ein fekk sette blåtrøyene på plass før
haustens to seriemøter.
Norborg brukte litt tid på å få i gong maskina, men
frå ti minutt og ut 1. omgang var oransjetrøyene det klart
beste laget. Norborg sine to første sjansar er det Edward Laverton
som får, men misbrukar begge. Den andre sjansen kom etter eit utruleg
raid av venstreback Stein Erik Alvestad. Han tok med seg ballen frå
eigen halvdel, lurte eit halvt dusin haramsøyingar og spelte uselvisk
til Edward, som avslutta rett på Thomas Gjerde i HaNo-buret. Norborg
sin tredje sjanse er det Tarjei Urkedal som får etter fantastisk
forarbeid av Stig Wold og Adrian Håbet. Avslutninga til "bonden"
står likevel ikkje i stil til resten av angrepet. Dermed stod det
0-0 til pause.
Norborg starta også 2. omgang best, og etter to minutt får
Tarjei ein ny sjanse, men skotet hans frå 14 meter blir redda av
Gjerde. Fire minutt seinare og på sin tredje sjanse lykkast så
Tarjei. Målet kom etter glimrande forarbeid av Edward og Adrian.
Sistnemnde la inn til Tarjei, som frå 10 meter sette ballen i nota
bak ein sjanselaus Gjerde.
To minutt seinare doblar Edward leiinga. Målet er nærmast
identisk med Tarjei sitt. Adrian gjer flott forarbeid på høgrekanten
og legg inn til Edward som frå ti meter styrer ballen i mål.
Etter dette fell intensiteten og HaNo tek over kampen. Dette resulterer
i to sjansar. Først eit stolpeskot så ei redusering etter
hjørnespark. Tore Fjørtoft blir kreditert scoringa. HaNo
fortsette trykket i sluttminutta, men greier ikkje å utlikne. Dermed
2-1 og 3. plass til Norborg.
Norborg let også to debutantar sleppe til i finalen. Dette var Ole
Johan Urke og Bee.
Norborg sitt Team Management på Øyacup, Tarjei Urkedal og
Frode Engeset var godt nøgd med turnering. - Vi kom hit for å
vinne, men det håpet vart sløkt med eit seint Brattvåg-mål.
Likevel, ser vi bort i frå delar av kampen mot Brattvåg og
1. omgang mot Lepsøy så spelte vi god og underhaldande fotball.
Vi har i serien slitt med kantspelet. Gledeleg var det då å
sjå at samtlege mål kom etter godt kantspel. Vi må også
trekke fram at vi har nokre fantastiske gutespelarar som verkeleg koste
seg ute på bana. Adrian, Eivind og Stein Erik viste gode takter,
og i tillegg har vi Martinus, som diverre fekk føling med skade
og valde å stå over dei to siste kampane. Alt i alt ei svært
hyggeleg turnering både sportsleg og sosialt. Vi ønsker alle
ein riktig god sommar, og håper at alle som held seg i området
tek seg ein tur på treningane. Takk for ei flott turnering. Hilsen
Frode og Tarjei.

Kva har fanga Stig og Fredrik si interesse?

Tommy kosar seg med grillmat

Grillmester Kenneth metta heile Norborg-gjengen medan ein venta på
ferga

Christian prøvde fiskelykka
|