|
Arena:
Stranda stadion, 01.05.04
Tilskodarar: ca. 160
0-1 Kim Idar Krogsethagen (90+4)
Jon-Andreas Karlsen (Stranda)
Dommar:
Tor Bjermeland (Herd) - 3
Assistentdommarar: Odd Arne Grande (Skodje) og Birger
Breivik (Volda)
Positivt:
For ein steier evne
At Stranda ikkje scora på 13 sjansar og ein drøss halvsjansar
At Stranda lykkast ikkje på ein einaste corner (12 i talet)
At ingen på sidelinja fekk hjarteattak
Negativt:
Duellspelet i 1. omgang
Pasningskvaliteten i 1. omgang
|
Laget:
Kurt Erik Grytten
Christian
Søvik
Roger
Grytten
Kenneth
Vegsund
Asgeir Kalvø
Kristian
Søviknes
- (Knut Ivar Bjørlykhaug, 77)
Eirik York
Tarjei
Gjerset Urkedal
Øyvind Kvammen
Edward
Laverton
- (Alexander Gamlem, 29)
- (Edward Laverton, 64)
Kim Idar Krogsethagen
Karakterar (3 beste):
Roger Grytten - 8
Kurt Erik Grytten - 7
Kenneth Vegsund - 7
|
|
Norborg trakk til slutt det lengste strået i denne kampen som
innehaldt alt. Stranda var det klart beste laget før pause, men
fekk ikkje mål på dei mange sjansane og cornerane sine.
Etter kvilen var Norborg langt meir med, og fire minutt på overtid
laga Kim Idar Krogsethagen utruleg nok kampen sitt einaste mål.
Etter jamne opningsminutt festar Stranda grepet om kampen og pressar
Norborg ned i eigen 16 meter. 6 minutt er spelt når heimelaget
får første sjansen, men Kurt Erik Grytten er godt med på forsøket
frå litt skrått hald og slår ut til corner. Stranda kom seg for øvreg
til svært mange hjørnespark i kampen. Finteljinga viser heile 12, der
av 9 i 1. omgang.
Kim aleine med keeper
Stranda fortsette å styre kampen, og spesielt det unge Stranda-talentet
Ronnie Furset får gode sjansar til å score. Nærast er han med ei heading
i krysset etter eit kvarter. Men så er det klart for omgangen sin største
sjanse, og den er det Kim Idar Krogsethagen og Norborg som har. Kenneth
Vegsund slår ein stikker igjennom til Kim Idar som kjem aleine med keeper,
men avslutninga går langt utafor.
Stranda nær ved
Norborg gjer ei formasjonsendring for å prøve å demme opp for Stranda
sine offensive backer, samt få litt meir breidde i eige spel. Stranda
fortsette likevel å styre kampen og etter knappe halvtimen får Espen
Hove stå heilt fritt på 12 meter å skyte, men like over. Nokre minutt
seinare får Stranda til eit skot ifrå 17 meter, men Kurt Erik reddar
glimrande.
Dryge ti minutt før pause skapar Norborg sin andre 100% sjanse. Øyvind
Kvammen kjem seg igjennom på høgresida, men aleine med keeper frå litt
skrått hald går avslutninga like utafor stolpen.
Stranda dominerte 1. omgang
Stranda dominerte 1. omgang stort og spelte med stor rørsle rundt ballførar,
duellvilje og svært løpsvillige sidebackar. Ser vi bort i frå avslutningane,
er dette noko av det beste vi har sett av eit 4. divisjonslag på våre
24 kampar i divisjonen. Norborg hadde litt for stor avstand mellom midtbane
og forsvar, og dette gjorde sitt til at Stranda vann alle 2. ballane
som landa i dette rommet. Ein greidde heller aldri å få til sitt eige
pasningsspel.
I pausen bestemte Norborg seg for å svare med samme mynt, altså
stå mykje høgare med laget og jobbe til ein stupte. Det var likevel
Stranda som kom seg til første sjansen i omgangen då Espen Hove kom
seg igjennom på høgrekanten, men avslutninga gjekk utafor.
Norborg tek over
Så startar Norborg gradvis å ta over kampen, og tre minutt ut i
omgangen slår Kim Idar ballen igjennom til Øyvind. Han spring frå strandaforsvaret,
men greidde ikkje å overliste Preben Bjørdal i Stranda-målet. Nokre
minutt seinare mottar Eirik York ballen på 15 meter, med ryggen mot
mål slår han ballen tilsynelatande ufarleg over seg og mot mål, ballen
duppar kraftig og treff aluminiumet. Returen hamnar hos Kim Idar, men
han får ikkje dreis på avslutninga og stadig 0-0.
Ballen vil ikkje inn
Etter 62 minutt kjem Øyvind seg rundt på kanten og får lagt inn, ballen
går over til Alexander Gamlem som passar vidare til Kim Idar. Keeper
er utspelt, men Kim Idar skyt over det opne målet. Ti minutt seinare
får samme mann ein gedigen sjanse aleine med keeper, men nok ein gong
vart avslutninga for svak og keeper Bjørdal redda enkelt. På normale
dagar hadde Kim Idar scora her.
På overtid har Norborg fått frispark inne på Stranda sin halvdel. Kenneth
Vegsund slår det fram i 16 meteren, men i staden for at Norborg får
ein sjanse, er det Stranda som sette inn ei kontring ved Geir Magne
Lied. Han fører ballen fram og har med seg tre andre mot Norborg sine
to forsvarar. Lied legg ballen ut til Andreas Kurseth som har fritt
fram til mål, men vel likevel å skyte frå 20 meter. Heldigvis for Norborg
gjekk ballen over målet til Kurt Erik.
Stranda-dødaren slår til igjen
Dei fleste norborgarane var godt nøgd med eitt poeng og ville at dommaren
skulle blåse av kampen då det tikka opp mot 94 minutt. Men dommaren
ville heldigvis ikkje blåse, noko Norborg er svært takknemleg for. Cirka
4 minutt på overtid dunkar Christian Søvik ballen oppover mot Stranda
sin 16 meter. Kim Idar forfølgjer ballen, pressar seg framføre ein Stranda-forsvarar
og lobbar ballen over Bjørdal og i mål til ellevill jubel frå lagkameratar,
benk og dei ca. 10 supporterane som hadde tatt turen til Stranda. Stranda-dødaren
Kim Idar Krogsethagen hadde slått til igjen, og det på verst tenkelege
måte for Stranda.
Kim i 100!
Etter at Stranda dominerte 1. omgang endra kampen karakter etter pausen.
Stranda-spelarane hadde ikkje samme spruten og mista i tillegg oppspelspunktet
Geir Koppang med skade. Norborg fekk spelet inn i si bane, fekk til
pasningsspelet betre, vann fleire duellar, fekk i gang kantspelet, jobba
knallhardt og til slutt lukkast Kim idar med å sette inn sitt 100. seriemål
for Norborg. Mest truleg er han den første som har scora eit tre sifra
antall seriemål for Norborg. Vi gratulerer!
Dette var ein lagsiger, men skal vi nemne eit par enkeltspelarar så
må det vere Kurt Erik og Roger. Kurt Erik viste eit par klasseredningar,
medan Roger viste ro med ballen, las spelet godt og fungerte fint saman
med duellspelar Kenneth. På Stranda likte vi best Thomas Roset og Geir
Koppang. Hos dommartrioen gjorde assistentdommarane ein god jobb.
Norborg skal på torsdag ein ny tur innover fjordane. Då er det Sunnylven
som står på motsett banehalvdel.
Av: Frode Stormyr Engeset
|
|