|
Arena:
Nes stadion, 13.06.04
Tilskodarar: 30
0-1 Christian Søvik (11)
0-2 Øyvind Kvammen (45)
0-3 Kim Idar Krogsethagen (46)
1-3 Kenneth Bjørke (75)
1-4 Øyvind Kvammen (79)
Dommar:
Jan
Erik Myklebust (Åmdal) -7
Assistentdommarar: Tor
Bjermeland (Herd) og Hans
J. Finsæther (Aafk)
Norborgs beste:
Roger Grytten -9
Øyvind Kvammen -8
Christian Søvik -7
|
Laget:
Geir Roar Gamlem
Christian
Søvik
Roger
Grytten
Kenneth Vegsund
- (Knut Ivar Bjørlykhaug, 81)
Steffen Grytten
Eirik York
- (Stein Erik Reitan, 79)
Kristian Søviknes
Tarjei Urkedal
- (Stein Erik Mårstøl, 66)
Alexander
Gamlem
- (Jan Eve Drønnesund, 89)
Kim Idar Krogsethagen
- (Edward Laverton, 66)
Øyvind Kvammen
|
|
Norborg
kom sterkt tilbake etter tapet mot Blindheim/Emblem sist veke, og vann
komfortabelt 4-1 over Ellingsøy.
Norborg gjorde store forandringar frå det laget som tapte for Blindheim/Emblem.
Tilbake som midtstopparar var Roger Grytten og Kenneth Vegsund, Kristian
Søviknes fekk ankerrolla på midtbana, mens Øyvind Kvammen kom inn som
høgreving.
Corner er mål
I løpet av dei første ti minutta var det lite som skjedde. Norborg hadde
eit lite initiativ, men kom seg ikkje igjennom eit kompakt heimelag.
Etter ti minutt spelar oransjetrøyene seg fram til ein corner. Kristian
Søviknes legg den på hovudet til Christian Søvik som får den dei nødvendige
centimetarane over streken.
Etter målet fortsette kampen å vere nokså jamspelt mellom to lag som
prøver å spele fotball langs bakken. Ved halvspelt omgang får vi sjå
eit fint angrep frå Norborg. Tarjei Urkedal kjem rundt på flanken og
slår eit innlegg som keeper boksar vidare til Alexander Gamlem på venstresida.
Han spelar ballen ut til Kristian Søviknes som skyt høgt over frå 18
meter.
Sjanserikt mot slutten
Det er først i dei siste ti minutta av omgangen at kampen verkeleg vaknar
til liv. Først får Kim Idar Krogsethagen ein gedigen sjanse frå 8 meter,
men Kim Idar avslutta innlegget frå Øyvind Kvammen svakt på keeper.
Minuttet etter er det Øyvind sjølv som får avslutte, men også denne
gongen rett på keeper. Etter desse to 100% sjansane til Norborg er heimelaget
nær ved å utlikne, men Norborg får blokkert skotforsøka frå 12 meter.
Når klokka nærma seg 45 minutt slår Steffen Grytten eit langt oppspel
til Kim Idar som tek ned ballen og gir ut til Øyvind. Øyvind går litt
inn på bana å skyt hardt i mål frå vel 16 meter. 2-0, og Norborg har
fått eit perfekt utgangspunkt til 2. omgang.
Fortent leiing til pause
Norborg hadde det meste av spelet i 1. omgang og leia fortent, men Ellingsøy
hang godt med og gjorde det spesielt vanskeleg for Norborg den første
halvtimen. På slutten opna kampen seg meir opp og vi fekk fleire situasjonar
framføre mål.
Kim raskt frampå
I 2. omgang går Norborg rett i angrep ved Alexander Gamlem og Kim Idar
Krogsethagen. Førstnemnte slår ein perfekt stikkar i bakrommet til Kim
Idar som spring frå forsvaret å sette ballen elegant i mål bak keeper.
3-0 til Norborg og kampen er i realiteten punktert.
Nokre minutt seinare er Øyvind svært nær sitt andre mål for dagen, men
er uheldig med touchen då han er aleine med keeper og sjansen renn ut
i sanden. Ti minutt seinare er Tarjei svært nær å auke leiinga. Kenneth
Vegsund slår eit perfekt frispark opp i 16 meteren. Tarjei plukkar ned
ballen på 7 meter og skyt, men på meisterleg måte får keeper redda.
Ellingsøy meir med
Etter dette startar Ellingsøy å kome meir med i kampen og spesielt Lennart
Clausen skaffar seg ved fleire høve rom mellom Norborg sitt forsvar
og midtbane. Ved halvspelt omgang er Ellingsøy svært nær redusering.
Clausen slår eit frispark inn i 16 meteren og ein Ellingsøy-spelar får
avslutte frå 10 meters hald, men Geir Roar Gamlem redda glimrande. Dryge
fem minutt seinare må likevel Geir Roar plukke ballen ut av nettet.
Nok ein gong oppstår sjansen på frispark. Clausen slår ballen inn på
5-meteren der Kenneth Bjørke er høgast å headar ballen i mål. 1-3, og
Ellingsøy augnar eit lite håp.
Øyvind punktera kampen for godt
Det håpet sløkker Øyvind nokre minutt seinare då han rykker forbi forsvaret
og plasserar ballen inne ved lengste stolpe til 4-1. Minuttet seinare
får Øyvind sjansen igjen då han blir spelt igjennom av Stein Erik Mårstøl,
men denne gongen er vinkelen skråare og skotet går utafor stolpen.
I dei siste minutta er det lite som skjer, og kampen endar med 4-1 til
Norborg. Ein fortent siger etter spel og sjansar.
Norborg viste seg i denne kampen frå ei heilt anna side enn i sist kamp
mot Blindheim/Emblem. Med Roger og Kenneth tilbake i midtforsvaret var
den defensive tryggleiken tilbake, samt at vingane fekk betre ballar
å jobbe med. Ein prøvde i dag å spele fotball og sjølv om det til tider
vart litt mange feilpasningar gjorde Norborg ein god kamp.
Best på Norborg i denne kampen var forsvarssjef Roger Grytten. Han les
spelet veldig godt og var umogeleg å passere. Øyvind Kvammen viste ein
del av sitt store potensial ute på kanten og scora 2 mål. Elles trekke
vi fram Alexander Gamlem for høg arbeidsmoral. Han nekta å stoppe
å springe før krampen tok han nokre minutt før slutt.
Artig
å sjå at vi heva oss og starta å spele fotball igjen,
var trenar Haugan sin kommentar etter kampen.
Dommar Jan
Erik Myklebust
gjorde ein god jobb i ein lettdømt kamp.
Neste kamp for Norborg er heime mot Stordal torsdag kl. 1830.
Av: Frode Stormyr Engeset
|
|