|
Arena:
Norborg gras, 12.05.04
Tilskodarar: 150
1-0 Kim Idar Krogsethagen (54)
2-0 Kim Idar Krogsethagen (81)
Dommar:
Frank Hansen (Godøy) - 7
Assistentdommarar: Oddmund Kaldhussæter (Blindheim) og
Arild Steinsbu (AaFK)
BB: Edward Laverton
Positivt:
Solid defensivt
At ein skapte brukbart med sjanser i motvinden etter pausa
Tre poeng
Negativt:
Angrepsspelet i 1. omgang
|
Laget:
Geir Roar Gamlem
Asgeir
Kalvø
Christian
Søvik
Geir
Ove Grønli
Steffen Grytten
Kristian
Søviknes
Roger Grytten
Stein Erik Mårstøl
Kim Idar Krogsethagen
Edward
Laverton
Øyvind Kvammen
- (Alexander Gamlem, 77)
|
|
I ein lite underhaldande kamp vann Norborg fortent 2-0 over eit ungt
SIF2-lag. Norborg styrte kampen i medvinden før pause, men skapte svært
lite. Etter kvila skapte ein fleire sjansar og fekk to mål ved
Kim Idar Krogsethagen.
Med nordavinden i ryggen tok Norborg umiddelbart eit lite initiativ
i kampen, men skapar ingen farlege målsjansar den første halvtimen.
Berre ei drøss med resultatlause hjørnespark og nesten sjansar. Etter
38 minutt noterer vi så den første klare sjansen, og den er det
gjestane som skapar. Ein SIF-spelar får komme seg igjennom på venstresida
og skjere inn mot mål, men Geir Roar Gamlem er fint ute med ein beinparade
og får gitt til corner. Etter hjørnesparket får Norborg til ei god kontring.
Kim Idar Krogsethagen spelar igjennom Kristian Søviknes, men SIF målvakt
Per Espen Thorsen redda Kristian sitt forsøk. På overtid i 1. omgang
får Norborg annullert eit mål for angrep på keeper.
Norborg tek føringa
Etter pause er Norborg frampå med eit skot like over frå Kim Idar før
minuttet var gått. Ti minutt ut i omgangen hadde så Kim Idar stilt
inn skotfoten. Kristian pressar SIF sin venstreback til å slå ei feilpasning
til Edward Laverton. Han passar vidare til Kim Idar som skyt i mål til
1-0 leiing. Eit par minutt seinare er Norborg nær ved å auke leiinga.
Kristian kjem seg rundt på venstrekanten og slår inn på bakerste der
Øyvind Kvammen dukka opp, men diverre går avslutninga hans utafor.
Fantastisk dribleshow av Kim
Skarbøvik2 har naturleg nok ballen mest i medvinden, men Norborg har
full kontroll i dei bakre rekker. Ved halvspelt omgang får Øyvind ein
ny sjanse, men nok ein gong går avslutninga utafor. Knappe ti minutt
før slutt sette så Norborg spiker'n i kista. Stein Erik Mårstøl kom
med ein perfekt stikker igjennom til Edward, men keeper Thorsen redda
med ein beinparade. Edward får så igjen ballen, spelar til Kim Idar
som driblar heile forsvaret, finter keeper på ræva å sette ballen trygt
i mål. Eit fantastisk herleg mål av Kim Idar, som så absolutt har ei
stigande formkurve.
Snytt for straffe
To minutt seinare vart Norborg snytt for straffe. Den elles gode dommaren
ser ikkje Hany Suleiman sin hands innafor 16 meteren og let spelet gå
vidare. Like før slutt er Norborg nær ved å auke leiinga då Alexander
Gamlem får til eit godt volley skot, men keeper reddar og Norborg er
ikkje vakne nok på returen. Dermed ebba kampen ut med 2-0.
Det viktigaste for Norborg i denne kampen var å få tre poeng, samt trua
på seg sjølv igjen etter fadesen i Sunnylven. Norborg spelte tolmodig
og disiplinert, fekk to mål og hadde full kontroll på Skarbøvik2. Skryt
til alle for den defensive jobbinga, offensivt var Edward veldig bra
i 2. omgang, medan Kim Idar var tunga på vektskåla.
Neste kamp er borte mot Vigra på Kristi Himmelfartsdag.
Av: Frode Stormyr Engeset
|
|