|
Arena:
Brattvåg kunstgrasbane, 18.02.04
Tilskodarar: ca. 25
0-1 Kim Idar Krogsethagen (18)
0-2 Øyvind Kvammen (32)
0-3 Geir Ove Grønli (61)
0-4 Kim Idar Krogsethagen (74)
1-4 Kjartan Myklebust (77)
2-4 Christopher Urkedal (88)
Dommar:
Jan Vatnehol, Ravn -8
Norborg sine tre beste:
Øyvind Kvammen -8
Kim Idar Krogsethagen -7
Christian Søvik -7
|
Laget:
Kurt Erik Grytten
- (Geir
Roar Gamlem, 46)
Knut
Ivar Bjørlykhaug
- (Geir Magne Grande, 66)
Roger Grytten
Geir
Ove Grønli
- (Kenneth Vegsund, 66)
Christian
Søvik
Eirik
York
- (Kenneth Gamlem, 59)
Bjørn Urkedal
-
(Stein Erik Reitan, 46)
Tarjei
Gjerset Urkedal
- (Knut Ivar Bjørlykhaug, 76)
Alexander Gamlem
- (Edward Laverton, 46)
Kim
Idar Krogsethagen
Øyvind Kvammen
- (Steffen Grytten, 46)
|
|
I ein underhaldande og fartsfylt kamp viste Norborg seg som eit betre
lag enn nabo Ravn, og tok med seg heim ein 4-2 siger.
Det var Ravn som opna best på Brattvåg kunstgrasbane onsdag kveld. Vatne/Tennfjord-laget
kom frå ein god kamp mot Ellingsøy, og var tydeleg innstilt på å ta
skalpen på nok ein nabo. Ravn gjekk ut i høgt tempo og vel fem minutt
ut i kampen vart innsatsen lønna med eit frispark like utafor 16-meteren.
Ravn prøvde seg med ein såkalla "Start-vipp" der Eivind Grøtt Ulla vippa
ballen opp til Kjartan Myklebust, men forsøket vart blokkert ut til
corner av Tarjei Urkedal.
Livleg opning
Norborg kjem seg etterkvart høgare opp på bana, og etter dryge 10 minutt
fossa Alexander Gamlem ned til kortlinja og legg lavt inn framfor mål
der både Kim Idar Krogsethagen, Tarjei Urkedal og Øyvind Kvammen har
gode posisjonar, men ballen går forbi dei alle. Ravn slår umiddelbart
kontra men ein vaken Kurt Erik Grytten får snappa oppspelet like framføre
ein Ravn-spelar.
Krogsethagen fiksa leiing
Etter dette tek Norborg meir og meir over kampen, og etter ca. 20 minutts
spel får oransjetrøyene frispark frå vel 25 meter. Storscorar Kim Idar
Krogsethagen tek god rennefart og klinka ballen i mål like under tverrliggar
til 1-0. Eit godt skot, men vi set med følelsen av at Øystein Bjørkevoll
burde ha redda.
Eit par minutt etter får Knut Ivar Bjørlykhaug til eit godt innlegg
som når Kim Idar, men for ein gongs skyld misser han i mottaket og ballen
ruller inn til keeper. Kampen var både fartsfylt og underhaldande dei
første tjue minutta, men gjekk no inn i ein periode med mange feilpasningar
og oppjaga spel.
Kvammen aukar for Norborg
Halvtimen er spelt då Ravn får sin første og einaste klare sjanse
i 1. omgang. Sjansen oppstår ved at Norborg slår ei feilpasning midt
på Ravn sin banehalvdel. Ravn får til ei god kontring på si venstreside
der Eivind Ulla får slått inn framfor mål til Bent Erik Nedrevold som
aleine med Kurt Erik skyt utafor. Her burde Ravn ha scora. I staden
for utlikning er det Norborg som aukar til 2-0 i angrepet etter. Kim
Idar er nede på eigen halvdel og hentar ballen, slår så ein fin ball
til aktive Øyvind Kvammen. Han dempar ballen nydeleg og tek den med
seg mot mål før han kipper ballen elegant over Øystein til 2-0.
