|
Træff 2 - Norborg
1-2 (1-1)
Lubbenes kunstgrasbane, 23.01.04
1-0 (30)
1-1 Kim Idar Krogsethagen (37)
1-2 Geir Ove Grønli (58)
Kort: Ingen
Dommer: Ukjent
Laget: Geir Roar Gamlem (Kurt Erik Grytten, 45) - Steffen Grytten
(Roger Grytten, 45 (Kristian Søviknes, 63) ), Geir Ove Grønli,
Kennet Vegsund (Knut Ivar Bjørlykhaug, 20), Christian Søvik
(Jan Even Drønnesund, 45) - Kristian Søviknes (Vebjørn
Grytten, 45 (Stein Erik Reitan, 82) ), Stein Erik Reitan (Bjørn
Urkedal, 45), Eirik York (Tarjei Urkedal, 45) - Alexander Gamlem (Edward
Laverton, 45), Kim Idar Krogsethagen, Øyvind Kvammen (Alexander
Gamlem, 78)
Herrelaget tok fredag turen inn til Molde for å møte Træff2
til treningskamp på aldeles utmerka forhold. I ein kamp mellom to
spelande lag, var det dei oransje som befesta Sunnmøre si ære
med siger 2-1.
Norborg opna veldig bra i denne kampen, og aggressive Norborgarar stressa
Træff2 til å gjere feil. Allerede etter 20 sekund vann Kim
ballen frå Træff2 sin keeper, men avslutninga vart for svak.
Norborg fortsatte å prøve på dei tinga dei har øvd
på før i vinter, og det var heile tida tendenser på
spel og mønster som kan bli svært bra.
Midtveis i første omgang er det svært nær å bli
mål. Kristian Søviknes slår inn, og frå få
meters hald header Kim Idar ballen i stolpen. Før dette hadde også
Øyvind Kvammen ein stor sjanse som vart avverja til hjørnespark.
To perlemål
Etter ein halvtimes spel så er det klart for mål til heimelaget.
Norborg får ikkje klarert eit hjørnespark som til slutt endar
med eit nydelig skrudd skudd frå seksten heilt oppe i vinkelen til
Geir Roar.
Kim vil ikkje være noe dårligare noen minutt seinare. Steffen
kaster langt inn, ballen sprett på seksten og Kim serverer ballen
oppe i vinkelen. Vakkert, nydelig og utsøkt av kaptein Krogsethagen.
Grønli avgjør
I andre omgang fell avgjersla etter ca. eit kvarters spel. Øyvind
Kvammen legg eit frispark frå høgresida på pannebrasken
til Grønli som header ballen i mål.
Etter dette har Norborg flerie sjansar til å avgjøre, medan
Træff2 kjem seg til ei god avslutning som Grønli og Kurt
i samarbeid blokkerar til hjørnespark.
Dermed vann Norborg 2-1 i ein bra gjennomført kamp mot teknisk
og god motstand, og trenar Haugan sin første siger er dermed eit
faktum. Neste helg er Stranda motstander på Herd Kgb i vinterserien.
|