|
Arena:
Norborg gras, 11.09.04
Tilskodarar: 402
1-0 Kim Idar Krogsethagen (str. 32)
1-1 Stian A. Haram (69)
2-1 Tarjei Gjerset Urkedal (89)
Dommar:
Atle Moldskred (Hasundgot) -6
Assistentdommarar: Odd Arne Grande (Skodje) og Dag-Harald Moldskred
(Hareid)
BB: Knut Ivar Bjørlykhaug, Norborg
Norborgs tre
beste:
Knut Ivar Bjørlykhaug - 9
Geir
Roar Gamlem - 9
Alexander Gamlem - 8
Bilete
|
Laget:
Geir Roar Gamlem
Kristian
Søviknes
Roger Grytten
Knut
Ivar Bjørlykhaug
Asgeir Kalvø
- (Jan Even Drønnesund, 83)
Eirik
York
Stein Erik Reitan
Tarjei Urkedal 
Alexander Gamlem
Kim Idar Krogsethagen
Øyvind
Kvammen
- (Edward Laverton,
74)
|
|
Norborg tok laurdag ein fortent siger i lokalderbyet mot HaNo, men den
sat langt inne. Først i det 89. minutt dundra Tarjei Urkedal
ballen i nota bak HaNo-keeper Thomas Gjerde og det rekordstore publikummet
i Søvikdalen eksploderte i jubel.
Det var eit på papiret noko redusert Norborg-lag som skulle ut i strid
mot HaNo på laurdag. Rutinerte spelarar som Kenneth Vegsund, Christian
Søvik, Geir Ove Grønli og Steffen Grytten var alle uaktuelle til denne
kampen. Norborg stilte difor med to 17-åringar, ein halvskadd Roger
Grytten og omskolert midtbanespelar Kristian Søviknes i forsvarsrekka.
Ei ung og nykomponert rekke der Knut Ivar Bjørlykhaug skulle stå fram
som kongen.
Nervøs opning
Nærmare ti minutt forseinka kom kampen endeleg i gong framføre eit rekordstort
publikum i Søvikdalen. Kampen opna nervøst, spesielt frå heimelaget
si side som hadde store problem med å klarere, noko som kunne gitt HaNo
eit par gode sjansar. I det 11. minutt vakna heimepublikum då Kristian
Søviknes sette ein corner direkte i stolpen. Sjølv om vi ikkje kan notere
dette som nokon skikkeleg sjanse, så kunne ballen fort ha snike seg
i mål ettersom HaNo ikkje hadde plassert ein mann på fremste stolpe.
Frå dette stolpetreffet og fram mot halvspelt omgang er det HaNo som
tek eit lite initiativ i kampen. Noko som resulterer i eit par avslutningar.
Først på ei heading frå 14 meter, så på eit skot frå skrått hald av
Lars Petter Haram. Skotet parerer keeper Geir Roar Gamlem ut til eit
resultatlaust hjørnespark.
Norborg tek over
Ved halvspelt omgang startar endeleg heimelaget å vise seg meir og meir
fram. Ein legg eit visst trykk på HaNo og spelar seg fram til eit par
nesten sjansar ved Øyvind Kvammen og Tarjei Urkedal. Sistnemnde sitt
forsøk kom etter eit svært fint angrep der Kim Idar Krogsethagen slår
ballen i "blinde" ut mot Alexander Gamlem som fossar mot kortlinja,
legg ut til Eirik York som får sitt skot blokkert. Tarjei snappar returen
og skyt like utafor frå 20 meter.
Straffe måtte til
Norborg nærmar seg no mål, og etter dryge halvtimen blir Tarjei felt
innafor HaNo sin 16 meteren. Dommar Atle Moldskred gjer det korrekte
å dømme straffe. Den sette Kim Idar Krogsethagen i mål etter å ha sendt
Thomas Gjerde feil veg. Norborg fortsette å sette sitt preg på kampen
dei neste minutta. Først er heimelaget farleg frampå etter eit godt
slått frispark av Kristian Søviknes. Ballen går til Stein Erik Reitan
på 5 meteren, men han får ikkje dreis på avslutninga si. Like etter
får Eirik York omgangen sin desidert største sjanse ved sidan av straffa
då han finn seg aleine med keeper Gjerde. Men lobben hans frå kanten
av 16 meteren blir redda på strek. På slutten av omgangen får Jan Egil
Ulla eit bra forsøk, men skotet hans frå 13 meter blir redda av Geir
Roar.
1. omgang opna litt nervøst og det tok si tid før vi fekk sjå godt spel
og klare målsjansar. Men utover i omgangen tok kampen seg opp og vi
fekk tidvis sjå godt spel på ei vanskeleg bane. Norborg hadde dei to
største sjansane i ein tett og jamn omgang.
