|
Arena:
Hellesylt stadion, 06.05.04
Tilskodarar: ca. 70
1-0 Alf Ole Sundgot (1)
2-0 Alf Ole Sundgot (21)
2-1 Edward Laverton (23)
3-1 Tonny Åsen (str. 25)
4-1 Alf Ole Sundgot (41)
5-1 Olav Åge Åsen (57)
6-1 Tor Odd Kjellstadli (str. 90)
Tonny Åsen (Sunnylven), Eivind Helset (Sunnylven)
og Kurt Erik Grytten (Norborg)
Jan Even
Drønnesund (Norborg)
Dommar:
Rolf Eldevik (Ellingsøy) - 6
Assistentdommarar: Odd Arne Grande (Skodje) og Kristian
Melseth (Sykkylven)
Norborg sin beste: Roger Grytten -7
Positivt:
Det kan berre bli betre
Negativt:
Det meste
|
Laget:
Kurt Erik Grytten
Christian
Søvik
Geir
Ove Grønli
Kenneth
Vegsund
- (Asgeir Kalvø, 26)
- (Geir Magne Grande, 80)
Knut Ivar Bjørlykhaug
Eirik York
- (Kenneth Gamlem, 36)
Roger
Grytten
Tarjei Gjerset Urkedal
- (Jan Even Drønnesund, 39)
Alexander Gamlem
- (Øystein Haugan, 84)
Kim Idar Krogsethagen
Edward
Laverton
|
|
Norborg har for vane å tape for Sunnylven, så skjedde denne
gongen også. Allereie etter 40 sekund scora Sunnylven sitt første mål,
og etter det berre vaks problema for Haramslaget. 6 mål imot, 4 mann
på skadelista, ei utvisning og eitt trøystemål av Edward Laverton vart
fasiten.
Sunnylven har ikkje tapt på heimebane sidan hausten 2000, og dette hadde
Norborg store planer om å forandre på sjølv om både Kristian Søviknes
og Øyvind Kvammen mangla frå lagoppstillinga. Det skulle likevel tidleg
vise seg at det kom til å bli svært vanskeleg å få med seg poeng. Allereie
etter 40 sekund fossa Alf Ole Sundgot gjennom Norborg-forsvaret og fann
seg aleine med Kurt Erik Grytten. Kurt Erik redda det første forsøket,
men Sundgot snappa returen og fekk ballen dei nødvendige centimetarane
over streken før Christian Søvik beina ballen ut. Assistentdommar Odd
Arne Grande var sikker i si sak og vinka for mål utan store protestar
frå Norborg. Etter det tidlege målet fortsette Sunnylven å vere det
kvassaste laget. Spesielt lynraske Sundgot terroriserte Norborg sitt
forsvar. Lange oppspel til Tonny Åsen og stuss i bakrom til Sundgot
var medisinen.
Nonchalante forsvarsspel
Når vi nærma oss kvarteret starta Norborg å kome seg til hektene, iallfall
for ei lita stund. Ein tok gradvis over kampen, men skapte lite framføre
mål. Så midt i den brukbare Norborg-perioden opptrer Kenneth Vegsund
nonchalante i forsvaret og mister ballen til Tonny Åsen. Han avanserar
nokre meter før han spelar igjennom til Sundgot som skyt sikkert i mål
frå 16 meter.
Sundgot med hat-trick
Norborg kom raskt til hektene og reduserte to minutt seinare ved Edward
Laverton. Han heada inn ein retur etter at Kim Idar Krogsethagen hadde
heada i tverrliggjar. Dei fleste norborgarane fekk no god tru på at
ein skulle greie å snu kampen, men den fekk seg raskt eit slag for baugen.
Sunnylven gjekk nærmast rett i angrep og nok ein gong var det Sundgot
som skapte trøbbel. Han kom seg fri frå forsvaret, Kurt Erik var litt
uheldig med tacklinga si å laga straffe. Straffa sette Tonny Åsen i
mål til 3-1. Det var då gått 25 minutt av kampen. I dei siste 20 minutta
av omgangen hadde Sunnylven god kontroll på Norborg, og nokre minutt
før pause auka dei leiinga til 4-1 på ei heading av Sundgot.
