|
Arena:
Blindheim stadion, 18.09.04
Tilskodarar: 85
0-1 Geir Ove Grønli (12)
0-2 Geir Ove Grønli (28)
1-2 Sindre Lauås (32)
1-3 Eirik York (37)
2-3 Henning Hareide (42)
3-3 Terje Ottersen (48)
4-3 Lars Andreas Vegsund (55)
5-3 Lars Andreas Vegsund (68)
5-4 Eirik York (83)
5-5 Geir Ove Grønli (85)
6-5 Lars Andreas Vegsund (87)
Dommar:
Rolf J. Eldevik (Ellingsøy)
Assistentdommarar: Gunn Skylstad (VRF) og Olav Fure (Volda)
Norborgs
tre beste:
Roger Grytten - 7
Eirik
York - 6
Tarjei Urkedal - 6
|
Laget:
Geir Roar Gamlem
Knut
Ivar Bjørlykhaug
- (Kristian Furnes, 79)
Roger Grytten
Geir
Ove Grønli
Asgeir Kalvø
- (Biarte Hånes, 89)
Kristian
Søviknes
Eirik York
Stein
Erik Reitan
Tarjei Urkedal
Kim Idar Krogsethagen
Edward
Laverton
|
|
Det
vart ein svært spennande og målrik kamp på Blindheim stadion laurdag
ettermiddag. Heimelaget var det førande laget i banespel, men
Norborg var livsfarlege på dødballar. Kampen si avgjersle
kom like før slutt då Lars Andreas Vegsund sette inn sitt
3. mål for dagen.
Norborg hadde nærast eit heilt lag ute med forfall til denne kampen,
og hadde med seg berre to utespelarar på innbytarbenken. Dette var Kristian
Furnes og Biarte Hånes, som begge fekk sin seriedebut.
Norborg i føringa
På det som må vere Sunnmøre si dårlegaste grasbane (ja, faktisk verre
enn Søvikdalen) starta heimelaget best, men Norborg-forsvaret hadde
brukbar kontroll på det meste som kom ved sidan av ein farleg corner
som vart heada over mål. Etter 12 minutt spelar Norborg seg fram til
eit hjørnespark. Kristian Søviknes legg ballen framføre mål, og etter
hard kjemping får Geir Ove Grønli krangla ballen over mål til 1-0. Minuttet
etter får Kristian Søviknes ein bra mogelegheit på venstresida, men
skotet hans stryk utsida av stolpen.
Etter dette tek Blindheim/Emblem kraftig over og etter eit kvarter spel
headar Terje Ottersen i stolpen frå 7 meters hald før Norborg får klarert
til corner. På hjørnesparket headar Ottersen i mål, men blir korrekt
avblåst for hands. Heimelaget fortsette å trykke på og er mykje meir
aggressive enn eit Norborg-lag som får lite til å fungere. Ved omtrent
halvspelt omgang blir Lars Andreas Vegsund lagt ned utafor 16 meteren.
Frisparket blir sett hardt i tverrliggjaren.
Corner er mål
Så får Norborg endeleg spelet til å gli igjen, og Kim Idar Krogsethagen
presenterer seg for første gong i kampen, men avslutninga hans blir
blokkert til corner. Hjørnesparket blir lagt lavt inn av Kristian Søviknes,
eir Ove Grønli er vaken og slenger seg fram og puttar ballen i nota.
2-0 til Norborg, noko som må oppfattast som svært urettvist for heimelaget.
Vertane ga likevel ikkje opp, og etter 32 minutt får Sindre Lauvås stå
heilt fri framfor mål og heade inn eit hjørnespark. Svakt av Norborg
som burde ha vore kongar i lufta mot eit relativt småvakse Blindheim-lag.
Fem minutt seinare er det Tarjei Urkedal som held dribleshow ute på
høgrekanten. Han slår ballen tilbake i støtte til Edward som legg godt
inn til Kim Idar Krogsethagen som headar, men keeper redda. Returen
hamnar hos Eirik York som sette ballen i mål frå kloss hald.
Billeg redusering
Eit par minutt før pause er Asgeir Kalvø uheldig og får ballen i handa
når han skal dempe. Dommaren blåser frispark til Blindheim/Emblem. Mens
Norborg er lite merksam og mest opptatt av andre ting tek Henning Hareide
frisparket kjapt og sette ballen i det tomme Norborg-målet. Dommaren
dømmer utruleg nok mål sjølv om frisparket vart tatt minst 5 meter frå
der det skulle ha blitt tatt. Eit mål som etter våre meiningar burde
ha blitt avblåst.
