|
Arena:
Haramsøy gras, 04.06.04
Tilskodarar: 191 betalande
1-0 Lars Petter Haram (26)
1-1 Kim Idar Krogsethagen (36)
Dommar:
Tor Bjermeland (Herd) - 3
Assistentdommarar:
Morten Andre Stokke (Valder) og Zenun Murati (Giske)
Positivt:
Innsats
Defensiv jobbing
Supporterane
Negativt:
Upresise oppspel
|
Laget:
Kurt Erik Grytten
Christian
Søvik 
Roger
Grytten 
Kenneth Vegsund
Steffen Grytten 
Kristian
Søviknes
- (Øyvind Kvammen, 85)
Eirik York 
Stein Erik
Mårstøl
Tarjei Urkedal
Kim
Idar Krogsethagen
Geir Ove Grønli
- (Edward Laverton, 77)
|
|
Det
vart 1-1 i ein sjansefattig, men tett og spennande kamp mellom 4. divisjonsrivalane
frå Haram.
Begge måla kom før pause. HaNo tok leiinga
i ved Lars Petter Haram, men Kim Idar Krogsethagen fiksa eitt poeng
for oransjetrøyene.
Mange
oransje
Alt låg til rette for fest på Haramsøy gras denne fredagskvelden. Allereie
på Skjelten ferjekai fekk vi ei svært positiv kjensle, for der stod
50-60 Norborg-supporterar å venta på å erobre Haramsøya. Supporterar
som under kampen heilt klart var mest høglydt, trass i at HaNo har Stø-Leif.
Back to basic
Norborg har sleppt inn mange mål i dei to siste bortekampane og då spesielt
i starten av kampane. Laget hadde difor vald å gå bort ifrå 4-3-3 oppstilling
og prioriterte meir det defensive frå start av. Roger Grytten vart flytta
ned igjen i midtforsvaret og Geir Ove Grønli vart flytta opp i angrepet.
Det var altså meir eller mindre "back to basic" for Norborg i denne
kampen.
Sjansefattig opning
Opninga av kampen var prega av høg aggressivitet og litt for oppjaga
tempo til at det vart godt spel. HaNo var det laget som hadde eit lite
initiativ i starten, men utan å skape sjansar. Eit frispark lagt hardt
inn i feltet og eit par hjørnespark var det einaste som vart
skapt dei første ti minutta.
"Snesen" nær mål
Etter eit kvarters spel starta Norborg å vakne offensivt også. Steffen
Grytten kjem på løp ute på høgrekanten, får ballen og kjem seg rundt
HaNo sin back. Innlegget er perfekt og når Kristian Søviknes sitt hovud,
men diverre blir headinga enkel mat for Thomas Gjerde i HaNo-buret.
Like etter er Kristian frampå med eit skot, men utafor. Etter 20 minutt
ropar HaNo på straffe då Stian A. Haram gjekk i bakken, men dommar
Tor Bjermeland vinka spelet vidare.
Uheldig mål imot
Norborg ser ut til å ha kontroll på heimelaget og har eit lite initiativ
i kampen, men oppspela blir diverre litt for upresise til at det kjem
sjansar ut av det. I staden er det HaNo som får frispark utafor
hjørnet av Norborg sin 16 meter, og det etter at Norborg skulle ha hatt
frispark lengre opp på bana i trekket før. Kenneth Ulla
legg frisparket hardt rett på Kurt Erik Grytten, som er uheldig å
gi retur. Den er Lars Petter Haram raskt framme på å sette i mål. Eit
heldig mål og Norborg må nok ein gong sjå at motstandaren scorar på
sin første skikkelege sjanse i kampen.
Fortent utlikning
Etter målet styrer Norborg det meste. Først får Thomas Gjerde vippa
eit frispark frå Kristian like over mål. På hjørnesparket får Geir Ove
Grønli stå nokså fritt å heade, men den blir redda på streken av HaNo.
Nokre minutt seinare skulle så Norborg få si fortente utlikning. Kristian
