|
Arena:
Hessa grus, 18.09.03
Tilskodarar: ca. 20 (stort sett norborgarar)
0-1 Kristian Søviknes (6)
0-2 Geir Ove Grønli (12)
0-3 Geir ove Grønli (27)
1-3 Øyvind Pickart (72)
1-4 Kim Idar Krogsethagen (78)
2-4 Terje Ottersen (80)
2-5 Kim Idar Krogsethagen (89)
Dommar:
Jan Lund (Blindheim) -7
Assistentdommarar:
Antoni Vike Danielsen (Rollon) og Oddbjørn Hatlehol (Brattvåg)
Norborg sine tre beste:
Geir
Ove Grønli -9
Tarjei Urkedal -8
Stein Erik Reitan -8
|
Laget:
Geir Roar Gamlem
Steffen Grytten
Kenneth Vegsund
Morten
Kalvø
Roger Grytten
Kristian
Søviknes
Eirik
York
-
(Jan Vatnehol, 87)
Stein Erik Reitan
Tarjei
Gjerset Urkedal
Kim
Idar Krogsethagen
Geir
Ove Grønli
- (Christopher Urkedal, 82)
|
|
Norborg tok ein fullt fortent siger over SIF2 i den sterke vinden på
Hessa grusen. Oransjetrøyene hadde vinden i ryggen i 1. omgang og leia
med tre mål til pause. Det var likevel i motvinden etter pause gjestane
imponerte mest, for med ein enorm innsats og løpsvilje hadde ein full
kontroll og var nær ein større siger.
Sterk vind, veldig sterk vind!
Kampen mellom SIF2 og Norborg vart i siste liten flytta frå SIF sine
baner til Hessa si grusbane. Ei fin grusbane, men med svært sterk vind.
Dermed var taktikken klar. Vinne myntkastet å få spele 1. omgangen i
medvind. Noko Norborg gjorde.
Søviknes gir valuta for pengane
I den sterke medvinden la Norborg press på heimelaget frå start av,
og det gjekk ikkje lenger enn 6 minutt før den første ballen låg i nota
bak SIF2 keeper John Arne Storøy. Målet kom på ein god ball frå Stein
Erik Reitan ut til Kristian Søviknes som fekk fri veg mot mål. Søviknes,
som vart henta heim frå Oslo til denne kampen, gjer ingen feil
aleine med Storøy og sette ballen sikkert i mål.
Grønli i målform
Norborg fortsette å trykke på og etter 12 minutt er det klart for eit
nytt mål. Steffen Grytten løfta ballen over SIF2-forsvaret til Geir
Ove Grønli som kjem aleine med keeper. Der gjer sogningen ingen feil
å dobla leiinga. Etter dette kjem heimelaget litt meir med i kampen,
og kjem seg ved eit par høve inn i Norborg sin 16 meter. Men Norborg
har kontroll og ryddar fint opp.
Like før halvtimen er spelt har Eirik York ballen på venstrekanten.
Han får god tid til å stille inn god foten og legg perfekt inn til Grønli
som enkelt heada ballen i mål frå 5-6 meter. I dei neste 10-15 minutta
greier ingen av laga å skape noko særleg. Men minuttet før pause kjem
Søviknes seg rundt på kanten, legg godt inn til Grønli som diverre berre
får puffa ballen inn til keeper. Like etter får SIF2 til eit brukbart
skotforsøk frå 18 meter, men ballen snik seg utafor stolpen.
SIF2 presset kom ikkje
Etter pause var det Norborg som måtte spele i den kraftige motvinden,
og dei fleste forventa at SIF2 skulle presse kraftig på. Men Norborg
jobba som aldri før og lot ikkje vertane få kome til anna enn eit par
halvsjansar i løpet av dei første 20 minutta. Norborg på si side får
gode forsøk ved Kim Idar Krogsethagen og Tarjei Urkedal.
Ved halvspelt 2. omgang får SIF2 frispark ca. 25 meter frå
mål. Alle forventar skot, men ballen vart i staden slått kort
til ein spelar som sprang bak Norbrog sin mur. Aleine med keeper, men
frå litt skått hald, gjeng skotet hans i nettvegen. Eit
par minutt etter er Tarjei igjen farleg frampå. Etter ein miss i SIF2
forsvaret mottek han ballen inni 16 meteren, men får ikkje dreis over
avslutninga. Etter 71 minutt har Norborg fått frispark ved midtstreken.
Kenneth Vegsund slår ballen inn på SIF2 sin 5 meter der Grønli er nær
ved å putte ballen i mål, men keeper Storøy får avverja. SIF2 går så
raskt i angrep og Øyvind Pickart blir spelt igjennom. Aleine med keeper
gjer han ingen feil og redusera til 1-3.
Kim's trettiande
Norborg svarar raskt, og endeleg er det toppscorar Kim Idar Krogsethagen
sin tur til å score. Han blir spelt fri av Grønli og skyt utagbart i
mål frå 18-20 meter. Dette var Krogsethagen sitt 30. seriemål
denne sesongen. To minutt etter er Norborg forsvaret litt passivt. Terje
Ottersen har ballen inne i straffefeltet, får snu seg og avsluttar med
eit skot som snik seg i mål heilt inne ved stolpen til 2-4.
Norborg med full kontroll
I staden for at SIF2 legg eit kraftig press på Norborg dei siste minutta,
er det oransjetrøyene som har ballen inne på SIF2 sin halvdel medan
publikum syng "seier'n er vår". Og på slutten av ordinær speletid bles
dommar Lund korrekt for straffe då Krogsethagen blir felt. Krogsethagen
sette sjølv straffa i mål til sluttresultat 2-5.
Sterk siger
Norborg spelte ein veldig god kamp i den sterke vinden på Hessa. Taktikken
med høgt press stemte perfekt, ein stressa SIF2 til å gjere feil og
innsatsen var upåklageleg. No skal vi ikkje ta heilt av, men i løpet
av denne sesongen har vi vel knapt sett ei betre midtbane i 4. divisjon
enn det Norborg hadde i dag. Sjølv då ein spelte i sterk motvind tok
midtbaneleddet tak i kampen. Utruleg sterkt gjort gutar.
Det er vanskeleg å velje ut enkeltspelarar i ein kamp som først
og fremst må seiast å vere ein lagsiger. Men dei fire på midtbana, Kristian
Holmeset Søviknes, Tarjei Gjerset Urkedal, Stein Erik Reitan og Eirik
Urkedal York, stille alle sterkt til tittelen banens beste, samt Geir
Ove Grønli som noterte seg for to mål og ein assist.
Norborg skal i neste runde ut ein ny bortekamp. Denne gongen mot FK
Sykkylven2 som desperat kjempar for å unngå nedrykk. Kampen går søndag
28. september.
Kommentarar etter kampen:
- Vi var litt sløve i 1. omgang, men etter pause var innsatsen veldig
bra av alle mann, trenar Sindre Hildre
- Dette er 4. divisjon sitt beste lag, supportar Endre Kalvø
|
|