Svært nær dobling
I 2. omgang tok Norborg kommandoen frå start av og skapar tre gode mogelegheiter
dei første åtte minutta. Allereie i opningsminuttet får Alexander Gamlem
ein gedigen sjanse då han frå kloss hald sette ballen i nettveggen etter
eit innlegg frå Øyvind Kvammen. - Eg sklei i avslutningsaugeblinken,
sa Alexander etter kampen. Nokre minutt seinare heada Kim Idar over
frå god posisjon etter eit innlegg frå Eirik. Få minutt seinare er Norborg
millimeter frå å doble leiinga. Kim Idar vinn ballen midt på HaNo sin
banehalvdel og spelar Alexander igjennom aleine med keeper Gjerde. Sistnemnde
får så vidt fingertuppane på ballen og ballen går i stolpe og ut. Til
norborgarane si store undring fekk ein ikkje corner på denne situasjonen.
Gratissjanse til HaNo
Etter heimelaget si gode opning glepp det i Norborg-forsvaret etter
ein times spel. Roger Grytten let eit innlegg gå forbi seg uvitande
om at Per Jarle Fjørtoft står nokre meter bak han. Fjørtoft vert nok
litt overraska over å få ballen og avsluttar svakt fem meter utafor.
HaNo sin toppscorar vil nok ha mareritt om denne missen ei stund framover.
HaNo nærmar seg
Norborg begynne tydeleg å bli slitne etter at kampuret passera 60 minutt,
men får likevel til to skot frå brukbare posisjonar. Diverre for heimelaget
gjekk både Stein Erik og Kim Idar sitt forsøk over mål. Men det er HaNo
som styrer kampen no og er nær utlikning då Jan Egil Ulla får til ei
heading frå 10 meter, men Geir Roar let seg ikkje overliste.
Ved litt over halvspelt 2. omgong får HaNo frispark omtrent på midtbana.
Ballen vert slått inn i Norborg sin 16 meter der heimelaget ikkje får
klarert og Stian A. Haram klinkar ballen i mål frå 7-8 meters hald.
1-1, og lokalderbyet er like langt.
Ny giv i Norborg
Etter målet fortsette HaNo å styre kampen for ei lita stund, men utan
å skape noko trøbbel for keeper Geir Roar og resten av Norborg. Så kjem
Edward Laverton inn for heimelaget, og plutseleg er det oransjetrøyene
som igjen verkar piggast og startar å skape sjansar. Kvarteret før full
tid er Lars Åkre nære ved å heade eit innlegg i eige mål, men ballen
snik seg utafor. På det påfølgjande hjørnesparket headar Tarjei Urkedal
i tverrliggjaren. Litt seinare tek Edward ned ballen like utafor 16
meteren, vender opp, driblar og skyt, men Gjerde får slått ballen over
tverrliggjaren. Norborg fortener eit vinnarmål no.
Tarjei den store helten
Eitt minutt før full tid eksploderer Søvikdalen i endelaus glede. Tarjei
Gjerset Urkedal kjøm på løp inn på 5 meteren og dunkar ballen i mål
bak Gjerde. Målet kom etter eit innlegg frå venstrekanten som Kristian
Søviknes heada inn i 16 meteren. Kim Idar heada ballen ned til Tarjei
på løp som plasserer ballen inne ved stolpen til 2-1.
Snytt for straffe!
På overtid pressar HaNo på og får eit par frispark utafor kanten av
16 meteren, men Norborg viser oppofrande spel å hindrar mål. HaNo vart
nok også snytt for ei straffe då innbyttar Jan Even Drønnesund fekk
ballen i handa innafor 16 meteren, men heldigvis for vertane såg ikkje
dommaren situasjonen. Etter fem minutt tillegg bles dommar Atle Moldskred
av kampen og Norborg kan puste letta ut.
Skapte mest
Alt i alt skapte Norborg dei fleste store sjansane og fortente sigeren
over eit godt HaNo-lag. Norborg slo litt meir langt og var meir villege
til å kome på kontringar i denne kampen enn ein har gjort i det siste.
I tillegg fungerte midtbaneleddet betre enn før i sesongen. Innsatsen
var sjølvsagt upåklageleg av det unge (snittalder på 22) Norborg-laget.
På Norborg var det mange gode i dag, men skal vi trekke fram eit par
mann må det vere Geir Roar Gamlem og Knut Ivar Bjørlykhaug. Geir Roar
var svært sikker i klypene og gjorde ikkje ein einaste feil, mens Knut
Ivar vann alt i lufta og gjorde ting konsentrert og enkelt langs bakken.
Medan det var jubel og song i Norborg-leiren, var sjølvsagt stemninga
ei heilt anna hos dei blåkledde. Dei fokuserte etter kampen på straffesituasjonen
på overtid og på den dårlege bana som tvang dei til å spele litt meir
langt enn det dei normalt brukar, og i lufta var det Knut Ivar Bjørlykhaug
og Eirik York som regjerte.
- Dette var ein spennande og underhaldande kamp. Vi presterer kanskje
årsbeste, men det såg ut som det skulle bli nok ein kamp
der vi ikkje skulle få utteljing for eit sjansemessig overtak.
Heldigvis greidde vi i dag å avgjere kampen til vår fordel.
1-1 hadde vore ein stor skuffelse i dag. All honnør til spelarane
som i dag ga alt og ville vinne. Tusen takk også til publikum.
Dette var fantastisk, sa trener Øystein Haugan etter kampen.
Neste kamp for Norborg er borte mot topplaget Blindheim/Emblem laurdag
18. september kl. 14.
Av: Frode Stormyr Engeset
|
|