|
Norborg
- Vestnes Varfjell 2-2 (2-0), 3-4 på straffer 1-0 Kim Idar Krogsethagen
(21) Norborg med kommandoen frå start Norborg stilte med eit sterkt lag frå start i denne kampen, og tok då også kommandoen frå start. Den første sjansen var det Stein Erik Reitan som fekk etter ein corner. Han fekk stå upressa på 16 meteren å skyte, men skotet gjekk like over. Standarden var likevel sett, og Norborg kom seg til fleire meir eller mindre gode mogelegheiter dei første 25 minutt. Og ein mann var involvert i dei alle, nemleg vintercupen sin toppskårar Kim Idar Krogsethagen. Etter eitt kvarter fekk Norborg til eit fint angrep som vart avslutta med at Christopher Urkedal la 45 ut til Kim Idar som dunka til frå 15 meter, men keeper får blokkert. Returen tek Kim Idar seg av, men skotet hans gjeng ein etasje for høgt. Her burde det ha stått 1-0. To raske for Kim Etter dryge 20 minutt får så Norborg og Kim Idar mål. Christian Søvik legg fint inn til Kim Idar, som står ved bakerste stolpe. Kim Idar tek seg god tid å sette ballen i nettaket. Like etter aukar Kim Idar Norborg si leiing på ein utsøkt lobb over Erling Magne Slemmen i VV-målet, og dei 25-30 tilreisande Norborg-supporterane er i ekstase. Dette var Kim Idar sitt 9. mål i vintercupen. Etter dette roa Norborg seg, og Vestnes Varfjell spelar seg nærare og nærare Norborg sitt mål. Og i det 33. minutt er det klart for Vestnes Varfjell sin største sjanse i omgangen. Oddgeir Vikås kjem seg fri og får til ei god avslutning, men Geir Roar Gamlem er fullt på høgde å reddar. Mot slutten av omgangen startar Norborg å ta litt over igjen, men får ikkje til noko anna enn eit par brukbare avslutningar mot mål. Norborg dominerte store delar av denne 1. omgang, og burde nok ha leia med meir enn to mål. Forsvaret spelte med stor tryggleik, midtbana jobba godt, og spissande utgjorde alltid ein trussel. Vi telte 6 målsjansar til Norborg, og berre ein skikkeleg til Vestnes Varfjell i denne omgangen. Markeringssvikt ga redusering Dei første minutta etter kvilen startar jamt, men det er likevel tydeleg at romsdalingane har bestemt seg for å vinne fleire duellar. Åtte minutt ut i omgangen får V/V corner. Ballen blir slått inn i feltet, Norborg får ikkje klarert, og frå 7 meters hald sette Helge Kjørvik ballen forbi både keeper og to norborgarar på strek. Eitt litt billeg mål der markeringane sviktar. Etter reduseringa får vi ein kvarters periode med Norborg press, men utan resultat. Geir Ove Grønli var nærast mål på ei heading som vart redda på strek. Norborg hadde i denne perioden fleire gode forsøk på hjørnespark. Vestnes tek over kampen Ved halvspelt 2. omgang starta V/V det som skulle bli eit massivt press. Først dunkar dei eit frispark like over. Eitt minutt etter det måtte Geir Roar ta fram det beste i seg etter ei avslutning frå 7 meter. To minutt seinare rotar Norborg det til på høgresida, og ein V/V spelar får springe mot mål, men avslutninga hans går i nettveggen. Så er V/V endå nærare utlikning når ein skyt via ein Norborg-spelar og i stolpen. Norborg kan vere lykkelege for at ein stadig hadde leiinga. Etter denne perioden med mange V/V sjansar får så Norborg igjen flytta spelet litt opp på bana. Fire minutt før slutt er Norborg i angrep, men misser ballen på 16 meteren. V/V kjører ei rask kontring på høgresida. Vikås blir spelt igjennom, og åleine med Geir Roar gjer han ingen feil å sette ballen presist til side for keeper og i mål. Stillinga blir då 2-2, og kampen gjekk dermed til straffesparkkonkurranse. Her viste Vestnes Varfjell seg som det beste laget og vann 4-3. Norborg såg ut til å ha kontroll på kampen fram til midtvegs i 2. omgang, men etter det såg det ut som nokon sløkte lyse. Ein tapte duellane, slurva med pasningane og fekk stor strekk i laget. Vestnes Varfjell tok då over kampen, skapte mange sjansar, og fekk til slutt ei fortent utlikning. I straffesparkkonkurransen brente Norborg to av dei tre første, og tapte til slutt 3-4. Eit slitent Norborg-lag måtte dermed konstatere at det ikkje vart nokon finale siger denne gongen heller. Av: FSE |
|
| tilbake | skriv innlegg |