|
Arena:
Norborg gras, 10.06.04
Tilskodarar: 98
1-0 Kristian Søviknes (4)
1-1 Terje Ottersen (41)
1-2 Terje Ottersen (52)
2-2 Geir Ove Grønli (55)
3-2 Øyvind Kvammen (75)
3-3 Henning Hareide (83)
3-4 Terje Ottersen (89)
3-5 Kristoffer Morterud (90+4)
Dommar:
Tor Bjermeland (Herd) -4
Assistentdommarar: Kjell
Heltne (Spjelkavik) og John Slinning (Herd)
Positivt:
Opninga av kampen der ein spelte med stor rørsle og høgt
balltempo
Dødballane
Negativt:
Pasningsspelet
Mange feilval
Spelar på for små marginar i forsvar
|
Laget:
Geir Roar Gamlem 
Jan
Even Drønnesund
Christian
Søvik
Geir Ove Grønli 
Steffen Grytten
Eirik
York
- (Edward Laverton, 73)
Stein Erik Mårstøl
- (Stein Erik Reitan, 86)
Tarjei Gjerset Urkedal
Kristian Søviknes
Kim
Idar Krogsethagen
Alexander Gamlem
- (Øyvind Kvammen, 46)
|
|
Norborg
måtte nok ein gong sjå seg slått i eit toppoppgjer. Norborg
starta kampen klart best og burde ha leia med fleire enn eitt mål
etter opningskvarteret. Gradvis kjempa gjestane seg inn i kampen, og
med ein voldsam sluttspurt sikra dei seg alle poenga.
Norborg måtte nok ein gong gjere rokkeringar i forsvar. Roger
Grytten var på klassetur og med det vart det vald å sette
inn eit nytt stopparpar i Christian Søvik og Geir Ove Grønli.
Sidan Christian vart flytta frå back til stoppar fekk Jan Even
Drønnesund sjansen frå start for første gong i år.
Berre Steffen Grytten behaldt då plassen sin frå HaNo-kampen.
Offensivt fekk Alexander Gamlem sjansen frå start etter gryande
form på trening og 7'ar kamp.
Stor Norborg dominans i starten
Norborg opna i eit voldsamt tempo og pressa Blindheim/Emblem tilbake
på bana. Etter to minutt kjem første sjansen. Kim Idar Krogsethagen
og Tarjei Urkedal kombinerer fint og Tarjei kjem seg igjennom, men skotet
hans frå 13 meter stryk seg utafor stanga. To minutt seinare skulle
så ballen gå i mål. Alexander Gamlem vinn ein løpeball i duell med BE
backen. Han spelar til Tarjei som kjem seg ned til kortlinja å legg
inn til Kristian Søviknes som puttar frå kloss hald.
Annullert mål
Norborg fortsette å styre kampen og etter 12 minutt ligg ballen igjen
i nota etter eit godt frispark frå Kim Idar. Problemet var at dommaren
dømte indirekte, medan Kim Idar skaut direkte. Dermed annullert mål.
Like etter får Kim Idar ein ny sjanse, men med fri veg mot mål avslutta
han svakt rett på keeper frå 16 meter.
Ottersen utliknar
Etter eit kvarter startar Norborg å gjere enkle feil, og gjestane kjem
gradvis inn i kampen. Ved ein halvtimes spel får dei svarte og kvite
sin første sjanseved Terje Ottersen, men han greier ikkje å overliste
Geir Roar Gamlem i Norborg-målet. Ti minutt seinare gjekk det så annleis.
Norborg ser ut til å ha god kontroll på BE sitt angrep ute på høgresida,
men høgrevingen får slått ballen inn til Ottersen som står umarkert
på 18 meter. Han ladar skotfoten å sette ballen presist inne ved stolpen
til 1-1.
Laga gjekk til pause med 1-1. Noko Norborg var minst nøgd med. Heimelaget
produserte fleire store sjansar det første kvarteret og hadde fortent
å leia ved pause.
Ottersen på ny
Blindheim/Emblem starta 2. omgangen best og berre ei glimrande redning
av Geir Roar hindra mål då Lars Andreas Vegsund får avslutte frå 7 meter.
Minuttet etter er Norborg i angrep og Kim Idar får ein bra sjanse å
score, men avslutninga går over mål. 7 minutt ut i omgangen får gjestane
hjørnespark. Ballen blir slått på næraste stolpe der det oppstår klabb
og babb før Terje Ottersen kranglar ballen over streken til 2-1 leiing.
