|
Arena:
Norborg gras, 29.05.04
Tilskodarar: 88
1-0 Geir Ove Grønli (22)
2-0 Kim Idar Krogsethagen (41)
3-0 Kim Idar krogsethagen (43)
4-0 Tarjei Gjerset Urkedal (63)
5-0 Roger Grytten (67)
6-0 Tarjei Gjerset Urkedal (69)
7-0 Kim Idar Krogsethagen (80)
8-0 Edward Laverton (84)
9-0 Edward Laverton (86)
Dommar:
Kjell Heltne (Spjelkavik) -7
Assistentdommarar: Birger Skårsmoen (Alvdal) og Antoni
Vike Danielsen (Rollon)
BB: Roger Grytten (Norborg)
|
Laget:
Kurt Erik Grytten
Christian
Søvik
-
(Knut Ivar Bjørlykhaug, 80)
Kenneth
Vegsund
Geir Ove Grønli
Steffen Grytten
- (Jan Even Drønnesund, 87)
Eirik
York
- (Øyvind Kvammen, 37)
Roger Grytten
Tarjei Gjerset Urkedal
Kristian Søviknes
Kim
Idar Krogsethagen
- (Edward Laverton, 81)
Alexander Gamlem
- (Espen Solheim, 76)
|
|
Som
resultat tilseie så var det einvegskjøring i Søvikdalen på laurdag.
Norborg dominerte frå start til slutt å tok ein høgst fortent 9-0 siger.
Noko som ikkje var eit mål for lite.
Norborg tok umiddelbart initiativet i kampen, men sleit med å skape
sjansar dei første ti minutta. Til det vart sistetrekket for upresist,
men frå det tiande minutt kom sjansane på løpande band. Både Kenneth
Vegsund, Christian Søvik og Kristian Søviknes hadde sine sjansar før
Geir Ove Grønli sette inn 1-0 på ei heading etter ein godt slått corner
av Kristian. Halve omgangen var då spelt.
Kim med stigande målform
Etter målet gjekk kampen inn i ein dødperiode. Norborg var for upresise
i oppspela til spissane, medan Aksla ikkje var i stand til å spele ball.
Dei siste fem minutta av omgangen vart det så action igjen. Tarjei Urkedal
vart skubba i bakken innafor straffefeltet og ein vaken dommar dømmer
straffe. Den sette Kim Idar Krogsethagen sikkert i mål etter å ha sendt
keeper feil veg. Like etter får samme spelar til ein perfekt lobb frå
30 meter. Ballen går over keeper og i mål til 3-0. - Ej kjenne igjen
denna, kom det ifrå Brattvåg-keeper Espen Wold på sidelinja, med klar
tanke på fjorårets Øyacup.
Fortent leiing ved pause
Norborg gjekk dermed til pause med ei fortent 3-0 leiing etter å ha
dominert kraftig i den sterke medvinden ein hadde i 1. omgang. Aksla
på si side kom seg sjeldan inn i Norborg sin 16 meter, og Kurt Erik
Grytten i Norborg-målet var nær sagt arbeidsledig bortsett frå nokre
gjennomspel han var fint ute å braut og eit forsøk på lobb
frå 13 meter, noko som var det einaste som likna på ein
Aksla-sjanse i 1. omgang.
Raude Aksla
Etter pausen er det Aksla som har medvind, og greier å flytte laget
litt høgare opp på bana. Dette gjer at laget faktisk spelar seg fram
til ein corner i løpet av dei første minutta, men så starta det å koke
over for Aksla sine midtstopparar. Først er det Kim Idar dei blir forbanna
på, så er det Geir Ove. Når Geir Ove så blir skubba i bakken har dommar
ingenting anna å gjere enn å vise det raude kortet. Med eine midtstopparen
utvist fortsette Aksla med tre mann bake. Dette går bra i dryge ti minutt,
men så starta Norborg-maskina for alvor.
Sjanse på sjanse
Etter 63 minutt fintar Kim Idar seg igjennom Aksla-forsvaret, men er
uheldig med skotet og keeper redda, men Tarjei Urkedal er vaken på returen
å sette ballen sikkert i mål. I minutta etter får Kim Idar to store
sjansar. Først blir han spelt igjennom av Roger Grytten, men aleine
med keeper misser han. Minuttet etter skal han styre eit Øyvind Kvammen
innlegg i mål, men treff ikkje skikkeleg på ballen.
Roger driblefot
Ved halvspelt omgang får vi så eit vakkert mål av Roger. Han driblar
seg inn i 16 meteren, lurer alt og alle å sette ballen sikkert i mål
frå 7 meter. Vakker kunst av Roger, og 5-0. To minutt seinare er det
Kristian som fangar ballen utafor 16 meteren, rykker forbi eit par mann
og legg ut til Tarjei som presist styrer inn 6-0.
Espen med seriedebut
Eit kvarter før slutt kjem gutespelar Espen Solheim inn og får sin seriedebut
på seniornivå. Han får umiddelbart sjansen aleine med keeper, men er
litt uheldig med siste touchen og keeper får snappa ballen. Ti minutt
før slutt skal det likevel bli 7-0, og nok ein gong er Kim Idar ute
med ein elegant lobb over keeper frå 25 meter. Minuttet etter er Norborg
i angrep igjen. Øyvind Kvammen kjem seg inn i 16 meteren, men blir sparka
ned. Ei klar straffe, men den elles gode dommaren vinkar spelet vidare.
Tenåringane fullførar massakren
Fem minutt før slutt får vi 8-0. Debutant Espen kjem seg rundt på venstrekanten
og spelar inn til Edward Laverton som scora sikkert frå 8 meter. Minuttet
etter er Espen på farta igjen, men keeper får snappa ballen. Espen gir
seg likevel ikkje å vinn tilbake ballen, men blir så skubba i bakken
av ein Aksla-kapteinen. Publikum roper på straffe, men dommaren vinkar
spelet vidare. Aksla-kapteinen slenger så ein spydig kommentar til Norborg:
- Kan ikkje hive innpå ein 8-åring som berre dett. Norborg-supportar
Trond Magnussen kom med følgjande motsvar: - Dette er ingen divisjon
for pensjonistar heller.
Fire minutt før slutt kjem Aksla seg til sin første store sjanse. Ein
Aksla-spelar snappar eit utkast frå Kurt Erik å kjem seg inn i 16 meteren,
men frå skrått hald skyt han like utafor. Norborg sette i gang spelet
raskt. Kristian spelar igjennom Edward som runder keeper å sette inn
9-0. Like før slutt er Aksla nær ved å få ei redusering, men Kurt Erik
reddar glimrande avslutninga frå kloss hald. Dermed blir det 9-0. Ein
siger som ikkje var eit mål for lite.
Bra vorspiel før festen neste fredag
Som resultatet tilseie så dominerte Norborg denne kampen kraftig. Spelarane
var tydeleg innstilt på å vise seg frå si beste side etter det uheldige
tapet mot Vigra i sist kamp, og tok tak i kampen umiddelbart. Vi kan
seie at dette var eit svært vellykka vorspiel til det som skal skje
på fredag. Då er det nemleg årets første Haramsderby i 4. divisjon mellom
HaNo og Norborg.
Vanskeleg å plukke ut kven som var best på Norborg i denne kampen sidan
det først og fremst var ein lagsiger, men Roger Grytten er ein spelar
det er vanskeleg å kome utanom. Han jobbar godt og gjer det meste riktig
med ball i beina. Elles skryt til absolutt alle involverte på Norborg
i dag.
Lokomotivfotballen er tilbake!
Av: Frode Stormyr Engeset
|
|