|
Arena:
Uggedal stadion, 05.10.03
Tilskodarar: 60
0-1 (32)
1-1 Geir Ove Grønli (58)
1-2 (84)
Dommar: Torbjørn Krøvel (Ørsta) -5
Assistendommarar: Petter Lyshol og Odd Even Svindseth (begge
FK Sykkylven)
|
Laget:
Geir Roar Gamlem
Steffen Grytten
Kenneth Vegsund
Morten
Kalvø
Jan Even Drønnesund
- (Asgeir Kalvø, 76)
Kristian Søviknes
- (Jan Vatnehol, 76)
Eirik York
Stein
Erik Reitan
Tarjei Gjerset Urkedal
Edward Laverton
- (Kristian Søviknes, 89)
Geir Ove Grønli
|
|
Vigra
stal med seg alle poenga heim frå Uggedal grusen søndag. Norborg
hadde ballen mest og skapte dei fleste sjansane i begge omgangane, men
Vigra var mest effektiv framfor mål og vann på det.
Norborg mangla til denne kampen mange mann noko som blant anna førte
til at gutespelar Edward Laverton fekk sin debut frå start, og Jan Even
Drønnesund starta sin første kamp på eitt år.
Snytt for straffe?
Dei første tjue minutta av kampen var relativt tamme. Norborg hadde
ballen mest, men kom seg ikkje til dei heilt store sjansane. Men ved
halvspelt omgang får Norborg corner. Kristian Søviknes finn hovudet
til Geir Ove Grønli som frå 10 meter heada like over. Nokre minutt seinare
kom Eirik York seg inn i feltet og vart reven ned. Norborgarane ropar
på straffe, men dommaren vinka uforståeleg spelet vidare.
Vigra tek føringa
Etter denne situasjonen kjem Vigra seg lenger opp på bana og legg eit
lite trykk på heimelaget. Og då gjekk ikkje det lenge før det stod 0-1.
Vigra angrip på høgresida, og får slått ballen inn framfor mål der ein
vigring står heilt aleine og sette ballen mellom beina på Geir Roar
Gamlem og i mål.
Nesten for Laverton
Fem minutt seinare får Norborg ein stor sjanse. Grønli slår ein
løpeball på Laverton. Vigra-forsvaret og keeper ser ut til å ha kontroll,
men Laverton brukar farta si, kjem seg framføre forsvararen og når ballen
like før kepper og får avslutta. Ballen går forbi keeper og rullar
mot mål, men diverre går den nokre centimeter til side for mål, og stadig
0-1.
Fortent utlikning
Etter kvilen tok Norborg umiddelbart kommandoen i kampen, og etter 3
minutt fekk Søviknes ein bra mogelegheit etter eit gjennomspel av Stein
Erik Reitan. Men frå skrått hald sette han ballen på utsida av stolpen
frå 5 meters hald. Norborg fortsette å ha ballen og kjem seg til eit
par brukbare skotforsøk frå om lag 16 meter, men utan resultat. Etter
58 minutt får Norborg si fortente utlikning. Laverton jobbar godt og
har ballen ute på 16 metersstreken, sentra så inn til Reitan som skyt/sentra
inn til Grønli som sklir ballen i mål på bakarste stolpe.
Heimelaget pressa på
Nokre minutt etter får Tarjei Urkedal sjansen aleine med keeper etter
eit godt forarbeid av Grønli. Urkedal kjem litt skrått når han skal
avslutte og keeper får redda til corner. Søviknes slår hjørnesparket
inn på 5 meteren. Der står Morten Kalvø og får til ei bra heading,
men utruleg nok blir den redda. Her såg nok dei fleste ballen i mål.
Like etter får gjestane hjørnespark. Ballen blir slått inn framfor mål,
ballen rullar på streken før Jan Even Drønnesund får klinka den vekk.
Nye sjansar spolert
Ved halvspelt 2. omgang feiler ein Vigra-forsvarar ute på si venstreside.
Laverton brukar farta si, erobra ballen, spring mot mål og prøvar å
finte ut keeper, men den gode målvakta let seg ikkje lure å snappa
ballen. Tjue minutt før slutt får Urkedal sjansen, men skotet hans frå
13 meter går utafor. Minuttet
etter kontra Vigra og kjem seg til ein gedigen sjanse, men Geir Roar
redda meisterleg forsøket frå 14 meter.
Etter dette fell kampen i underhaldning for ei lita stund. Norborg har
lagt om til 4-3-3, noko som var eit spenstig forsøk på å få tre poeng,
men diverre mislykka. Norborg mista litt av bredda og Vigra fekk meir
rom på sidene. Knappe ti minutt før slutt kjem Vigra seg til sin andre
sjanse i omgangen etter ei tabbe av heimeforsvaret. Vigra sin nr. 8
kjem seg fri og prøver seg på ein lobb over keeper. Heldigvis for oransjetrøyene
gjekk forsøket over mål.
Vigra rana med seg tre poeng
Dryge fem minutt før slutt har Norborg mange mann inne i Vigra sitt
16 meter felt. Etter litt klabb og babb får Laverton ballen på 10 meter
og skyt, men nok ein gong stod keeperen i vegen. Men i staden for at
Norborg fek ei fortent leiing var det Vigra som rana med seg tre poeng.
Spelar nr. 32 får springe igjennom forsvaret å score på ein velplassert
markkrypar. Eit par minutt før slutt får Jan Vatnehol til eit bra skot
med retning vinkelen, men keeper var nok ein gong på plass. Like før
slutt er Vigra nær ved å auke si leiing når dei får avslutte i frå 16
meter, men skotet gjekk like til side for mål. Dermed endar kampen med
2-1 siger til Vigra.
Hadde fortent poeng
Norborg sløste som så ofte før med sjansane, og tapte denne "bronsefinalen"
mot Vigra. Heimelaget viste størst vilje i kampen, hadde ballen mest
og kom seg til eit to sifra antal sjansar, men sleit framfor mål.
Vigra virka til tider lite motivert, og skapte ikkje så mange sjansar.
Men dei få dei hadde var derimot store. Likevel, Norborg hadde fortent
poeng i dag.
På heimelaget var det ingen som hadde ein optimal kamp, men Geir Ove
Grønli kjempa godt, scora eit mål og skapte også sjansar for medspelarar.
Totalt sett var han Norborg sin beste, sjølv om han har ein tendens
til å lage unødvendige frispark. Vi vil også gi pluss til gutespelar
Edward Laverton. Han kjempa godt, og med fart og teknikk kom han seg
til fleire gode sjansar. Med vektlegging på avslutningar på
treningane i vinter så kan han bli ein hit i neste års 4.
divisjon. Banens beste var likevel Vigra sin keeper.
Dette var sesongens siste kamp, og spelarane får no ei velfortent
pause frå seriefotballen. Etter ei svak innleiing på året
har Norborg totalt sett gjennomført ein god sesong. Laget greidde relativt
raskt å innfri målsettinga om ståplass, men den reviderte
målsettinga om medalje greidde ein ikkje. Til neste sesong vil
ein miste Morten Kalvø på grunn av skule- gang i Australia.
Men dersom ein greier å halde på resten av spelarane, samt
få eit par spelarar i tilvekst ser vi ingen grunn til at Norborg
ikkje skal kjempe heilt i toppen neste år.
|
|