Norborg spelte langt ifrå nokon god 1. omgang mot Blindheim/Emblem.
Heimelaget hadde ballen og dei fleste sjansane, men takka vere livsfarlege
dødballar gjekk oransjetrøyene til pause med 3-2.
Kjapp utlikning
I 2. omgang er det Norborg som er først frampå då Kim Idar Krogsethagen
kjem seg fri, men han mislykkast med avslutninga frå 16 meter. To minutt
seinare blir det løpsduell mellom Geir Ove Grønli og Terje Ottersen.
Den vinn sistnemde og sette ballen sikkert i mål bak keeper Geir Roar
Gamlem.
Heimelaget snur kampen
Etter utlikninga greier Norborg å halde eit lite trykk på heimelaget
og får blant anna tre farlege hjørnespark på rad, men vertane greier
å demme opp og sette i gong ei kontring. Ballen blir slått i bakrommet.
Geir Roar Gamlem nøler litt og kjem for seint ut til å snappe ballen
som stoppar i ein sølepytt. Lars Andreas Vegsund snappar ballen og sette
den sikkert i det tomme målet. Blindheim/Emblem har dermed snudd 1-3
til 4-3 på kort tid.
Nokre minutt seinare får Stein Erik Reitan til eit godt innlegg, men
headinga frå Eirik York går over. Ved halvspelt omgang får heimelaget
til eit godt angrep der Lars Andreas Vegsund dukkar opp på bakarste
stolpe å sette ballen i nota til 5-3. Norborg får lite til no og Blindeim/Emblem
er svært nær sitt sjette mål då Geir Roar Gamlem først gjer ei god reaksjonsredning
og får slått ballen i stolpen og ut. Like etter får kvit-trøyene nok
ein stor sjanse, men etter å ha passert keeper sette Blindheim-spelaren
ballen utafor.
Ny giv i Norborg
Norborg såg ut til å rakne fullstendig i denne perioden, men plutseleg
vaknar laget og start å ta over banespelet. Først er Asgeir Kalvø frampå
med eit bra skot, men ballen går like utafor lengste stolpe. Med 7 minutt
igjen får Norborg corner. Stein Erik Reitan slår ballen framfor kassa
der Eirik York får kjempa ballen over streken. 5-4, og stadig håp om
poeng. Eit Norborg-lag med ny giv vinn ballen etter løysinga og får
frispark ute på høgresida. Kristian Søviknes slår presist inn til ein
umarkert Geir Ove Grønli som sikkert headar inn sitt tredje og Norborg
sitt femte mål.
Kortvarig glede
Gleda varer likevel ikkje lenge, for to minutt etter puttar Lars Andreas
Vegsund inn 6-5 ved bakarste stolpe. Eit litt heldig mål på eit angrep
som burde ha vore stoppa lenge før. På slutten kastar Norborg fram mange
mann, men kjem seg ikkje til sjansar. Dermed endar kampen med 6-5 siger
til heimelaget. Noko som alt i alt var fortent.
Norborg gjorde ein svak kamp mot topplaget der fleire spelarar ikkje
hadde dagen. I tillegg var ikkje oppladinga til kampen den beste med
så mange forfall og rokeringar på laget like før kampstart. Likevel,
ein scora fem mål og hadde 4. divisjon sitt beste lag i kne på både
2-0 og 3-1. Ein burde då ha klart å reist ifrå Blindheim stadion med
poeng.
Blindheim/Emblem har eit jamt godt lag med ei imponerande sentrallinje.
Laget manglar litt fysikk, noko som kom kraftig til syne i denne kampen
då Norborg scora 4 av 5 mål på dødball. Likevel, vi trur dette laget
vil greie seg bra i 3. divisjon neste år. Vi tek då for gitt at laget
rykker opp sjølv om det ikkje er heilt klart endå.
På Norborg spelte Roger Grytten, Eirik York og Tarjei Urkedal bra. Honnør
også til Geir Ove Grønli for tre mål. Norborg har no tre kampar mot
dei tre botnlaga. Neste kamp er mot Ellingsøy i Søvikdalen laurdag 25.
september kl. 14.
Av: Frode Stormyr Engeset
|
|