|
Arena:
Norborg gras, 12.08.04
Tilskodarar: 77
1-0 Sjølvmål 48)
1-1 Alf Ole Sundgot (61)
2-1 Kristian Søviknes (72)
3-1 Kim Idar Krogsethagen (74)
3-2 Sjølvmål (90)
Dommar: Rolf Eldevik (Ellingsøy)
- 7
Assistentdommarar: Kenneth Vestnes (Aalesund) og Bjørn
Rekdal (Hessa)
BB: Knut Ivar Bjørlykhaug, Norborg
Norborgs tre
beste:
Knut Ivar Bjørlykhaug - 8
Geir Ove Grønli - 7
Kristian Søviknes - 7
|
Laget:
Geir Roar Gamlem
Steffen
Grytten
Knut
Ivar Bjørlykhaug
Geir Ove Grønli
Kristian
Søviknes
Eirik
York
- (Christian Søvik, 86)
Stein Erik Reitan
Tarjei Urkedal
Alexander Gamlem
Kim
Idar Krogsethagen
- (Geir Magne Grande, 88)
Øyvind Kvammen
|
|
Norborg vann torsdag kveld fortent 3-2 over topplaget Sunnylven, og
har igjen delvis fått kontakt med topplaga i divisjonen. Etter ein mållaus
og lite underhaldande 1. omgang, vakna kampen meir til liv etter kvila
og publikum vart vitne til 5 mål i den iskalde nordavinden.
Norborg mangla tre faste forsvarsspelarar til denne kampen, og mange
var spent på korleis det nykomponerte forsvaret ville handtere 4. divisjon
sin målfarlegaste duo Alf Ole Sundgot og Tonny Åsen. Denne bekymringa
skulle vise seg å vere grunnlaus.
Nær
pangopning
I sist møte med Sunnylven scora hellesyltingane etter 30 sekund, denne
gongen var det Norborg og Tarjei Urkedal som var svært nær leiing i
opningssekunda. Tarjei snappa ballen frå keeper, men får ikkje kontroll
på ballen og keeperen får til slutt avverja til corner.
Norborg spelar mot vinden i 1. omgang, men Sunnylven får likevel ikkje
noko overtak på heimelaget det første kvarteret. Når vi nærmar oss halvspelt
omgang kjem gjestane nærare og nærare målet til Geir Roar Gamlem. Dei
spelar seg fram til nokre hjørnespark og innkast på høgde med 16 meteren,
noko som er vel så farleg som hjørnespark når det er snakk om Sunnylven.
Men bortsett frå to brukbare forsøk så uteblir dei heilt store sjansane.
Store sjansar
Ti minutt før pause får så Norborg ein gedigen sjanse. Kim Idar Krogsethagen
spelar Alexander Gamlem igjennom, men med to forsvarar like bak seg
sette Alexander ballen rett på keeperen. Nokre minutt seinare tek Øyvind
Kvammen med seg ballen frå midtbana, brukar fart og teknikk til å lure
halve Sunnylven, passar ut til Alexander, som ikkje treff ballen skikkeleg
og sjansen renn ut i ingenting. Heilt på tampen av omgangen får Sunnylven
ein stor sjanse, men Geir Roar reddar godt skotet frå 16 meter.
Tidleg Norborg-leiing
Etter pausen har Norborg vinden i ryggen, og oransjetrøyene tek kommandoen
frå start. Berre 3 minutt er gått når Steffen Grytten får til eit godt
innlegg. Ein sunnylvsspelar synst det er for gale at innlegget ikkje
skal ende i mål og sette ballen like godt i eige nett til 1-0.
Heldig utlikning
Etter leiarmålet sovnar Norborg, og berre ei god redning frå Geir Roar
og vakent forsvarsspel av Stein Erik Reitan hindrar Sunnylven i å utlikne.
Etter eit kvarters spel får Sunnylven frispark på 25 meter. Ballen blir
slått laust inn på 5 meteren der Geir Roar ser ut til å ha god kontroll,
men han mister ballen og Alf Ole Sundgot er vakent frampå og sette inn
utlikninga. Berre minuttet etter er Sunnylven igjen farleg frampå, men
denne gongen reddar Geir Roar.
Perle frå Kristian
Etter denne perioden med sløvt spel frå heimelaget si side startar ein
igjen å ta over kampen. Først reddar Sunnylven på strek etter ein farleg
slått corner av Kristian Søviknes før Stein Erik skyt returen over.
Etter 27 minutt kjem dagens høgdepunkt i Søvikdalen. Frå 30 meters hald
får Kristian perfekt treff på ballen og den fyk stolpe inn oppe ved
krysset. Eit knallhardt og utagbart skot frå "Snesen".
Endeleg for Kim
Sunnylven går rett i angrep etter løysing, og Geir Roar må ta ut det
beste i seg for å hindre utlikning. Men i staden for 2-2 aukar Kim Idar
Krogsethagen til 3-1. Gjestekeeperen mister ein enkel ball nedi beina
til Kim Idar som sette den sikkert i mål frå 16 meteren.
I løpet av dei siste ti minutta har begge lag kvar sin sjanse før ein
norborgar, vi skal ikkje nemne namn, sette ballen i eige mål etter ein
corner og fastsette sluttresultatet til 3-2.
Fortent siger
Norborg ser ut til å trivst under vanskelege speleforhold, for kvar
gong det er kamp under sterk nordavind vinn Norborg. Heimelaget leverte
ingen optimal kamp, men heva seg frå sist kamp og vann fortent over
topplaget. Eit lag ein for øvreg stort sett har fått bank av det siste
tiåret. Best på Norborg var midtstopparparet Knut Ivar Bjørlykhaug og
Geir Ove Grønli. Spesielt 1. års junior Knut Ivar kan seie seg svært
godt nøgd med innsatsen no når han endeleg fekk spele på sin vande plass.
Ein svært glad og letta trenar Øystein Haugan hadde følgjande kommentar
etter kampen; - dette var svært oppløftande. Vi fekk svar på tiltale
frå ein del spelarar og vi spelte periodevis bra. Folk slapp seg litt
meir laus i dag og det gjorde svært godt å få slå topplaget.
Dommar Rolf Jarle Eldevik klarte seg bra og slapp å bruke kortstokken
i ein fair-spelt kamp.
Neste kamp for Norborg er borte mot Skarbøvik 2. lag onsdag kl. 1830.
Av: Frode Stormyr Engeset
|
|