snappar ballen på venstresida og slår ein perfekt stikkar igjennom
til Kim Idar Krogsethagen. Han held HaNo-forsvaret bak seg å sette ballen
sikkert i nota. Etter utlikninga fortsette Norborg å ha eit lite initiativ,
men greier ikkje å skape noko framføre mål. Dermed 1-1 til pause.
Underhaldande opning
I det første kvarteret etter kvila skaper begge lag situasjonar
framføre mål. Norborg og Stein Erik Mårstøl er først ute. Han får med
seg ballen inn mot 16 og siktar mot lengste kryss, men diverre fyk ballen
utafor. Minuttet etter er HaNo frampå med ein farleg stuss etter eit
frispark, men også her går ballen over. Like etter kjem Kim Idar seg
inn i 16 meteren, men blir tackla/felt i avslutningsaugneblinken og
han får bare puffa ballen inn til keeper. Norborg vil ha straffe i denne
situasjonen, men Tor Bjermeland vinkar spelet vidare. Den underhaldande
perioden blir avslutta med eit skot like over frå Kenneth Ulla.
"Bonden" nær matchvinnar
Den neste halvtimen blir eit langt gjesp med stort sett kriging på midtbana,
lite konstruktivt spel og to godt defensivt organiserte lag. To minutt
før slutt får så Norborg ein gedigen sjanse til å få med seg alle poenga
heim til fastlandet. Og det er Kim Idar som har bestemt seg for at det
no er på tide å avgjere kampen. Han mottar eit godt oppspel ute på høgresida.
Avanserer framover, driblar eit par mann inne på 16 meteren og gir til
Tarjei Urkedal som har kome på løp bakfrå. Tarjei fyrer av frå 16-17
meter, men skotet går rett på Thomas som slår ballen over tverrliggjaren.
Her burde et ha stått 2-1 til oransjetrøyene. På det påfølgjande
hjørnesparket headar Kenneth Vegsund ballen til side for mål.
På overtid får HaNo kampen sin siste sjanse på ei heading frå
10 meter, men over mål. Dermed endar lokaloppgjeret 1-1.
Greitt
resultat
Kampen vart ikkje den festen som alt låg til rette for. Høgt spenningsnivå
og to godt organiserte lag får ta skylda for dette, men spenning til
siste slutt vart det iallfall. Totalt
sett var 1-1 det mest rettferdige resultatet sidan sjanseprotokollen
er omtrent lik, men Norborg hadde dei klaraste sjansane og burde ha
henta heim tre poeng på sin store sjanse like før slutt.
På Norborg synst vi Steffen Grytten og Roger Grytten utmerka seg
mest. Ein Roger som for øvreg skal på klassetur neste torsdag
når den viktige toppkampen mot Blindheim/ Emblem blir spelt.
Dommar Tor Bjermeland hadde ein vanskeleg kamp å dømme
med mange duellar, og som sist vi såg han (mot Stranda) dømde
han inkonsekvent. På torsdag får han likevel ein ny sjanse
til å overbevise når han dømmer i Søvikdalen.
Bileter

Eit innlegg som går forbi abåde heimeforsvaret og Norborg
sitt angrep

Høgt innlegg frå Kristian som Tarjei får plukka ned

Slik kan det gå etter ein duell med Geir Ove. Her er det Per Kristian
Klokk som må ta teljing

Tarjei sprang mykje, men greidde ikkje å skape det heilt store
idag.
Her er to bilete som er tjuvlånt frå HaNo si heimeside www.hanofk.no

Her kjem HaNo sitt mål. Kurt gir retur på Kenneth Ulla sitt
forsøk og Lar Petter Haram er vaken å sette ballen i mål

Mange norborgarar tok turen til Austnes denne fredagskvelden
Av: Frode Stormyr Engeset
|
|