|
Arena:
Norborg gras, 26.08.04
Tilskodarar: 97
0-1 Amund Hjelle (31)
1-1 Kim Idar Krogsethagen (42)
1-2 Stian Blindheim (65)
2-2 Edward Laverton (86)
Dommar:
Jan Erik Bratteberg (Ørsta) - 3
Assistentdommarar: Torbjørn Krøvel (Ørsta)
og Atle
J. Hole (VRF)
BB: Roger Grytten, Norborg
Norborgs tre
beste:
Roger Grytten - 6
Alexander
Gamlem - 6
Stein Erik Reitan - 6
|
Laget:
Kurt Erik Grytten
Jan
Even Drønnesund 
-
(Knut Ivar Bjørlykhaug, 46)
Roger Grytten
Geir
Ove Grønli
- (Edward Laverton, 79)
Steffen Grytten
- (Geir Ove Grønli, 84)
Eirik
York
Stein Erik Reitan
Kristian Søviknes
- (Tarjei
Urkedal, 79)
Alexander Gamlem
Kim Idar Krogsethagen
Øyvind
Kvammen
|
|
Det var ein særs spennande, men heller svak kamp mellom Norborg og Vigra.
Vigra spelte ein defensiv fotball med konstant mange mann bak ballen,
medan Norborg stort sett trilla ball på eigen halvdel for å lokke Vigra
fram på bana. Alt i alt var uavgjort eit greitt resultat.
Norborg med initiativet
Norborg hadde ballen mest dei første ti minutta, men trass i eit spelemessig
overtak greidde ein ikkje å spele seg fram til sjansar. Etter 12 minutt
kjem kampen sin første sjanse, og mot spelets gong er det Vigra som
får den, men avslutninga frå 10 meter skapte ingen problem for målvakt
Kurt Erik Grytten. Kampen vaknar no til liv og ikkje lenge etter får
Kristian Søviknes til eit brukbart skot frå distanse. Keeper gir retur,
men Vigra sitt forsvar plukkar opp ballen. Eit par minutt seinare er
Norborg svært nær å ta leiinga då Idar Molnes sender ballen i eigen
tverrliggjar etter ei heading frå Geir Ove Grønli på ein godt slått
corner frå Kristian.
Etter å ha hatt initiativet dei første 25. minutta startar Vigra å vise
seg fram. Først skyt Jan Erik Gidske i tverrliggjar frå 30 meter, så
headar Idar Molnes ein corner utafor. Norborg på si side får ein bra
sjanse ved Kim Idar Krogsethagen, men frå god posisjon skyt han like
utafor.
Vigra tek føringa
Litt over halvtimen er spelt når det første målet i Søvikdalen denne
kvelden kjem. Amund Hjelle får stå heilt fritt på 16 meteren når han
får eit legg ifrå venstre. Han tek med seg ballen inn på 10 meter og
sette ballen sikkert over Kurt Erik og i mål. Publikum og spelarar ropar
på offside, men Hjelle var nok onside når han fekk ballen.
Kim i 110
Vigra har bare slept inn 2 mål på bortebane denne sesongen, og Norborg
fekk no ein vanskeleg jobb med å bryte ned ein bastant forsvarsmur.
Men 3 minutt før pause spelar Alexander ballen i bakrommet til Kim Idar
som aleine med keeper scorar sikkert til 1-1. Dette var for øvreg
Kim Idar sitt 110. seriemål.
Norborg sleit med trenge igjennom eit solid Vigra-forsvar i 1. omgang.
Til det gjekk ballen litt for seint mellom spelarane, samt at ein vart
for upresise i pasningsspelet når ein kom framover på bana. Omgangen
sett under eitt så var 1-1 eit greitt resultat ved pause, sjølv om Norborg
hadde ballen klart mest.
Gode Norborg-sjansar
Opninga av 2. omgang var svært rotete med mange feilpasningar frå begge
lag, men etterkvart starta Norborg å få eit grep på kampen. Etter 57
minutt spelar Norborg seg fram til ein dobbelsjanse. Først får Alexander
ein bra sjanse innafor 16 meteren, men skotet blir blokkert. Ballen
går til Kim Idar som tek eit par finter før han dunker ballen i nettveggen.
Nokre minutt seinare kjem Øyvind Kvammen seg igjennom, men frå litt
skrå vinkel skyt også han i nettveggen.
Scoring mot spelets gong
Etter 65 minutt kjem så Vigra på ei kontring, og mot spelets gong tek
gjestane på ny føringa i kampen. Denne gong ved Stian Blindheim. Han
får stå heilt aleine på 10 meter å scora sikkert på ope mål. Dårleg
markering, og kanskje eit feilval av Kurt Erik då han forlet målet i
eit forsøk på å stoppe ein vigring i å slå eit innlegg frå kortlinja.
Berre to minutt seinare får Vigra nok ein stor sjanse, men forsøket
frå 16 meter gjekk svakt midt på keeper.
Satsa alt framover
Norborg satsar no alt framover for å få ei utlikning, men det er Vigra
som er nærmast mål på eit skot frå 13 meter, men Kurt Erik redda glimrande.
Norborg spelar med halve laget som angriparar, men har store problem
med å få ballen opp på bana. Fem minutt før full tid lykkast ein likevel.
Kim Idar slår ballen opp frå midtbana til Alexander på venstrekanten.
Han slår ballen direkte inn i feltet og der dukkar innbyttar Edward
Laverton opp å headar inn utlikninga. Men Norborg må ha tre poeng i
denne kampen, og satsar reimar og tøy framover. Men Vigra er eit solid
lag defensivt og jobba også knallhardt ved å stresse Norborg sine forsvarar
og hindre oppspel. Dermed greidde ikkje Norborg å skape noko på slutten
sjølv om ein til tider hadde heile laget på Vigra sin banehalvdel.
Dette var ikkje ein velspelt kamp, men veldig spanande. Vigra spelte
svært defensivt og med stor rutine bakover på bana vart det vanskeleg
for Norborg å skape mange store sjansar. Norborg sine spelarar greidde
heller ikkje å utnytte dei få gongane Vigra var i ubalanse. Til det
vart ein litt for opptatt med å trille ball framføre eigen 16 meter.
Ingen av spelarane utmerka seg i denne kampen, men Roger Grytten gjorde
ein bra kamp i forsvar og Alexander Gamlem viste som vanleg god innsats
på venstrekanten og fekk i tillegg notert seg for to assist.
Norborg har no "landslagspause" og spelar ikkje kamp før 11. september
mot HaNo kl. 1415. Det blir nok ein spanande kamp og vonleg med mykje
folk til stades. Søvik brass vil vere til stades å underhalde i Søvikdalen
denne dagen.
Av: Frode Stormyr Engeset
|
|