|
Arena:
Mauseidvåg gras, 23.06.04
Tilskodarar: ca. 35
0-1 Tarjei Gjerset Urkedal (17)
1-1 Roar Eikrem (44)
1-2 Kim Idar Krogsethagen (51)
2-2 Roger Sandvik (65)
Dommar:
Bjørn
Bakkom (Vartdal) -3
Assistentdommarar:
Stig-Eivin Meisal (Volda) og Bjørn Marius Rørvik (Aalesund)
Norborgs beste:
Roger Grytten -8
Tarjei Urkedal -7
Steffen Grytten -7
|
Laget:
Kurt Erik Grytten
Kristian
Søviknes
Roger
Grytten
Geir Ove Grønli
Steffen Grytten 
Eirik York
Tarjei
Urkedal
- (Jan E. Drønnesund, 27 )
- (Tarjei Urkedal, 70)
Stein Erik Mårstøl
Alexander
Gamlem
- (Edward Laverton, 75)
Kim Idar Krogsethagen
Øyvind Kvammen
- (Alexander Gamlem, 88)
|
|
Norborg
spelte ein god kamp mot MSIL/LIL2, men hadde ikkje marginane på si side.
Tre gongar måtte oransjetrøyene sjå at ballen gjekk i ramma i staden
for nota, og sjølv om det vart to scoringar haldt det berre til eitt
poeng.
Nok ein gong måtte Norborg gjere rokkeringar i forsvar. Christian Søvik
fekk speleforbod av legen etter at han knakk nasen mot Blindheim/Emblem.
Dette førte til at Kristian Søviknes vart flytta ned på venstreback,
mens Stein Erik Mårstøl fekk sjansen frå start på midtbana.
Rett i angrep
Norborg kunne ha fått ei pangopning på denne kampen. Umiddelbart
etter løysing går laget i angrep. Stein Erik Mårstøl slår til Kristian
Søviknes som får til eit presist oppspel til Øyvind Kvammen. Han legg
inn framføre mål til Kim Idar Krogsethagen som headar i tverrliggjaren.
Knappe 20 sekund var då gått av kampen. Norborg fortsette å styre kampen,
men heimelagets gode midtstopparar Roar Eikrem og Kent Robert Sørheller
forhindra sjansar.
Bonden putta
Etter 17 minutt får Norborg innkast inne på MSIL/LIL2 sin banehalvdel.
Steffen Grytten kastar til Roger Grytten som legg inn i 16 meteren.
Der er Tarjei Urkedal å snappar ballen framføre keeper Eirik Fiskerstrand.
Tarjei går ned i kneståande med ballen mellom beina, men kjem seg raskt
opp igjen å puttar ballen i det tomme målet til fortent Norborg-leiing.
Store sjansar
Norborg fortsette å vere det beste laget etter leiarmålet. Ein spelte
med aggressivitet, god rørsle og høgt balltempo, og etter 26 minutt
er ein svært nær å doble leiinga då Kim Idar Krogsethagen kom aleine
med keeper Fiskerstrand, men avslutninga gjekk utafor. Tre minutt seinare
er Alexander Gamlem endå nærmare å gi Norborg 2-0 då han brukar farta
si, snappar opp eit Søviknes oppspel og stormar inn i 16 meteren, men
avslutninga hans går diverre i stolpen.
Heimelaget utliknar
Etter ein god halvtime startar Norborg å gradvis miste grepet på kampen.
Tarjei Urkedal måtte gå av bana med skade, og Norborg mista sting i
angrepet og sovna etter dette. Like før pause er Norborg framme i angrep,
men mister ballen og Hallvard Westad sette i gang ei kontring for heimelaget.
Kristian Bunes blir slått igjennom, men frå skrått hald får Kurt Erik
Grytten slått forsøket hans utafor stolpane. Hjørnesparket blir slått
inn i feltet og Roar Eikrem får dunke ballen i mål til 1-1.
Norborg var spesielt gode den første halvtimen av 1. omgangen og burde
ha scora eit par mål i tillegg til Tarjei sitt eine, men som mot Blindheim/Emblem
fell intensiteten i slutten av omgangen og ein let motstandaren få utlikne
like før pause.
Tek føringa på ny
2. omgang startar jamt, men etter 6 minutt finn Øyvind Kvammen Kim Idar
Krogsethagen på 16 meteren. Kim Idar kjem seg forbi oppassaren sin og
scorar sikkert aleine med keeper til fortent 2-1 leiing.
Fem minutt seinare får heimelaget ein gratissjanse. Kurt Erik fomlar
ballen i beina til Hallvard Westad. Avslutninga hans like innafor 16
meteren trillar mot mål, og dei fleste på benken trur den går inn, men
utruleg nok sneik ballen seg ein meter utafor stolpen. Eit par minutt
seinare er Geir Ove Grønli nær scoring, men headinga hans går over.
Unødvendig straffe
20 minutt er spelt når det verst tenkelege skjer. Kristian Bunes står
i offside, men får likevel forfølgje eit oppspel. Kurt Erik ser ut til
å ha kontroll når han snappar ballen, men av ein eller anna grunn glepp
han ballen ned i beina på Bunes og det heile endar med at han kaster
seg nedi beina på han og lager straffe. På straffa gjer Roger Sandvik
ingen feil. Han sender Kurt Erik til eitt hjørne og sette straffa i
det andre.
Fem minutt seinare brukar Kim Idar farta si og kjem aleine med keeper,
men som i første omgang treff han ikkje mellom stengene. Like etter
kjem Pål Alnes seg ned til kortlinja og får lagt inn til Kristian Bunes,
men på volley treff han ikkje ballen skikkeleg og stadig 2-2.
Snytt for straffe?
Det siste kvarteret styrer Norborg og legg press på MSIL/LIL2. Først
skyt Kim Idar eit frispark i tverrliggjaren, så stussar Eirik York eit
innlegg like utafor, og heilt på tampen av kampen har Edward Laverton
berre å breiside ballen i mål, men han blir trykt ned av ein MSIL-spelar
og får ikkje avslutta. Utruleg nok bles ikkje den svake dommaren straffe.
- Det var like mykje straffe som den MSIL fekk, sa ein godt plassert
Kristian Søviknes til norborg.com etter kampen. Dermed vart det 2-2,
og Norborg har stadig til gode å vinne på Mauseidvåg gras.
To poeng tapt
- To poeng tapt, var trenar Helge Uggedal sin umiddelbare kommentar
etter at dommar Bakkom blåste for full tid. Den kommentaren er nok dei
fleste einige i. Norborg var det førande laget i store delar av kampen
og skapte dei fleste store sjansane. Diverre var ikkje fru Fortuna på
dei oransje si side og ein opplevde at ballen gjekk stolpe ut i staden
for inn.
På Norborg spelte Roger Grytten nok ein god kamp i forsvaret. Pluss
også til Steffen Grytten som spelte med hjarte utapå drakta, Tarjei
Urkedal som var aktiv og god den tida han spelte, og Stein Erik Mårstøl
som gjorde ein god defensiv jobb på midtbana og fanga opp mange ballar.
Neste kamp for Norborg er bortemøtet med Åram/Van.kam laurdag 3. juli.
Av: Frode Stormyr Engeset
|
|