|
Arena:
Eidsåvoll stadion, 03.07.04
Tilskodarar: ca. 35
Dommar:
Alf
Furland -9
Banens beste: Geir Roar Gamlem, Norborg
Norborg sine 3 beste:
Geir Roar Gamlem -9
Roger Grytten -8
Geir Ove Grønli -7
|
Laget:
Geir Roar Gamlem
Asgeir
Kalvø
Roger
Grytten
Geir Ove Grønli
Stig Wold
-
(Knut I. Bjørlykhaug, 83 )
Øyvind Kvammen
Eirik York
Tarjei
Urkedal
Kristian Søviknes
Edward
Laverton
- (Espen Solheim, 75)
Kim Idar Krogsethagen
|
|
I
ein tett og jamn kamp delte heimelaget og gjestane frå Norborgland
poenga. Begge lag hadde gode forsøk, men opplagte målvakter
og stenger stod i vegen.
Norborg stilte med ein svært redusert tropp, men utan at laget
la for mykje energi i dette. Laget har ein solid tropp, og reservane
gjorde ein god innsats i Steffen Grytten, Christian Søvik, Kenneth
Vegsund, Kennet Gamlem, Bjørn Urkedal, Stein Erik Mårstøl,
Alexander Gamlem, Stein Erik Reitan og Kurt Erik Grytten sin fråvær.
Nærmast i første omgang
I ein jamn første omgang var det gjestane som var nærmast
mål. Øyvind Kvammen sitt duppskudd med venstra frå
tjue meter traff tverrliggeren midtveis i omgangen. Like etter sklidde
heimelaget sin ruvande stopper Hallvard Larsen ballen i eigen stolpe,
og Kristian Søviknes satte ein stor sjanse like over tverrliggeren
ti minutt før pause.
Heimelaget sin største sjanse var det Hallvard Larsen som hadde
på hjørnespark, men Norborgforsvaret fekk rydda opp i situasjonen
der ballen var innom stanga.
ÅVK kjem sterkare
I andre omgang så er det heimelaget som er kvassast i avslutningane,
men ein strålande opplagt gjestekeeper Geir Roar Gamlem hadde
stengt målet for godt i denne kampen.
Ein gang sette heimelaget ballen i stolpen etter ei tversoverheading
på eit frispark. Nærmast er Ole Theodor Hovden som åleine
med Geir Roar sette ballen i stolpen og langs streken før Geir
Ove Grønli får klarert.
Bortelaget har noen avslutningar over mål, men sleit med dårleg
oppfinnsomhet og dårleg presisjon i det siste trekket.
Kampens beste aktør utenom dommeren var Norborgkeeper Geir Roar
Gamlem, medan på heimelaget var Hallvard Larsen solid i forsvaret
og på topp hadde dei noen raske og gode tekniske spelera.
For fjerde kamp
på rad mot ÅVK så bytta dei ein spelar før
eit minutt var spelt. Om dette er ein taktisk vri for å gjere
ein av dei faste spelerane disponibelt for andrelaget sitt, eller for
å gi ein spelar ekstra kampar er uvisst.
Av: Kristian Søviknes
|
|