Norborg snur kampen
Norborg kjem seg raskt til hektene å spelar seg fram til ein corner.
Kristian Søviknes slår på bakarste stolpe der Geir Ove Grønli puttar
ballen i nota til 2-2. Norborg har eit lite initiativ i kampen, men
greier ikkje å spele seg fram til dei store sjansane. Ikkje før i det
25. minutt blir det på nytt farleg då Norborg igjen får indirekte frispark
like utafor 16 meteren. Denne gongen rullar Kristian ballen dei nødvendige
centimeterane til Kim Idar som dundrar ballen i stolpen og ut. Fem minutt
seinare tek Norborg så leiinga. Kristian Søviknes slår ein stikkar
mot Øyvind Kvammen, men keeper er ute å snappar og ser ut til å ha kontroll.
Men ballen glepp under han å ligg fri framføre Øyvind som enkelt puttar
ballen i det tomme buret. Eit heldig mål, men likevel 3-2 og det går
mot ny heimesiger.
Kommunikasjonsproblem
Men det er no eit slitent heimelag startar å miste hovudet. Sju minutt
før ordinær tid er omme slår B/E eit tilsynelatande ufarleg innlegg.
Geir Roar ropar høgt å tydeleg keeper, men Geir Ove vel å klarere framføre
eigen keeper. Dette skulle vise seg å koste Norborg dyrt. Ballen kjem
raskt tilbake og Henning Hareide får stå heilt aleine på 14 meter å
skyte ballen i mål inne ved lengste stolpe.
Sluttkjørt
Norborg har no lite å stille opp med mot eit løpsvilleg bortelag. Minuttet
før slutt får så gjestane frispark på 19 meter. Terje Ottersen gjer
seg klar å dunkar ballen i tverrliggjar og inn. 4-3 til Blindheim/Emblem
som igjen har snudd kampen til sin fordel. Like før full tid fullfører
Kristoffer Morterud audmjukinga ved å lage 5-3 aleine med Geir Roar.
Spelar for vanskelegt
Etter ei svært god opning på kampen rekna dei fleste tilskodarane at
dette kom til å bli ein enkel siger, men kor feil kan ein ta. Norborg
gjorde gong på gong personlege feil og inviterte Blindheim/Emblem inn
i kampen og slapp for tredje gong i år inn 5 mål. På heimebane har det
ikkje har skjedd på 5 år. I staden for å gjere ting enkelt prøvar mange
av spelarane seg på litt for mykje fiksfakseri, chippar og utsidepasningar.
Spesielt prøvde ein altfor ofte å løfte ballen over motstandaren si
forsvarsrekke, i staden for å slå ein enkel stikkar langs bakken mellom
stoppar og back. Dei aller fleste gongane Norborg prøvde å slå over
Blindheim/Emblem sine forsvarar vart dei klarert. Mens dei få gongane
det vart slått langs bakken vart det farlege sjansar eller halvsjansar.
Når ein har temposterke angriparar som Kim Idar og Alexander/Øyvind/Edward
må dette nyttast betre med å spele langs bakken. Ikkje i lufta. Norborg
har alt i alt svært mykje å gå på, men må
snart over tid starte å vise kva laget er godt for. Ikkje berre
i sporadiske kampar.
Svært vanskeleg å plukke ut Norborg-spelarar som utmerka seg i
dag, men Geir Roar hadde eit par klasseredningar bak eit litt rufsete
forsvar, medan Kristian gjorde ein brukbar kamp. Elles er det mange
som jobbar godt, men som får lite ut av det.
Blindheim/Emblem hadde eit jamt godt lag, men hadde store problemer
den tida Norborg kjørte tempo på ball i starten av kampen.
Etter at Terje Ottersen vart flytta ned på midtbana fekk dei kampen
inn i sitt spor og viste at dei blir eit lag å rekne med framover.
Dommar Tor Bjemeland var som heimelaget svært variabel i prestasjonane.
På søndag er det klart for ny kamp.
Vi har lov til å vere litt gretne og forbanna i kveld og i morgon, men
vi ristar av oss dette tapet også, og har humør og speleglede når vi
dreg over fjorden for å banke Ellingsøy.
Av: Frode Stormyr Engeset
|
|