|
Arena:
Lubbenes kunstgrasbane, 13.03.04
Tilskodarar: ca. 40
0-1 Eirik Urkedal York (24)
1-1 ? (89)
1-2 Kenneth Gamlem (90)
Positivt:
At laget heva seg kraftig frå sist helg
Løpsstyrka til midtbana
Forsvaret sin ro med ballen og evne til å spele seg ut
Negativt:
Dårleg utteljing på sjansane
At Træff2 får utlikne like før slutt
Tre beste:
Kenneth Vegsund -9
Eirik York -8
Stein Erik Reitan -7
|
Laget:
Geir Roar Gamlem
- (Kurt Erik Grytten,46)
- (Geir Roar Gamlem, 88)
Christian
Søvik
Kenneth
Vegsund
Geir
Ove Grønli
Jan
Even Drønnesund
- (Knut Ivar Bjørlykhaug, 62)
Eirik
York
Stein Erik Reitan
Kristian
Søviknes
- (Tarjei Urkedal, 62)
Edward Laverton
- (Alexander Gamlem, 62)
Steffen
Grytten
- (Kenneth Gamlem, 62)
Øyvind Kvammen
- (Kristian Furnes, 80)
|
|
Norborg dominerte stort mot Træff2 på Lubbenes kunstgrasbane laurdag
ettermiddag, men skapte unødvendig spenning ved å sløse med sjansane
og gi heimelaget eit svært billeg mål like før slutt. Det var då eldstemann
på laget, Kenneth Gamlem, tok ansvar å klinka ballen klin i krysset
med venstrefoten til ein svært fortent 2-1 siger for oransjetrøyene.
Norborg reiste til Molde utan sin kaptein og toppscorar Kim Idar Krogsethagen
og den rutinerte forsvarsspelaren Roger Grytten. Sistnemnde har truleg
pådrege seg ein brist i ribbeinet.
Tok kommandoen frå start
Norborg tok kommandoen frå start av og la press på dei kvite og grøne
frå Molde, men trass i at ein hadde ballen omtrent heile tida, kom ein
seg ikkje til sjansar. Etter ti minutt skulle vi så få notere kampen
sin første sjanse. Kenneth Vegsund sende i veg ei langpasning med adresse
Kristian Søviknes. Han blir dytta bort av ein Træff-spelar, ballen hamnar
då hos Øyvind Kvammen som fossar inn i 16 meteren og skyt, men diverre
utafor. Like etter får Træff2 ein bra sjanse etter slurv hos Geir Ove
Grønli. Træff-spelaren snappar ballen, avansera mot 16 meteren og skyt
over målet til Geir Roar Gamlem.
Mål på dødball
Ved om lag halvspelt omgang tek Norborg føringa i kampen. Stein Erik
Reitan slår ein god corner, og etter mykje om og men hamnar ballen hos
Eirik York som på elegant vis putta ballen i mål til ei fortent 1-0
leiing til oransjetrøyene. Minuttet seinare er Træff2 nær ved å utlikne
etter slurv i Norborg-forsvaret, men også denne gongen går skotet utafor.
Dårleg utteljing
I det siste kvarteret av omgangen er det berre snakk om eitt lag. Norborg
dominera kampen totalt, og skaper fleire sjansar det burde ha blitt
mål på. Træff2 reddar på strek etter ein godt slått corner av Kenneth
Vegsund. Kristian Søviknes får ein gedigen mogelegheit etter eit svært
godt angrep som startar ved at Jan Even Drønnesund slår ein stikker
til Øyvind Kvammen, han kjem seg rundt på kanten, legg inn til Steffen
Grytten som legg tilbake til Kristian, som får sjå sitt skot frå 13
meter redda. Like før pause legg Kristian eit frispark på hovudet til
Geir Ove Grønli som headar i stolpen.
Norborg spelte ein veldig bra 1. omgang med god rørsle, god presisjon
på pasningane og høg intensitet, men å score berre eitt mål på 5-6 svært
gode sjansar er for svakt.
Snytt for straffe
Etter kvila er det Træff2 som kjem best i gang. Nordmøre og Romsdal
sitt beste 4. divisjonslag dei siste sesongane kjem seg til eit par
gode sjansar, men er for upresis i avslutningane. Etter eit kvarter
spelt vil Norborg ha straffespark. Geir Ove Grønli blir dytta ned i
feltet på ein corner, og dommaren bles i fløyta. Alle trur at det har
blitt dømt straffespark, men etter ei lita stund viser det seg at den
svartkledde har prestert å blåse mot Grønli. - Eg vart dytta, sa Geir
Ove etter kampen.
Norborg starta etter dette igjen å ta over initiativet i kampen
og burde ha auka leiinga ved Tarjei Urkedal. Men headinga hans frå 10-12
meter gjekk både over ein keeper på bærtur og målet. Like etter får
Træff2 til ei god kontring, men Kurt Erik Grytten, som kom inn i målet
etter pause, redda glimrande skotet frå 16 meter.
Gamlem reddar Gamlem
I det siste kvarteret ser Norborg ut til å ha full kontroll på kampen,
og like før slutt kostar trenar Øystein Haugen på seg eit såkalla taktisk
bytte ved å ta ut Kurt Erik og sette innpå Geir Roar. Geir Roar får
slengt etter seg, "synd for deg om du skulle tabbe deg ut no", og det
var nettopp dette som skjedde. Ein Træff-spelar mottar ballen utafor
16 meteren på høgresida. Geir Roar rusar ut og kjem på halvdistanse.
Træff-spelaren legg inn og ein kvitkledd har ein enkel jobb med å putte
ballen i det tomme buret. Dermed 1-1, og Norborg har gitt frå seg føringa
i ein kamp ein burde ha leia med fleire mål. Norborg gir likevel ikkje
opp, og i det ordinær tid er ute dunkar Kenneth Gamlem ballen i krysset
med venstrefoten frå 17 meter til vill jubel frå Norborg-benken.
På Norborg syns vi Kenneth Vegsund gjorde ein veldig god figur på midtstopparplass.
Han var suveren i lufta, trygg på bakken og spelte lurt. Skryt også
til Eirik York som jobba utrøytteleg gjennom heile kampen.
Neste laurdag ventar grønt gras på Harøya for Norborg.
|
|