Mannefall
Norborg leverte ein forferdeleg 1. omgang. Ein tapte dei aller fleste
duellane, og hadde i tillegg store tempoproblem i forsvar. Problema
bakover på bana forplanta seg vidare framover på bana, og ein greidde
aldri å få noko rytme i angrepet. I tillegg måtte Kenneth Vegsund gi
seg med ein strekk etter 25 minutt, Eirik York trakka over etter dryge
halvtimen, medan Tarjei Urkedal fekk eit spark i andletet tidleg i kampen.
Hardhausen gav seg ikkje før etter 40 minutt, men var tydeleg prega
av sparket. Sannsynlegvis har han fått ei lettare hjerneristing.
Nær redusering
Eit lettare sjokkert Norborg-lag kom i 2. omgang på bana for å angripe,
og la om til 4-2-4. Med dette greidde ein i starten på omgangen å legge
eit press på heimelaget. Kim Idar Krogsethagen får til eit skot frå
18 meter, men like over. Største sjansen er det likevel Kenneth Gamlem
som får. Han går opp på 5 meter og stussar eit innlegg på mål, men keeper
reagerer raskt og slår til corner.
Punktera kampen for godt
Etter 57 minutt får Sunnylven innkast på høgde med Norborg sin 16
meter. Arne Storstein kastar langt, ballen går innom Olav Åge Åsen og
i mål til 5-1. Kampen er no avgjort ein gong for alle. Sunnylven har
full kontroll mot eit Norborg-lag som på langt nær sprudla, og skapar
nokre gode sjansar ved Sundgot og Henning Nydahl dei neste minutta.
I løpet av dei ti siste minutta får Norborg nye problem. Asgeir
Kalvø må forlate bana med skade, Jan Even Drønnesund blir utvist etter
gule kort på to "litt-over-kanten" taklingar, medan trenar Øystein Haugan
lagar straffe. Straffa sette 40-årsjubilant Tor Odd Kjellstadli sikkert
i mål til 6-1.
Norborg gjekk her på sitt største tap sidan 0-11 for Skarbøvik2 våren
2000. Ein kom bakpå med ein gong og greidde aldri å kome opp på vant
nivå. Sunnylven var som venta fysisk sterke, men hadde i tillegg nokre
spelarar med stort tempo. Når Norborg så etterkvart mangla fem mann
frå det som slo Stranda sist helg, var ein i realiteten sjanselaus og
gjekk på eit fortent tap.
Best på Norborg var Roger Grytten. Han viste stor ro med ballen, prøvde
å vere kreativ og jobba godt gjennom heile kampen. Diverre hadde altfor
mange av medspelarane hans ein dag langt under pari.
Trenar Øystein Haugan hadde følgjande kommentar etter kampen: - Det
er klart at kampbildet blir prega av at dei får eit tidleg mål og at
vi mister heilt gjennombrotskrafta vår når både Eirik, Tarjei og Kenneth
må tidleg ut, bake var vi ikkje tøff og kynisk nok og gjorde feil val
som førte til 2 og 3 målet. Sunnylven fikk da dominere med si styrke,
spark og spring, knallhard i duellane og ja dei berømte dødballane.
Samtidig så hadde dei ein KNAKANDE god/rask spiss som skapte mykje hovudbry
for våre bak. Men dette er som å velte på sykkel, det er bare å hive
seg på igjen og trø vidare. Vi let oss ikkje knekke av dette tapet.
Eit vinnarlags styrke er å reise seg å slå hardt tilbake og det skal
vi pinade gjere.
Neste kamp for Norborg er heime mot Skarbøvik2 onsdag 12. mai. Vi vonar
at laget er tilbake i vant slag til den kampen.
Av: Frode Stormyr Engeset
|
|