Like før pause får Øyvind nok ein god sjanse, og nok ein gong er det
Kim Idar som er hjernen bak angrepet. Han slår nærmast i blinde ein
springeball til Øyvind på høgresida. Øyvind rekk ballen like før keeper
og prøver seg igjen på ein lobb. Ballen går mot mål, men ein Ravn- spelar
får avverja forsøket på streken.
Nytt cornermål av Grønli
Ved pause gjer begge lag ein del skifter. Blant anna kjem Christopher
Urkedal inn for Ravn, medan Norborg legg om frå 4-3-3 til 4-4-2 og bytter
fire mann. Første sjansen er det Ravn som får. Kjartan mottar ballen,
går inn i 16 meteren og får avslutta, men skotet går svakt utafor. Like
etter er Norborg i angrep og får hjørnespark. Tarjei slår ein låg ball
som når Geir Ove Grønli som regelrett spaserer ballen i mål til 3-0
frå sin posisjon på bakarste stolpe. Dette var Geir Ove sitt 3. mål
på dødball på 4 kampar.
Kampen fortsette i høgt tempo og begge lag kjem seg til sine halvsjansar,
og ved omtrent halvspelt omgang scora Norborg nok ein gong. Kenneth
Vegsund slår ein god ball fram til Kim Idar på venstresida, han vipper
ballen forbi keeper og blir så felt. Dommar Jan Vatnehol gjer ingen
feil og peikar på straffemerket. Kim Idar tek sjølv straffa og sette
den kontant i mål bak Jon Erik Witsøe, som har kome inn i Ravn-buret.
Myklebust redusera
Norborg gjorde no enda fleire bytter og bestemte seg for å halde nullen.
Slik skjedde ikkje. Ravn tek meir over og fekk seg eit fortent mål ved
Kjartan. Målet kom etter at Norborg mista ballen til Eivind på eigen
halvdel. Han finn Kjartan som frå 17-18 meter skyt under Geir Roar Gamlem
sin venstrefot og i mål.
I dei siste fem minutta får vi fleire situasjonar framfor mål. For Norborg
har Steffen Grytten og Edward Laverton gode sjansar til å auke leiinga.
Steffen sin sjanse kjem etter godt arbeid av Christian Søvik. Han jobba
inn ein nærast umogleg ball på venstresida og avansera inn i 16 meteren,
passar så til Steffen som skyt over frå 5 meter. Like etter er Edward
aleine med keeper etter godt forarbeid av Kenneth Gamlem og Steffen,
men Jon Erik får avverja til corner.
Like før full tid pyntar Ravn nok ein gong på resultatet. Etter rot
i Norborg sitt forsvar så får Christopher Urkedal banke ballen i mål
bak Geir Roar frå kort hald. Dermed endar kampen med 4-2 til Norborg.
Vatnehol sin kommentar
Jan Vatnehol, dommar, ex-Norborg-spelar og
no Ravn, kom med følgjande kommentar rundt kampen og laga. Eg synst
det var ein god kamp med bra tempo der vi såg to lag som vil kjempe
i toppen av kvar sin divisjon i år. No er det berre å luke vekk feila
fram til seriestart. Positivt at vi klarer å arbeide i 90 minutt, spesielt
når vi blir liggjande under 4-0 og så klarer å pynte på resultatet.
Det var fortent då vi hadde kome til store sjansar tidlegare i kampen,
men bomma. Norborg scora enklare mål en det Ravn gjorde og viste at
dei har mykje spisskompetanse med lynraske vingar, som enten kjem til
dødlinja eller skjerer inn og avsluttar. Norborg var veldig god og vart
ikkje svekkja om dei bytta spelarar. Ravn vil også ha ein veldig god
førsteoppstilling i år og det blir mykje kjemping om plassane, det har
ikkje skjedd på mange år. Vi har fleire spelarar på lur som vi håper
dukkar opp med Ravndrakt snarast råd, då blir vi enda sterkare. Det
er 28 stk som har sagt at dei vil satse i år og vi har derfor meldt
på eit lag i 7`ar serien der vi vil møte Norborg. Det er ein ny og fin
giv i laget og vi er veldig positiv til sesongen, håper at det gode
humøret i klubben fortsette og at det smittar over på god fotball. Ravn
er 90 år i år vi håper at vi kan feire det med opprykk.
Av: FSE
|
|