|
Arena:
Uggedal grus, 25.09.04
Tilskodarar: 84
Dommar:
Lars Ove Sletta (Langevåg)
Assistentdommarar: Frode Pål Fladmark (Herd) og Oddmund
Kaldhussæter (Blindheim)
Norborg sine tre beste:
Kurt Erik Grytten
Roger Grytten
Knut Ivar Bjørlykhaug
|
Laget:
Kurt Erik Grytten
Kristian
Furnes
-
(Christian Søvik, 46))
Knut
Ivar Bjørlykhaug
Roger
Grytten
Asgeir Kalvø
Eirik
York
- (Steffen Grytten, 84)
Stein
Erik Reitan
Kim Idar Krogsethagen
Tarjei
Gjerset Urkedal
Geir Ove Grønli
- (Edward Laverton, 68)
Alexander
Gamlem
|
|
Tafatt og keisam kamp mellom naboane Norborg og Ellingsøy på
ei forhaldsvis god grusbane i Uggedalen. Ellingsøy var minst
dårleg og skapte dei fleste sjansane dei første 75 minutta.
På slutten av kampen tok Norborg over og burde ha scora på
eit par store sjansar. Likevel, uavgjort var eit greitt resultat.
Norborg slit stadig med store skadeproblem, og nok ein gong var det
nødvendig med rokeringar på laget. Blant anna vart Kim
Idar Krogsethagen flytta ned på midtbana.
York med stor sjanse
Norborg opna kampen best og kom seg til den første sjansen etter
4 minutt då Alexander Gamlem forserar flott opp mot 16 meteren,
passar til Eirik York som avsluttar med eit skot over mål. Etter
dette flotte angrepet tidleg i kampen vart det lang tid med endelause
feilpasningar og mange feilval.
Ellingsøy nær ved
Ellingsøy var ikkje noko betre enn Norborg i banespel, men kom
seg til nokre forsøk det første kvarteret som gjorde at
Kurt Erik Grytten måtte i aksjon. Ved halvpselt omgang kom gjestane
seg til den første skikkelege sjansen, men Roger Grytten stod
på strek og redda forsøket etter corner. Ti minutt før
pause kom gultrøyene seg til to store sjansar. Begge på
hjørnespark. På den første corneren gjekk eit skot
frå 12 meter via ein Norborg-spelar og ut. Det påfølgjande
hjørnesparket fekk ein Ellingsøy-spelar avslutte med eit
skot over frå 10 meter. Norborg kan vere glad for at Ellingsøy
ikkje tok leiinga her. Nokre minutt før pause greidde endeleg
Norborg å skape noko igjen, men headinga frå Alexander Gamlem
sneik seg utafor stolpen.
Skremmande dårleg
Dette var ein skremmande dårleg 1. omgang med lite konstruktivt
spel. Dei fleste pasningane fann som regel ein spelar hos motstandaren.
Noko som fekk Norborg-supportar Tommy Granum til å stille følgjande
spørsmål; er det dette som er vennskapskamp? Ellingsøy
var litt oftare på visitt innafor Norborg sin 16 meter, og var
alt i alt minst dårleg.
Straffemiss av Ellingsøy
2. omgang fortsette som den første med svakt spel, men etter
10 minutt får Ellingsøy til eit bra angrep. Erik Edquist
kjem seg inn i 16 meteren der han blir klipt ned av Kurt Erik Grytten.
Dommar Sletta gjer det einaste rette og dømmer straffe. Andre
Slotsvik (?) sitt forsøk frå straffemerket er akkurat som
kampen, svak, og Kurt Erik er fint nede å reddar.
I dei neste 20 minutta er det stillingskrig der ingen av laga får
til noko spesielt. Men så gjer Norborg nokre forandringar på
laget. Edward Laverton kjem inn og Kim Idar Krogsethagen blir flytta
opp på sin vande spissplass. Med eitt startar Norborg å
ta over kampen, og etter knappe 80 minutt kjem Kim dar seg til sin første
sjanse i kampen då han passera eit par mann og skyt, men Ellingsøy
sin keeper redda glimrande.
Store sjansar
Nokre minutt seinare brukar Edward farta si og kjem seg igjennom,
men forsøket aleine med keeper blir redda. Nokre minutt etter
er Christian Søvik svært nær mål etter ein
corner, men headinga blir redda på strek. Like før slutt
kjem Tarjei Urkedal seg til ein brukbar sjanse, men misbrukte sjansen
då han prøver å heade i staden for å ta med
seg ballen mot mål. Dermed endar kampen 0-0. Noko som alt i alt
var eit greitt.
Bra siste femten
Dette var Norborg sin dårlegaste kamp sidan stortapet for Sunnylven
i mai. Svært lite fungerte offensivt dei første 75-80 minutta.
Til det vart det for dårleg rørsle og for mange feilpasningar.
Det siste kvarteret var likevel oppløftande og vert å ta
med seg til neste kamp.
På Norborg får Kurt Erik Grytten skryt for strafferedninga, sjølv
om det var han som laga den og eit par andre bra inngripener, medan
Roger Grytten og Knut Ivar Bjørlykhaug igjen viste at dei er
eit stødig midtstopparpar. Elles positivt innhopp av Edward Laverton.
Neste kamp for Norborg er borte mot Stordal 2. oktober kl. 15.
Av: Frode Stormyr Engeset
|
|